INNLEIING -
OM Å VAKNE BRÅTT OG BRUTALT

"Overlat til andre å gjøre det som de kan gjøre like godt som du" sa Fridtjof Nansen til sonen sin. I fyrste omgang høyrest dette særs greitt ut - men, orsak: Kven skal døme om kven som kan gjera ting "like godt" eller betre?

Eg har også i mange år fått denne roande kommentaren: "Ta det med ro - alle er imot atomvåpen og atomkraftverk, det kan de andre ta seg av, gjør du det som bare du kan gjøre!" Ein vil også så gjerne tru på dette - ein kan ikkje tenkje seg at vanlege folk, dei som ikkje skal tene på atomkraftverk, skal finne på å vera positive til slike uhyrlege saker.

Eg hadde altså også lulla meg inn i den tanken at her var det sterke folkekrefter på gang, dei jobba mot både atomkraftverk og atomvåpen, og alt kom nok til å gå i rett retning. Hadde dei ikkje måtta gjeva opp å setja i gang eit atomkraftverk som alt var laga i stand? Vanlege folk kan mykje når dei berre vil!

Så vakna eg med eit sjokk - og veit dagen og datoen: 28. april 2001 fekk eg vita at Euratom hadde avgjort at dei skulle kunne setja radioaktive stoff til vanlege forbruksvarer - berre tynna ut så det kom under ein viss dose stråling. Det vart også sagt at det norske storting hadde teki imot dette utan protest . . .

 

Avisene - vårt demokratis hovudproblem

Før eg går vidare, vil eg få peike på vårt demokratis verste problem for tida: Avisene. Dei er nok prega av ein journaliststand som kan like lite historie som etterkrigsgenerasjonen gjerne kan, og som dermed heller ikkje kjenner seg forplikta av det demokratiet vi hadde kjempa oss fram til. Eg har sjølv skrivi om "Goebbelstaktikken i fortid og notid" - og den som vil, kan lesa den boka for å få meir greie på det eg meiner. I dei åra som har gått sidan eg gav ut boka, har situasjonen berre blitt verre, og eg ville vori krassare i dag dersom eg skulle skrive boka omatt. Dei verkelege sakene som folk bør ta stilling til, kokar bort i ein kål av sensasjon kring badekar på slottet og andre ting der journalistar let fantasien løpe løpsk så det står etter.

Den som trur at avisene no for tida verkeleg tek på seg å gje folk opplysning om det som skjer i samfunnet og som vi bør ta stilling til, kan sjølv prøve å få eit ytterst sakleg innlegg om farer ved radioaktivitet inn i avisene. Vedkomande kan prøve å skrive om t.d. Chris Busbys forsking. Kor mange aviser hadde "plass" til å fortelja oss om at han kom til Noreg?

I tillegg bruker avisene trykksverte på rein løgn. Slikt burde det vori enkelt å "arrestere", men når mange aviser skrik opp om det same, har fleire opplevd at det er umogleg å koma fram med det som er korrekt. Det ser ut til å vera like vanskeleg som å stoppe bygdesladder som ein gong er sett i gang.

I våre dagar har vi dessutan ein type løgn som dei fleste ikkje kallar løgn. Lat oss kalle det "fortolkingsløgner". Vi veit jo nemleg at folk kan ha mange grunnar for det dei gjer, og ofte forklarer dei handlemåtar på ein vakker måte - og så er det alt anna som ligg bak. Ut frå dette har vi i våre dagar teki oss rett til å tolke andres handlingar ganske fritt. Anten det gjeld folk som plar å gøyme seg bak vakre talemåtar eller det er folk som er nokså direkte i all si ferd, finn vi "bakenforliggende motiver". Og her kan vi koma verkeleg ut å køyre med mangfoldige "goddag-mann-økseskaft". Ein politikar får merkelappen at han gjer det han gjer av "blott og bar pengeinteresse". Ein annan må li av seksualangst. Ein tredje lir nok av mindreverdskompleks ettersom han masar så om kor vanskeleg det er å få gjennomført dette og hint. I vår tid grip vi både til materialistisk fortolking og freudianske fortolkingar når vi skal "pælme ned" ein politikar.

Mange flirer av slikt. I lengda kan det jo også bli komisk når alt i politikken skal bli fortolka i freudiansk mønster. Og likevel hender det at det komiske ved forklaringsmodellen klistrar seg til den det tala om, ikkje den som opphaveleg brukte forklaringsmodellen. Så er vi på ein måte vaksinerte mot å høyre på vedkomande. Da kan alvorlege varselrop om noko som er gale i samfunnet, blir tolka i retning av at det er ein som er "PR-kåt". Dersom det biletet festar seg, kan vedkomande seia omtrent kva det skal vera, vi har jo avslørt at det er inni han sjølve problemet ligg! Det blir eit slags "samfunnets fasitsvar". Det som kan gjera ein skeptisk til slike fasitsvar, er korleis dei blir utnytta. Eg har enno ikkje sett fasitsvara bli brukte mot den som har reell makt i samfunnet. Men derimot mot dei som er i opposisjon til makta.

I neste omgang opplever vi kanskje ei nedlatande og gjønete tone i intervju i fjernsyn og radio. Også den blir gjerne brukt mot folk som er i opposisjon, ikkje mot dei som har makta. Det er som om intervjuaren vil signalisere til folk at dei skal mistru nett dette intervjuobjektet. Den som har lesi ein del om mellomkrigstidas soge, veit at slikt ikkje er uvesentlege detaljar. Men når ein protesterer på ljugeriet og den gjønete og nedlatande tonen overfor enkelte personar og meiningar, får ein radt svaret: "Herregud ikke vær så gravalvorlig da, en må da tåle litt" - For den som kjenner til korleis mange løgnbekker små lagar ei heil Goebbelså, er slik argumentasjon heller malplassert! Korkje om vanlege folk, om kongelege eller bønder eller kjendisar eller politikarar eller diktarar bør vi tillate oss løgner. Vi må få ta stilling til det folk seier sjølv, ikkje få klar melding gjennom fjernsyn og radio om kva vi skal tru på. Det må vera menneskekunnskap, ikkje maktforhold som avgjer kor lydhøre vi er overfor dei som tek til orde i debatten.

Problematikken blir ikkje mindre ved at enkelte faktisk trur at det berre er negative ting som er sant. Ut frå denne - noko svartsynte - trua kan løgner koma lett til i avisene og rein sanning bli utelukka. Bygdesladder for nokre generasjonar sidan hadde ikkje så store sjansar til å gjera skade som den sladderen som i våre dagar får bein å gå på i avisene. Snart "veit" "alle" det løgna fortel om - og sanninga druknar i det underlege postulatet at det alle trur, må vera sant. Og kvifor trur alle det? Avdi det stod i avisene. Og kvifor tok avisene det inn? Avdi ein eller annan der trur at berre det negative kan vera sant. I denne ringdansen har mange direkte løgner fått eit langt liv, medan sanninga er godt og vel gøymt bort i hjartet til dei få som verkeleg kjenner til saka.

Det hadde vori godt om avisfolk sa til seg sjølv at: Det at ei soge eller ein karakteristikk er negativ, er ikkje noko prov for at den er sann. Og: Ikkje alle negative karakteristikkar er verdige til å koma i avisa.

Eg har også liten sans for det når ein demonstrasjon som endar i bråk blir referert i kjempesensasjons-trykk, medan vi ikkje høyrer noko om dei tilfella da demonstrantane har klart å stoppe provokatørane.

Til forsvar for avisene kan ein kanskje seia at dei trur dei er demokratiske når dei skrik opp om slåsskampen og gløymer den verdige demonstrasjonen. Men Goebbels ville gjort plent det same - for å slå ned demokratiske element i samfunnet. Avisene trur kanskje også dei er demokratiske når dei skrik opp om detaljar i inventaret på slottet?

Eg kan ikkje finne annan grunn til dette underlege fenomenet enn utbreidd mangel på historiekunnskap i vårt samfunn av i dag. Dermed veit journalistane for lite om vanskane ved å skapa eit verkeleg folkestyre. Og har tilsvarande forakt for det vi har komi fram til, og er tilsvarande lettbeinte til å hoppe på nye løysingar, nye tolkingar - og kvasiproblematikk i samanhengen. Trur dei for øvrig verkeleg at du og eg og vi alle ville få meir å seia i samfunnet vårt dersom slottet kjøpte funkisbadekar på loppemarked?

Det som stort sett kjem fram i avisene om historia vår, er nye tolkingar av gamal historie - gjerne "avsløringar" av at vi slett ikkje var så storarta som vi trur den gongen og den gongen. Den som har litt meir bakgrunn, ser som oftast at dei nye "avsløringane" - som liksom skal gjera at vi må revurdere heile soga vår - berre er nye trekk i eit bilete som ikkje på noko vis blir vesentleg endra ved dei nye trekka.

 

Om å "tørre"

Eit avisideal vi ofte høyrer om, er å "tørre" "der andre tier". Det ser ut som om avisene våre for tida er særs tapre i å gå til åtak på menneske som anten ikkje kan forsvara seg eller ikkje har det for vane. Dei som er døde og gravlagde t.d. Eg hugsar da ei avis fortalde oss at ein mann som døydde 1758 var ein quisling. Denne mannen levde altså 200 år før Quislings tid i norsk politikk. Han kunne sjølvsagt ikkje ta stilling til Quislings politikk der han låg i grava si. Denne avisa var verkeleg tapper - ikkje sant? Dei kunne i det minste vera trygge på å ikkje lande i rettsak i ein slik samanheng. På denne måten kan alle avisene vår "tørre" å seia ting som andre ikkje seier. Det gjeld berre å ha litt fantasi!

Fridthjof Nansen har av enkelte blitt utropt til å vera ein forløpar for nazismen i Noreg. Rota til dette er å finne hos Quisling som nokså krampaktig køyrde på det at han hadde samarbeidd med Nansen. Det var hans reklame for seg sjølv. Den som har lesi ein del av Nansen og studert hans engasjement i ulike retningar, er samde med son til Nansen om at dette var misbruk av Fridtjof Nansens namn. Men jamen er det enkelte som let dette få trykksverte-venger framleis. Finst det nokon som trur at ein tener demokratiet ved å ta Quislings sjølvreklame for god fisk?

Men Fridtjof Nansen er død, og det er ingen fare med å "tørre" i den samanhengen.

 

"Skrækkampagne" og Euratom-direktivet

Det farlege for oss er at folk framleis stort sett trur at avisene gjev eit verkeleg bilete av det som skjer. Og lat oss no titte litt på Euratomdebatten i Danmark. 27. april 2001 skriv Otto Carlsen "Folkebevægelsen havde ret". Denne overskrifta knytter seg til noko som har stått i avisa Information to år før: "Folkebevægelsen laver skrækkampagne" .

Det gjeld altså den danske folkerørsla mot EU som tydlegvis i april 99 har dregi fram EU-direktiv 96/29. Etter artikkelen til Otto Carlsen å døme, har Information den 16. april fortalt folk at dette var "skrækkampagne" og 22. april kjem så Ditte Staun og Jan Kappel med sitt svar. Sjølve debatten frå 99 har eg ikkje, men eg siterer frå Otto Carlsens resymé to år seinare - der han siterer Ditte Staun og Jan Kappel:

"Vi står overfor en helt ny problemstilling i verdenshistorien: Skrotning af første generations A-kraftværker. Det betyder at - løst anslået - 30 mio. tons radioaktive murbrokker, stål og andet bygge- og installationsaffald, skal opbevares for tid og evighed i specielle beholdere specielle steder, hvis ikke man finder andre og billigere udveje."

Eit anna sitat frå same artikkel:

"Fra 2. verdenskrig til i dag, er verden blevet beriget med en helt masse nye menneskeskabte isotoper og videnskaben har løbende måttet korrigere sig selv med hensyn til farligheden af radioaktiv bestråling - hver gang til det værre."

Denne kraftsatsen har eg møtt mange stader - og det undrar meg litt at vi gjennom media får inntrykk av at det er plent motsett, at folk no har roa seg når det gjeld radioaktivitet og blitt mindre redde - og at det er i samsvar med vitskapens resultat. Her står det jo beint fram at vitskapen har gått motsette vegen -!

If. dateringa i Otto Carlsens artikkel er det for øvrig same dag, 22. april at Bertel Haarder skriv:

"Det EU-direktiv (96/29) der omtales som roden til dette skræmmende, men altså falske scenarie, handler først og fremmest om beskyttelse af arbejdstagere, som i forbindelse med deres arbejde udsættes for radioaktiv stråling."

Nettopp denne setninga er verd nærmare studium. Avdi det han svarar med, er at direktivet "først og fremmest" talar om "beskyttelse av arbejdstagere". Ja! For det er det som står i overskrifta!

"Rådets direktiv 96/29/Euratom af 13. mai 1996 om fastsættelse af grundlæggende sikkerhedsnormer til beskyttelse af befolkningens og arbejdstagernes sundhed mod de farer, som er forbundet med ioniserende stråling- "

Har Bertel Haarder da greidd seg med å lesa overskrifta og ikkje lesi meir?

Eller: Har han den trua at eit regelverk blir gyldig etter demokratisk fleirtalsforhold? Slik at dersom flesteparten av paragrafane dreier seg om "beskyttelse av arbejdstagere", så gjelds ikkje dei andre paragrafane, og det dei seier er eit "falsk scenarie"?

Etter det eg har opplevd hittil i livet, er det slett ikkje slik i jussens verd. Den minste paragraf seier det han seier, og blir ikkje ugyldig for det om andre paragrafar gjeld andre ting.

Derimot vil det vera ein ypperleg kamuflasje for upopulære lover og reglar å balle dei inn i lover og reglar som har meir positiv utsjånad.

 

Euratom-direktiv og "rettferdiggjort" skade

Det står faktisk masse om overvåking og legekontroll og slikt her. "Særlig beskyttelse under graviditet og amning".

"Så snart en gravid kvinde i overensstemmelse med national lovgivning og /eller praksis underretter virksomheden om, at hun er gravid, skal beskyttelsen av det ufødte barn svare til beskyttelsen af enkeltpersoner i befolkningen".

Det høyrest ut som om dei tek spesielt omsyn til spirande liv - Men når eg tenkjer på alt som har skjedd før det er komi så langt at ei kvinne veit ho er gravid, kjenner eg meg ikkje viss på at dette er nok. Og kva ligg i formuleringa "beskyttelsen av enkeltpersoner i befolkningen"?

Men meir alarmerande formuleringar er putta innimellom dei andre. Det står også i direktivet:

"Medlemsstaterne sikrer, at alle nye klasser eller typer av praksiser, der medfører udsættelse for ioniserende stråling, inden de først vedtages eller først godkendes, er retfærdiggjort ved deres økonomiske, samfundsmæssige eller andre fordele i forhold til den sundhedsskade, som de måtte forårsage."

M.a.o.: Her er det klart at ein godkjenner skader, godkjenner at folk kan få øydelagt helsa si - og påstår til og med at den slags kan bli rettferdiggjort ved økonomiske, samfunnsmessige eller andre fordeler. Tankegangen er for så vidt ikkje ukjent frå før. Vi veit korleis ungar vart brukte i gruvedrift og industri på ein måte som tok helse og liv frå dei - og likeeins har vaksne blitt brukte i mange slags skadeleg verksemd. Som andre dreiv - og tente på. Industriherren tykte det var okey, i hans tankegang var dette berre slikt som var rimeleg når ein tenkte på kor mange økonomiske fordelar han fekk og kor storarta det var for samfunnet å ha fabrikken hans. Arbeidarane og familiane deira var forbruksvarer i hans tankegang.

Vi kjenner altså att ein tankegang som går ut på at einskildpersonar og einskilde kapital-grupperingar forbruker medmenneske for sitt formål.

Det uhyggelege ved saka er at det her er servert som prinsipp i eit regelverk vi alle er inviterte til å byggje inn i lovene våre. Dette regelverket har eit vakkert namn, og det ser ut til at dei fleste berre gapar opp og tek imot. Når det så av Folkebevægelsen i Danmark blir sett lys på mindre hyggelege sider ved dette regelverket, blir det sagt at dei målar ut eit "falsk scenarie" og at det dreier seg om "beskyttelse av arbeidstagere".

Det står for meg som ganske utruleg frekt å late som om ein nettopp tenkjer på einskildmennesket og skal passe på det samstundes som ein presiserer at mennesket er til for kapitalen sin skuld, skader på helsa kan vera rettferdiggjort av økonomiske fordeler.

Men ein anar kanskje også her ei viss inndeling av menneske: Den nye adelen som ein skal ta omsyn til, det er dei som er utsette for stråling i arbeidssituasjon. Dei andre, som skal få smådosar i forbruksvarer, skal jo ikkje støtt og stendig til helsekontroll. Det er dei som kan få leva og døy for økonomiske fordeler til atomkraftverket og dei som driv det.

Den tankegangen som vi her blir inviterte til å byggje inn i lovene våre, er i seg sjølv uhyggeleg. Enda verre blir det når vi tenkjer på kva slag stoff det gjeld. Det forbruket av barn og unge som gjekk føre seg i industrien før vi fekk lov mot barnearbeid, det var slikt som skadde den einskilde og let han eller ho døy tidleg - men da arbeidarane hadde gjennomført sin kamp og hadde fått igjennom det dei ville, kunne nye generasjonar av barn starte med "blanke ark" og få eit sunt liv. Likeeins med dei vaksne: Mange gjekk for tidleg i grava på grunn av arbeidsforholda - men nye generasjonar fekk eit anna liv.(1)

Ikkje slik med radioaktiviteta som ikkje berre skader ungar og vaksne no, men som kan verke gjennom oss på nye generasjonar og halde på og halde på i framtida også. Radioaktivitet har konsekvensar vi ikkje har oversyn over.

Når vi kjem til ein paragraf om kor mykje stråling ein skal godkjenne på "befolkningen som helhed" kjem vi så attende til dette at økonomiske og sosiale faktorar avgjer: "bestrålingen" skal nemleg "holdes på et så lavt niveau, som det med rimelighed er muligt under hensyn til økonomiske og sociale faktorer."

 

Euratomdirektivet og definisjon av radioaktivitet

Skal vi sjå meir på dette direktivet som i følgje sine proklamasjonar altså berre er til for å "beskytte arbejdstageres sunnhed"? Her blir det endra på definisjonen av radioaktivitet. Før var radioaktivitet radioaktivitet, d.v.s. stråler som ein kunne måle med eit visst instrument - no har det, Gud hjelpe meg, blitt eit svevande og uvisst omgrep:

"Radioaktivt stoff: ethvert stof, som indeholder en eller flere radionuklider, hvis aktivitet eller koncentration for så vidt angår strålebeskyttelse ikke kan lades ude av betragtning."

Dette vart mykje kattevandring kring varm graut, det! Jau, stoffet er radioaktivt dersom det inneheld radionuklider - men desse skal altså ha ein viss aktivitet og konsentrasjon, nå eit visst nivå radioaktivitet for at ein skal kunna bruke ordet radioaktiv? Ikkje berre det - men denne aktiviteta eller konsentrasjonen skal vurderes "for så vidt angår strålebeskyttelse".

Her er vi på utrygg is. Omgrepet "strålebeskyttelse" blir servert som om det var eit eintydig og greitt omgrep, men det heng saman med det atom-spørsmålet vi eigenleg veit minst om: Kor mykje toler vi eigenleg? Dei har jo komi fram til tal om kor mykje menneske skal tåle av stråling utefrå - og det vil ein la gjelde for alle tilfelle. Men samstundes er det forskarar som seier at dersom dei radioaktive elementa har komi inn i kroppen, toler vi mykje mindre.

Og så toppen av all kattevandring kring varm graut: "Ikke kan lades ude af betragtning." Ein får hug til å kommentere at: Høyr her, Euratom, klarte du verkeleg ikkje å finne ei enda meir tåkete formulering? Skal vi for øvrig prøve ei respektlaus omskriving av heile saka? Altså: "Radioaktivt stoff er alle stoff som inneholder en eller flere radionuklider som er så sterke at ikke en gang Euratom kan bortforklare det!"

Lat oss i det minste prøve å skrelle av alle formuleringar som minner om mjuke kattepotar og konstatere: Dei endrar definisjonen av kva som er radioaktivt. Dei gjer definisjonen avhengig av vurdering - ei menneskeleg vurdering. Elles talar vi ofte om "menneskeleg svikt", men i denne samanhengen skal det skrøpelege fenomenet som heiter menneske, altså avgjera kva som er sterk nok radioaktivitet til at det skal bli kalla radioaktivt.

Desse paragraf-orda er for øvrig så saklege og verdige av seg. Tittar vi etter, ser vi at den passive forma på verbet har sitt å seia når vi får det inntrykket. Nettopp det at denne forma er brukt, får oss til å tru at alt er så objektivt. "Lades ude av betragtning" fortel jo ikkje noko om kven som skal "lade det ude av betragtning". Det verkar som noko sakleg og allvitande er på gang og avgjer kva som kan "lades ude". Men finst det ein slik allvitande instans mellom menneske? Vi "vanlege" folk bør ta oss på tak og spørja rett ut: Kven skal vurdere kva som er naudsynt når det gjeld "strålebeskyttelse", og kven skal vurdere kva som er sterk nok radioaktivitet til å få namnet - - - Eg har mistanke om at det er menneske som er knytta til atomindustrien og økonomisk avhengig av den som skal vera den store vurderingsinstansen.

Når alt kjem til alt: Kva kan dei oppnå ved å endre definisjonen på radioaktivitet på denne måten? Å kunne gje folk radioaktive varer utan å måtte merke dei og seia at dei er radioaktive? Når ein ser det i heild og tenkjer på Euratoms stilling, gjev paragrafen ein lei ettersmak av at vi her endrar ein klar vitskapleg definisjon på ein måte som gjev kapitalen bak atomindustrien rett til å skreddersy definisjonar som passar for dei.

Er det for øvrig nokon sak å laga eit direktiv der det verkar som om ein er full av omtanke for einskildmenneskets helse når ein alt i utgangspunktet har avgjort at det er ein del radioaktivitet ein ikkje kallar radioaktivitet - - - ?

 

Euratomdirektivet og "bortskaffelse" av radioaktivt materiale

Nå kjem ein til det problemet at når direktivet talar om "bortskaffelse, genvinding eller genanvendelse af sådanne stoffer eller materiale" talar dei om "frigivelsesniveauer", og seier at desse "frigivelsesniveau" skal vera "udarbejdet af de kompetente nationale myndigheder". Dei "kompetente nationale myndigheder" skal likevel halde seg pent til prinsipp som er fastsett av Euratom i bilag I (som eg skal koma tilbake til).

For øvrig treng ein ikkje melde frå om "bortskaffelse, genvinding eller genanvendelse" i alle tilfelle - berre dersom stoffet "hidhører fra en operation, der er omfattet af kravet om anmeldelse eller tilladelse" - Ja, slik skal ein seia det, så må folk slå opp litt ekstra og bli litt ekstra forvirra - - - men nettopp det gjer kanskje menigmann litt ekstra skeptisk? Kva er det som er "omfattet av kravet om anmeldelse" - jau, det er enkelt sagt radioaktivitet over eit visst nivå - jamfør kapitlet om "meir kattevandring".

I artikkelen av Otto Carlsen fortel han om da Folkebevægelsen i Danmark fekk høyre at dei dreiv skrekk-kampanje. Det var i 99 da dei ville ta opp kva slag konsekvensar Euratom-direktiv 96/29 kunne få. Så held Otto Carlsen fram med å vise til eit "udkast til bekendtgørelse om ændring af den danske radioaktivitets-lov". Eg siterer:

"Vi vil nu ordret (så man ikke beskylder os for at dramatisere) fra bekendtgørelsens liste over "Principper for frigivelse af aktive stoffer" Og vi vil tage selve det indledende princip:
"Radioaktive stoffer eller materialer, som indeholder radioaktive stoffer, kan frigives fra den kontrol, de er underlagt på grund af deres radioaktivitet, når særlige strålebeskyttelsesmæssige krav med hensyn til aktivitetsmængder m.m. er opfyldt. I praksis indebærer dette, at frigivne radioaktive stoffer kan behandles og håndteres som ikke-radioaktivt materiale. Frigivelse kan f. eks. omfatte bortskaffelse som ikke-radioaktivt affald eller genvinding eller anvendelse af pågældende materialer".

Her går det altså fram at ein skal kunne handtere radioaktivt materiale som vanleg søppel dersom ein berre har blanda inn såpass av anna materiale at ein får radioaktiviteta ned under visse verdiar.

Når Euratomsdirektivet talar om "bortskaffelse" er definisjonen slik:

"Placering af affald i et depot eller andet bestemt sted, uden at det er hensigten at tage det tilbage. Bortskaffelse dækker ligeledes godkendt, direkte udledning af affald i miljøet med efterfølgende spredning."

Klart og tydeleg blir det her sagt frå at radioaktiviteta skal bli spreidd i miljøet. Det er dette dei kallar "bortskaffelse".

 

Euratomdirektivets tredje avsnitt - meir kattevandring

Det eg fekk høyre 28. april 2001, var at Euratom hadde gjort det slik at ein no kunne bruke radioaktivt materiale i forbruksvarer - berre tynna ut slik at det ikkje kom over visse nivå.

Som eg alt har nemnt, står det ikkje noko om dette i overskrifta i direktivet. Ein må heller ikke tru at Euratom med brask og bram forkynner at "heretter skal ein kunne bruke radioaktivt materiale i forbruksvarer" - nei, langt frå det. Ein må "kryss og tvers-lesa" ikkje så lite. Titte på definisjonen på den eine sida og unntaka på den andre, bla både fram og tilbake -

Det slår meg at det ikkje er nokon sak å finne sitat som verkar trygge og sikre og roande. I permen der eg har Euratomdirektivet har eg også eit ark der det står EF-Tidende NR. L 159 Af 29/06/1996 S.0001-0114. På dette arket er det prenta nokre paragrafar eg kjenner att frå direktivet, og det står også øvst at det er dette direktivet som er "Kildemateriale". Arket verkar oversiktleg og greitt, sjølv om det er rot når det gjeld avsnitt og overskrift - overskrifta til avsnitt 4 står over nokre paragrafar frå avsnitt tre. OG! Av avsnitt 3 er det berre artikkel 4 og 6 som er referert. Kvifor ikkje meir av avsnitt 3?

Dermed blar eg attende til sjølve direktivet for å kontrollere.

Avsnitt III gjeld "anmeldelse og tilladelse til praksiser". Og her må ein halde tunga beint i munnen. For det opnar med å vise til artikkel 2. Denne artikkelen fortel på kva slag område artikkel 3 skal gjelde - - - !

Og artikkel 2 fortel at direktivet gjeld "for alle praksiser, som indebærer risiko for ioniserende stråling". Vi treng for så vidt ikkje meir i denne omgangen. Resten av paragrafen driv nemleg berre med presisering om kunstige eller naturlege strålekjelder og kva slag praksis som kan koma på tale.

Altså: Artikkel 3 fortel at "alle medlemsstater skal kræve, at udøvelse af de praksiser, der er nævnt i artikel 2. stk. 1, anmeldes, undtagen hvor andet er fastsat i nærværende artikel."

Og SÅ! kjem altså unntaka fyrst. Ein treng ikkje "anmelde" ein praksis som involverer radioaktive stoffer såfræmt de pågjældende mængder ikke tilsammen overskrider de undtagelsesniveauer, der er anført i bilag I, tabel A, kolonne 2 -

No, kjære lesar! Tunga rett i munnen! "Radioaktivt stoff" var jo alt i følgje definisjonen ikkje kort og godt radioaktivt stoff, men stoff som var radioaktive over eit visst nivå. I tillegg til dette skal vi over på ein tabell i eit bilag for å finne nokre "undtagelsesnivåer" ??? Dersom det går deg, kjære lesar, som det har gått meg, så er tabell A til Bilag I ikkje å finne -

Det er ganske frustrerande å lesa eit direktiv der det blir vist til opplysningar som ein ikkje får tak i. Men dei som har hatt høve til å granske tabell A, fortel at stoff som atomindustrien ikkje er i "beknip" med, har fått låge grenseverdiar, og stoff som dei treng å bli kvitt, høge. I ein artikkel av Chris Busby som er omsett til dansk og prenta i "Global Økologi", står det:

"For strontium-90, som man ved giver genetiske skader, spædbørnsdød, knoglekræft, leukæmi og medfødte hjertefejl, er grænsen 100.000 Bq/kg. Under den koncentration er der intet krav om autorisation eller indberetning - man kan sætte det ud til skraldemanden. Det nye Euratom-direktiv er altså 250 gange lempeligere end det gamle. Tilsvarende eller større lempelser er der for alle andre radioaktive stoffer."

250-dobling av verdier for eit stoff vi er vane med å vurdere som heller skummelt - eit av dei stoffa som kan klare å slå seg til inne i kroppen vår!

Noja, lat oss da gå attende til teksta vi gjekk bort frå da vi skulle finne fram i tabell A. Det står faktisk at ein ikkje treng "anmelde" at ein driv med noko som er radioaktivt dersom radioaktiviteta er under dei og dei grensene - som finst i den tabellen - - - Litt lenger ned står det at "de enkelte medlemsland" kan endre på desse verdiane - men likevel må dei rette seg etter Euratom i og med at dei må "opfylde" "grundleggende generelle kriterier i bilag 1".

Neste del av artikkel 3 går ut på at ein ikkje treng anmelde praksis som involverer radioaktive stoff "hvis konsentration pr. masseenhed ikke overstiger de undtagelsesniveauer, der er anført i bilag 1, tabel A, kolonne 3"

Altså enda ein gong tilvising til den gåtefulle tabellen. Så kjem unntaket med medlemslanda ein gong til.

Ein treng heller ikkje "anmelde" apparat som inneheld radioaktive stoff dersom dei er typegodkjente av "medlemsstatens kompetente myndigheder" o.s.b. (Den som strevar seg i gjennom dette, kan ikkje anna enn spørja korleis det går med desse apparata når dei skal "på søpla"?)

Så til slutt i artikkel 3 kjem ein paragraf som får det til å støkke i meg. Denne gjeld

materiale, der er forurenet med radioaktive stoffer som følge af tilladte frigivelser, som de kompetente myndigheder har erklært ikke skal kontrolleres yderligere.

Det er altså mogleg at "kompetente myndigheter" kan erklære at radioaktivt stoff ikkje skal bli kontrollert "ytterligere". Kva i vide verda skal ei slik erklæring vera til? Er det farleg med etterkontroll - eller er adressen den delen av miljø-rørsla som kan tenkje seg å gå ikring med måleapparat? Eg må ta teksta ein gong til: Det

"kræves ikke anmeldelse af praksiser, som involverer materiale, der er forurenet med radioaktive stoffer som følge af tilladte frigivelser, som de kompetente myndigheder har erklæret ikke skal kontrolleres yderligere."

Det ser ut som om det skal bli farleg for den som vil kontrollere kva for slag forbruksvarer som er "forurenet" med radioaktive stoffer - - -

Men lat oss skunde oss over til artikkel 4, denne artikkelen som var så fint satt opp på det arket som heitte "EF-Tidende".

Alle medlemsstater skal kræve forudgående tilladelse for følgende praksiser, undtagen hvor andet er fastsat i denne artikel -

og så kjem "Drift og nedlukning" av "anlæg i den nukleære brændselscyklus" - det høyrest for meg ut som atomkraftverk - OG! tilsetjing av radioaktive stoff til legemiddel, OG! tilsetjing av radioaktive stoff "ved produktion og fremstilling av forbrugsvarer" - der har vi det, ja, det står rett og slett at det er mogleg å setja til slike stoff til forbruksvarer -

Men du verda så trygt og bra det ser ut. Det står jo nemleg at ein skal "kreve" "tillatelse" - - - Isolert verkar difor denne artikkelen både trygg og grei - ein ser for seg at det sit ansvarlege folk og styrer og neitar dei å setja til slike radioaktive stoff til forbruksvarer.

Det er berre ein lei hake ved det - og det er at i dette direktivet skal orda "radioaktivt stoff" tyde alle stoff som inneheld radionuklider hvis aktivitet eller konsentrasjon ikke kan lades ute av betraktning - - - Dersom ein eller annan skjult instans har avgjort at ein type radioaktivitet skal "lades ude af betragtning", er det altså if. definisjonen framleis heilt greitt å ikkje "anmelde" eller "kræve forudgående tilladelse". Vi er enda ein gong avhengig av dose. Radioaktiviteta må opp på eit visst nivå dersom det skal vera naudsynt med "forudgående tilladelse". I artikkelen før denne vi har lesi her, stod det også reint ut at ein ikkje trong "anmelde" stoff som hadde mindre stråling enn det som var sett opp i tabell A i bilag I.

M.a.o.: Når ein tek omsyn til det som står i dei andre paragrafane, blir artikkel 4 ikkje så mykje ein paragraf om at ein må krevja "tillatelse" for å setja radioaktivt materiale til forbruksvarer som det er ein paragraf som tipsar oss om at dette er mogleg. Berre radioaktiviteta kjem under ei viss grense, så! - - - Når sjølve ordet "radioaktivitet" dessutan har blitt avhengig av grensesetjing av ein skjult instans, så ser eg brått for meg eit oppslag frå blåtrikken ein gong for mange år sidan. Der var det ein reklameplakat av ein fyr som stod med eit glas som skumma av øl i handa - og teksta var: "Nei, nei, det er forbudt å brygge øl av Moss maltekstrakt!" Med det hadde ein i alle høve tipsa folk om at det var mogleg å gjera det.

Artikkel fire, som var sitert i EF-tidende og som verkar så sikker og trygg, får når ein ser han i samband med paragrafar før og etter eit tydeleg preg av reklameteknikken: "Det er forbudt å brygge øl - - -"

Artikkel 5 gjeld søpla - og den har eg alt skrivi om. Så kan vi titte på artikkel 6 - særleg punkt fem under denne artikkelen:

"Medlemsstaterne må hverken tillade forsætlig iblanding av radioaktive stoffer ved fremstilling af levnedsmidler, legetøj, prydgenstande og kosmetik eller import og eksport af sådanne produkter."

Her vil eg gjerne minne om at "EF-tidende"-arket hadde ein pen og pynteleg presentasjon av paragraf 4 og 6 - altså dei der det står om at ein skal kreve "forudgående tillatelse" for enkelte ting - t.d. den nemnde "forsætlig tilsætning" av radioaktivt materiale til forbruksvarer. Så gjorde "EF-tidende" eit lite hopp. Etterpå kom paragraf 6 med det avgjorte punkt fem om at ein ikkje måtte tillate at radioaktivt materiale med vilje vart sett til matvarer, leiksaker, prydgjenstander eller kosmetikk.

Arket med EF-tidende hadde altså ikkje med den spesielle nye definisjonen av "radioaktivt stoff", og heller ikkje det om søpla, og ikkje unntaksparagrafen der det stod om "unntagelsesnivåene" i tabell A i bilag I.

Sjølvsagt ville ein vaken lesar sjå at når forbodet mot tilsetjing i matvarer kom, da tydde det at det generelt var lovleg å setja til radioaktivt materiale i forbruksvarer. Ein vaken lesar ville også feste seg ved at det ikkje var forbod mot tilsetjing i forbruksvarer - det skulle berre bli meldt fyrst. (Sett i samband med den nye definisjonen av radioaktivitet og sett i samband med unntaksparagrafen, må det tyde på at ein skulle kunne setja nokså store mengder radioaktivitet til i forbruksvarer dersom ein berre seier frå om det til "kompetente" "myndigheder" - kven no dei kan vera. Tru om ikkje dei "kompetente" også er nær knytta til atomidustrien. (Kanskje dei er nøydde til å vera det forat atomindustrien skal rekne dei for kompetente?)

For no til slutt å feste seg ved ordet "forsætlig" som går att og att: Det tyder altså at ein ikkje med vilje kan setja til radioaktivt materiale til maten vår.

Ein kan ikkje hindre at radioaktivitet kjem inn i maten vår dersom den gjennomtrengjer miljøet vårt. Så forbodet gjeld berre "forsætlig iblanding av radioaktive stoffer".

For øvrig har ein gjennom pene ord om gjenvinning og den slags sagt klart frå at radioaktivt materiale ikkje lenger skal vera under lås og lukke i kjempestore betongmausoleum, men koma ut til folket.

Ja, slik var det å prøve å sjå paragrafar i eit Euratom-direktiv litt i samanheng. Det er mogleg å tolke det, sjølv om ein får seia at det krev ein del, og at det ikkje er så greitt å mangle tabell A. Når ein har komi så langt, kan ein kanskje vende attende til formuleringa om "beskyttelse af befolkningens og arbejdstagernes sundhed". Det verkar ikkje overtydande, gjer det vel?

M.a.o.: Folkebevægelsen i Danmark hadde heilt rett da dei ropte varsku. Sjølv om ein må tygge seg gjennom masse uforståleg snakk - menigmann skjønar jo ikkje kva det tyder at "grænseverdien for ækvivalent dosis for huden" skal vera 500 mSv pr. år! - kan ein finne dei formuleringane som er avslørande for tankegangen til Euratom. Det blir sjølvsagt ikkje blåsi i basunar med at her kjem ein heilt ny tankegang, her innfører vi noko nytt! Nei, det kjem listandes dette også - som om ein berre regulerer forhold som alt er i gang. Ein har ikkje ein paragraf som seier at heretter skal ein få lov å setja til radioaktive stoff til forbruksvarer - ein seier ein må melde frå dersom ein set radioktivt stoff over ein viss stråleverdi til forbruksvarer! Eller ein seier at ein ikkje får lov å gjera det "med vilje" når det gjeld matvarer og kosmetikk og leiker! Og skulle nokon bråke opp om grenseverdiar - så, kjære, så har ein jo sagt at "kompetente nationale myndigheder" skal utarbeide dei (nb slik at det høver med Euratoms tankegang).

Slik skal ein seia det - så seier dei folkevalde i ulike land ja og amen, og danskane slår opp i ei av avisene sine at "folkebevægelsen laver skrekkampagne". (Dei andre avisene tok det visst ikkje opp i det heile teki.)

Hermed vere det da sagt klart og greitt: Eg undrar meg ikkje over dei som ikkje orkar lesa dette direktivet - ikkje ein gong i dansk språkdrakt er det særleg lett å lesa. Det er dessutan noko herk når ø er skriven oe og æ ae (det har eg endra i sitata). Men det går da verkeleg ikkje an å køyre opp med at Folkebevægelsen lager skrekk-kampanje når ein ikkje har sett seg inn i meir enn det som står i overskrifta!

 

Kva informerer avisene da om?

Det ser ut frå det danske dømet ut som om avisene fyrst og fremst tek på seg jobben med å underkue varselrop frå spesielt engasjerte personar som har jobba med å setja seg inn i dei nye lovene og reglane vi skal forholde oss til. Slik underkuing kan sjølvsagt skje på ymse vis. M.a. ved at ein slår stort opp andre opplysningar.

Det er kanskje ein meir elegant måte å gjera det på enn å seia at ei gruppe "laver skrækkampagne". For dersom folk mange gonger før har sett at den gruppa sa noko som kom til å skje, så har dei tillit til gruppa, og får mistillit til avisa ved slike oppslag. Men det er mogleg å gøyme bort mange viktige opplysningar ved å slå på stortromma om sensasjonsmeldingar av ulike slag.

Dessutan er det mogleg å dekkje alarmerande nytt med store sensasjonsmeldingar. Den gongen da Treholtsaka vart køyrt opp i massemedia her i Noreg, såg eg ikkje sjølve fjernsyns-sendinga, men gong etter gong har eg fått ei skildring av det som skjedde. Dama i dagsrevyen las meldinga om Treholt - og sa så, på ein måte som nærmast fekk min hjemmelsmann til å skvette, for det let nesten sint: "Men det er også andre viktige nyheter" - og så kom ei melding om noko som galdt atomvåpen. Sjølvsagt kokte det bort i kålen den gongen, og enno har vel ingen journalist "tort" der andre teier i denne samanhengen. Ein modig maur burde setja i gang og prøve å finne ut kva som gjekk føre seg. Var ei upopulær atom-avgjerd dekt med at ein nett da slo til mot Treholt?

Tenkj om journalistar i vårt samfunn kunne utvise like stor sporsans og energi som fotografane som kræk ikring og klatrar på tak og i tre, finn seg fram på alle moglege stader og betalar i dyre domar for å få eit foto av ein kongeleg i ein aller annan utildekt situasjon?

Kva kan ikkje fotografar og journalistar leggje på seg sjølve av vakenetter og strev og styr for å få eitt bilete av ein kongeleg? Eller få vita når kronprinsen forlot den og den venefesten? Eller: Kva ville dei ikkje gjort av strev og slit for eitt bilete av kronprinsessa i badekåpe?

Og for ein oppsøkande og granskande journalistikk som går føre seg når ein skal finne inntekt og/eller formue til far til ein eller annan ven av kongebarna! Åh, da ein skarpskodd, da, da granskar ein, da slår ein opp i kolonner med smått trykk og finn fram det ein skal ha av opplysningar.

Er det nokon som ser for seg same journalist i gang med å forske i eit dokument som gjeld strålingsnivå på bakken i dei områda der det er brukt såkalla utarma uran? Det står nok med smått trykk, det er eg viss på, og dokumentet er sikkert ikkje lett å finne. Men sporsansen vaknar slett ikkje overfor slike spørsmål ser det ut til. Eller vil same journalist setja seg ned og krongle seg gjennom Euratomdirektivet for å finne ut kva som ligg i det? Neppe.

Men det er med journalistikken som med enkelte soppgifter: Dei giftige stoffa tek plassen til nyttige stoff i kroppen vår - og det er nett i det giftvirkninga ligg. Altså: Det er farleg for demokratiet når journalistar driv kongemobbing og jaktar etter "avslørande" bilete av kongelege. Dette kan ta opp plassen for opplysningar som er livsviktige for oss som menneske og samfunn.

 

Kan det vera sant at Stortinget gløypte dette rått?

Den dagen eg fekk høyre at Euratom ville setja radioaktivt materiale til forbrukarvarer, trudde eg knapt mine eigne øyre. I sær trudde eg ikkje at noko storting kunne tenkje seg å la den slags gli inn utan protest. Rett nok veit eg at Stortinget i det siste har gått med på ein tankegang som heiter at staten skal passe på mindre og la folk krangle meir om pengane og slikt - det skal vera så fritt og godt for folk at pengekrangelen kan gå føre seg utan at folkevalte organ blandar seg inn - - - Men trass i at det verkar som om politikarane liksom har avgjort at dei skal gjera mindre og vi andre meir, så ville eg trudd at dei framleis passa oss for radioaktivitet i det minste.

Men her står det i ein artikkel eg har kopi av:

"Det er med forferdelse vi konstaterer at Regjeringen og Stortinget nå har åpnet for å bruke atomavfall også i vanlige forbruksvarer i Norge" skriver Ole Kvalheim."

Sitat frå litt lenger ned i artikkelen:

"Stortinget vedtok 11. april 2000 å innarbeide dette direktivet i norsk lov, uten at noen representanter stilte spørsmål ved konsekvensene for befolkningen. På grunn av EØS-avtalen kan disse varene, eller de radioaktive råstoffene, også importeres til Norge.
Bakgrunnen er at atomindustrien i EU har store mengder radioaktivt avfall som den må kvitte seg med. Sikker lagring (deponering) er så dyrt at atomkraftverk egentlig ikke lønner seg. Derfor har atomindustrien ført en meget effektiv lobbyvirksomhet overfor EU-kommisjonen og Unionsrådet for å få dette direktivet vedtatt. Direktivet regulerer bl.a. det som kalles
forsettlig tilsetting av radioaktive stoffer ved produksjon og fremstilling av forbruksvarer, og import eller eksport av slike varer.

I stedet for å søke om særskilt tillatelse til deponering av avfallet og måtte holde regnskap med hvert eneste gram, kan man nå blande avfallet med ikke-radioaktivt materiale for å komme under grenseverdiene, og så benytte det i produksjon av forbruksvarer. Avfallet har fått status som handelsvare. Dermed har atomindustrien og EU-myndighetene forvandlet et problem til en økonomisk gevinst. Det er lovlig for produsentene å blande radioaktivt materiale i alt fra klær, senger, bestikk, og plastkrus til biler, asfalt, betong, bortsett fra fire produktområder: matvarer, leketøy, kosmetikk og prydgjenstander (smykker).
Det er interessant at EU-myndighetene gjør unntak for bl.a. leker. Dette tyder på at de er fullt klar over helsefaren; at det er en økt risiko for kreft når en utsettes for radioaktiv stråling selv i små doser, og de vegrer seg tydligvis for å utsette barn for dette."

Det står at dette er henta frå Standpunkt 1 - 2001. Munnleg har eg høyrt om at ein av dei engasjerte atom-motstandarane spurde ein av politikarane koss i vide verda vedkomande kunne gå med på slikt. Vedkomande kjende ikkje noko til det, kunne ikkje hugse å ha røysta på noko slikt. Det tyder kanskje at dei ikkje visste kva dei sa ja til - kanskje dei også hadde teki overskrifta i direktivet for "god fisk"?

Noja, eg vakna med eit sjokk og ein smell. For ein som er fødd i femtiein og har vaksi opp i eit Gerhardsen-samfunn der ein hadde ei kjensle av at stat og Storting eigenleg var våre vener og at dei ville forsvara oss på alle måtar, er det heilt umogleg å omstille seg til å sjå for seg at Storting og regjering spelar på parti med storkapitalen som vil ha oss til sine slaver og forsøksdyr. Framleis vil eg tru mest på dei som seier at det berre er mangel på kunnskap og oversyn som gjer at Stortinget ter seg som det gjer. Men likefullt blir oppvakninga brå og brutal: For korleis i vide verda har vi komi dit at dei som ser seg kompetente til å sitja på Stortinget, har så liten kunnskap og så lita evne til å orientere seg at dei gløyper Euratomdirektiv rått?

Må vi setja søkjelyset på skulen? Det er nærliggjande for meg. Frå eg var lita har eg høyrt om endringane i skulen, om korleis lærarar kunne engste seg for utviklinga - ja, eg har høyrt utsegner om at når politikarane endra skulen slik dei gjorde var dei med på å sage av den greina vårt demokrati sat på. MEN: Ikkje ein gong med bakgrunn i det eg veit om skrivebordspedagogikken i etterkrigstida hadde eg trudd vi skulle koma så langt som vi no er.

Og nett no hjelper det ikkje meg at både eg og mange andre har streva med å demme opp for skadevirkningar av at skulen har blitt dårlegare - sett i demokratisk perspektiv. Og det hjelper meg heller ikkje at dei aller aller fleste er imot atomhysteriet. Noko vantar når vi enno ikkje har klart å stoppe det. Eg må arbeide vidare på dette feltet.

Eg må jamvel skaffe meg det norske dokumentet "Lov om strålevern og bruk av stråling". Det er frå 12. mai 2000, men eg kan ikkje sjå at det står noko om Euratomdirektivet her. Det står rett nok at "Statens strålevern kan nekte import eller omsetning av ethvert produkt eller stoff og enhver vare som kan medføre en helse-eller miljørisiko på grunn av stråling, forutsatt at dette ikke strider mot internasjonale avtaler som Norge er tilsluttet." (Uth. gjort av meg)

På grunn av EØS kan vi altså ikkje verne oss mot varer frå nett det området der dei skal få lov å setja til radioaktivt materiala til forbruksvarer . . .

 

"Bønnens svar er gjerningen"

Det er soleklart at eg ikkje lenger kan sitja roleg og vera trygg på at andre vil engasjere seg og ordne opp - "Noko må eg sjav ha gjort" som det heiter - og noko må eg sjølv til med også når det gjeld protesten mot atomgalskapen! Om det er lite kvar einaste ein får gjort, må eg også i gang no, ikkje bøn om anna.

Men det er jo så mange som har jobba mot atom-teknologien. Hundrevis av folk har sagt frå. Dei har kalla det som går føre seg på "atomfronten" for galskap. Galskap gange galskap - galskap i andre og tredje og fjerde potens. Men det er jo det at denne galskapen har det sams med ein del annan slags galskap, at den som er gæern, trur han er den aller klokaste og mykje meir kompetent enn andre folk. Når da folk med så stor sjølvtillit har komi seg oppover i politisk hierarki og kanskje til og med sit på toppen av ei verds-stormakt, ja, da kan ein byrja å be til Gud! "Kjære Gud," seier vi, "du må tilgje oss som ikkje har høyrt på deg før, gløym det no og berg oss i siste liten!"

Så kling det igjennom meg med ei røyst eg kjenner særs godt att, det er røysta til ei som sette livet inn i arbeidet mot nazismen, som heldigvis overlevde krigen slik at eg fekk høve til å leva opp i nærleiken av henne: "Bønnens svar er gjerningen!" seier røysta. Og så er det da ingen veg utanom, eg må til med mitt bittelille verk i samanhengen.

Med det same eg har tenkt det, dukkar det opp enda ei setning, sagt med same røyst: "Gjør oss til en sten i demningsmuren mot fascismens myrderi og nød!" Dermed klarnar det noko for meg: Det synet på mennesket som ligg i atomindustriens tankegang, det er det vi har arva frå Hitler og hans kumpaner. Mange av dei som var med på å laga den fyrste atombomba, hadde måtta flykte for nettopp Hitler, og dei ville arbeide mot han. MEN! det er noko som heiter at ein kan bli det vonde ein kjemper mot, og nettopp gjennom atomindustrien har Hitlers menneskesyn og galskap fått reprodusere seg i vårt samfunn.

 

Kva skal eg skrive om?

Eg har altså funni ut at eg må til med å skrive om dette. Og ettersom eg har diskutert med folk som ikkje hadde ringaste aning om kva radioaktivitet var, så prøver eg å byrja der - samstundes som eg tek det frå den same sida der eg sjølv ein gong møtte problemet. "Det byrjar i Warsjava". Etter kvart kjem eg til den boka som mi mormor ein gong ga mi gudmor og som eg arva etter henne: "Som tusen soler" av Robert Jungk. Og så -

Ja, etterkvart kjem eg også til dei meir sjølvopplevde sidene ved soga. Korleis dei bruker både ordmagi og talmagi overfor denne krafta som alle eigenleg er livandes redde for - Både lek og lærd er redde, det ser ein nettopp av bruken av godnamn, og alle desse roande prosent-tala dei elskar å servere oss. Så - heilt til slutt - eit lite pust av optimisme. Dette at vi ikkje kjem til i avisene, er deprimerande nok, men kanskje det også gjev oss von. For det må koma av at det finst ei sterk folkemeining som dei er redde for å "vekkje" -

 

Overlat til andre?

Attende til Fridthjof Nansen og det han sa til sonen sin: På ein måte kan ein kanskje seia at eg har gjort opprør mot den tankegangen. Det er vel mange i vårt samfunn som har fleire kunnskapar enn eg på nett dette feltet. Dermed kan ein kanskje postulere at burde lati desse andre gjera det - - - Og på den andre sida: Er det ikkje mangt og mykje eg kan gjera betre enn nettopp å skrive ei bok som denne?

Samvitet gjev blanke i slike innvendingar. Her må kvar gjera sitt! seier det. Dessutan: Ingen må tru at alt er sagt no. Og dermed kjem vi fram til at eg likevel har følgt Fridtjof Nansens tankegang: Det er nemleg ei bok eg ikkje har skrivi - og det er i alle høve ei som andre kan skrive betre enn eg! Det er ei bok som er skriven av folk som ikkje er økonomisk avhengige av atomkapitalen, og som kan samle opplysningar som vi elles ikkje får visst noko om. Ei bok som svarar på spørsmålet: Kva veit vi NO? Kva er dei eigenlege røynslene om atomkrafta? Ei bok som samlar opplysningar om soldatar som blir sjuke etter å ha jobba i område der det har blitt brukt utarma uran, ei bok som skriv om situasjonen i fransk Polynesia - kanskje boka også kan ta opp dei ulike radioaktive stoffa, forklare kvar dei kjem frå og kva som er mest farleg med dei. Ei slags "motmelding" til Euratom-lista. Eg har etter å lesi diverse bøker eit klart bilete av at jod 131 kan øydeleggje skjoldbruskkjertelen. Det er sikkert fleire stoff der ein har fått dokumentert at dei gjev skader på visse organ. Den slags bør få koma på trykk i norsk språkdrakt.

 

Lat oss sleppe antisemittisk slagside!

Enda eit ønskje har eg om ei bok av dette slaget. Eg har i det siste komi borti ein trend som eg vil kalle "betent". Alt sumaren 2001 sa eg til ein del av kjenningane mine at det legg opp til ny bølgje av antisemittisme. Ikkje ufarleg, vi veit frå før at dette har vori knytt til ei spesiell antidemokratisk rørsle. I denne samanhengen er det skremmande med det som så mildt blir kalla "demokratisk underskudd" i EU.

Eg har seinare opplevd antisemittismen enda sterkare. Eg har i annan samanheng gjort greie for korleis eg kom over ei trykksak der heile styret kring 11. september var gjort til ein lekk i kampen for sionistisk verdsherredøme.

Eg har også funni ei bok som hadde masse opplysningar om atomkraftverk og bomber og denslags (2)- men som eg ikkje torde å byggje så mykje på avdi ho elles hadde ei slagside i presentasjonen. For det fyrste vanta boka grunnleggjande vitskaplege trekk. I forhold til dei opplysningane Robert Jungk har komi med i si bok "Som tusen soler" var det temmeleg rart å lesa følgjande passus: "De militære sjefer, som muligens så lengst inn i framtiden, følte seg usikre og var egentlig mot å slippe atombomben". Denne påstanden har ikkje blitt underbygd. Dessutan er den uskuldsglorien forfattaren her prøver å gje dei militære sjefane motsagt av dei opplysningane Robert Jungk kjem med. Til og med denne forfattaren må reservere seg med eit "muligens". Likevel er det klart at han heilt ser bort frå Robert Jungks skildring - og det har han gjort utan grunngjeving. Slikt er ikkje særleg tillitvekkjande.

Kanskje ein likevel får ei aning av kvifor han ser heilt bort frå Robert Jungk. Også denne forfattaren må nemleg ha med ein del om Szilards arbeid mot bomba - men måten det blir gjort på, har eit vemmeleg antisemittisk drag. Ein legg merke til at han gjerne markerer når ein av vitskapsmennene er jøde - og det gjerne på ein hånleg måte. Med å kommentere nasen til vedkomande eller fortelja at Szilard "løp - - -omkring" i synagoger og "diskuterte atombomber" med "trosfeller".

Her ser vi også fortolkingsløgnene brukt i ei historisk framstelling. Forfattaren må ta med at Szilard prøver å få dei nye styresmaktene etter at Roosevelt er død, til å skjøna problematikken. Han grip da til eit av vårt samfunns psykologistiske fasitsvar: "Szilards selvfølelse må ha fått en knekk". Det førekjem meg som om ein ikkje treng å ha fått knekt noka sjølvkjensle for å fortvile over at folk som er ukunnige om farene ved atomspalting, skal styre med det. Etter krigen er Szilards kamp mot bomba meir synleg, under krigen var det jo berre vitskapsmennene, dei militære og styresmaktene som skulle vita om det. Den meir openberre kampen etter krigen blir servert slik: "Etter Hiroshima fikk Szilard moralske betenkeligheter, noe han kunne tillate seg siden hans arbeide med atombomben hadde gitt ham berømmelse, og tilbudet om professorater strømmet inn." Det undrar meg at det er mogleg å vita om Szilards argumentasjon under krigen og likevel postulere at han fyrst etter Hiroshima fekk "moralske betenkeligheter". Kort og godt: If. denne forfattaren er dei jødiske vitskapsmennene som er med på å laga bomba, ikkje opptekne av å slåst mot Hitler, men av å få jobb, pengar og ære. Eg refererer meir av boka i kommentar til kapitlet "Så skuldlaust og nøytralt".

Ordet "muligens" i setninga om dei militære sjefane, vart ei nøtt for meg. Ein merkeleg ordbruk etter at ein så skråsikkert har fortalt ikkje berre kva ulike vitskapsmenn gjorde, men også kvifor dei gjorde det. Kvifor da vera så varsam og uviss i forhold til kva dei militære meinte og ville? Eg kunne ikkje anna enn spørja meg sjølv om dette på sett og vis var eit "bestillingsverk". Det vart dreid på så mange faktiske opplysningar, handlemåten til ein del jødiske vitskapsmenn vart tolka i verste meining, og samstundes tok ein det militære i beste meining.

Det undrar meg for så vidt ikkje at alle i denne situasjonen ønskjer å dytte skulda for atombomba over på andre. Hitler og Goebbels var vel ikkje heilt skuldlause dei heller, når dei tala så mektig om det nye våpnet og skremde vitskapsmenn på alliert side? Så kunne vi kanskje overføre heile skulda på dei - - - ? Det er berre det at det er usunt å gjera det slik. Og at det ikkje hjelper oss det ringaste i samband med vår tids problem.

Altså: Eg ønskjer ei bok som verkeleg torer å plukke fram opplysningar som elles har blitt undertrykte og kokt bort i all slags sensasjonskål. Helst skriven av folk med ein bakgrunn som gjer at dei kan forklare oss om dei ulike radioaktive stoffa, og dessutan folk som Chris Busby. Og for å unngå all slags "betent" presentasjon av stoffet, ønskjer eg meg at dei skal vera engasjerte, gjerne glødande - utan å varme seg på syndebukk-tankegangen i antisemittismen.

 

Er boka eg saknar alt til?

Har det alt komi ei slik bok? Ja, dette må eg spørja om, for ein ting er klart: I dagens mediasituasjon er det heilt sikkert at slike bøker ikkje ville få såpass til omtale at eg ville få høyrt om ho. Er det altså nokon som veit om ei slik bok, så fortel det til meg!

Ei av dei illegale avisene under krigen hadde namnet "Send videre"! Folk sette livet inn for å formidle vidare det dei hadde høyrt og som vart undertrykt i andre media. Det seier kanskje noko om den rolla våre aviser spelar i våre dagar at eg må be folk "sende vidare" også på denne måten. Veit du om ei bok av denne typen, så send kunnskapen vidare!

 

Kommentarar

I dette innleiingskapitlet har eg referert til mange typar avisoppslag - og ettersom eg trur desse er velkjende for folk i våre dagar, har eg ikkje brydd meg om å referere til spesielle oppslag med dag og dato.

Om da Odd Nansen ba Quisling om å ikkje misbruke Fridtjof Nansens namn: "En samtale med Vidkun Quisling", s. 141 i Odd Nansen: Langs veien, opplevelser, møter samtaler, Gyldendal Norsk Forlag, Oslo 1970

Når det gjeld Euratom-debatten i Danmark, har eg funni stoff på den danske folkebevægelsen sine nettsider www.folkebevaegelsen.dk.

Sitatet frå Chris Busbys artikkel er frå Global Økologi, januar 1998, s. 16/17. Det kan også vera interessant å ta med det følgjande avsnittet:

"Tilsvarende eller større lempelser er det for alle andre radioaktive stoffer. Et eksempel er tritium. Det er en radioaktiv form af brint, der findes i vand og i hvert eneste molekyle i kroppen. I øyeblikket er den lovlige grænse for udsendelse af tritium i miljøet 2.500 gange lavere, end den vil være, når Euratom-direktivet træder i kraft. Det er ikke mærkeligt, at man i en artikkel i "Nuclear Energy" for nylig jublede:
"Ved kraftværket i Berkeley har den store skorsten en tritiumaktivitet på 100.000 Bq/kg . . . tilladt grænse i UK er 400 Bq/kg . . Vi har været nødt til at behandle stålet, før vi kunne sende det til omsmeltning, (men) den foreslåede nye grænse er 1.000.000 Bq/kg! Det er kulminationen på års arbejde udført af internationale organisationer som den internationale atomenergikommision (IAEA) og OECD's Nuclear Energy Agency. Udviklingen på området . . . er lovende."

Dei sjenerer seg ikkje for å fortelja at IAEA og OECD har jobba i år med å få dette gjennom. Tru om det ikkje er dette som går under det moderne namnet "lobby-virksomhet"?


1. Prinsipp er ein ting, gjennomføring ein annan. Ein oppdagar jamt og samt nye helseskadelege stoff. Men så lenge prinsippet er at menneske ikkje skal bli helseoffer i arbeidssituasjonen, er det mogleg å gjera noko med det. Det skumle er difor når ein fastset eit anna prinsipp: Helseskade kan vera rettferdiggjort ved økonomiske, samfunnsmessige eller "andre fordele".

2. Jamfør også kommentar til kapitlet "Så skuldlaust og nøytralt!"