Johanne Louises nettsider

"Planteoverskot"


 

Den tsjekkiske diktaren Karel Capek har skrivi ei bok som på norsk heiter "Et år i min hage". Der kan han fortelja at "Mot all forventning oppstår hagedyrkeren hverken av et frø, en avlegger, en løk, en knoll eller en stikling - "

Nei, det er så det. Men det er ganske mange utrulege måtar som ein kan bli hagedyrkar på.

Eg for min part har støtt vori glad i friske, velsmakande og sprø grønsaker frå eigen hage. Og likevel driv eg i år på med eit blomedyrkingsprosjekt av dei store -

Grunnen følgjer her:

Frå eg var lita har eg drivi på med teikning. Frå fyrst av berre teikningar av menneske - men eg hugsar godt den gongen eg fann ut at det var mogleg å dekorere ting med å teikne roser og minneblom. Det med blometeikninga vart snart nokså einerådande. Både avdi blomar er tålmodige modellar som det ikkje er noko problem med å få til å "sitja" for ein - og avdi det var folk i næraste familie som gjerne ville bruke slike teikningar.

Det varte ikkje lenge før dei blomane eg teikna var noko meir enn berre dekorasjon. Eg uttrykte menneskelege kjensler i blometeikningane, eg teikna slikt som "einsam krokus", rotlause blomar og frostvare blomar. I det heile teki vart det snart slik at blomane ikkje var "berre" blomar.

På ei anna side har eg støtt hatt lidenskap for at dei skulle vera "rette". Fantasiblomar er ein ting, men ei lilje skal vera ei lilje - D.v.s.: Ettersom ein ikkje støtt ser alle støvberarane i ein liljeblome på ein gong, kan det godt vera fem støvberarar på teikninga - men absolutt ikkje sju!

Resultatet har vori at modellar må det til. Blomemodellar. Og rekninga i diverse blomeforretningar fyk i vêret.

Men - mennesket treng meir enn dei blomane som er å få kjøpt i blomeforretningar kvart år. Utvalet er ikkje stort nok for alle menneskets tankar og kjensler - Dessutan: Det er grenser for kor lenge det går å teikne primula, St. Paulia, visse typar liljer og inkaliljer og valmuer og krysantemum omatt og omatt. Ein gong var St. Pauliaen kanskje nettopp den blomen som høvde i samanhengen - seinare så har eg jo teikna den - - -

Vel, så ein vakker vår skaffar eg meg katalog frå Thompsom og Morgan og tingar FRØ! Eg veit at det er vanleg at folk let seg freiste av fargesprakande frøkatalogar. Eg har likevel grunnar til å la meg freiste som gjer at det galopperer av garde, og ungane mine stønner og spår at snart blir det ikkje framkjømt i huset for berre planter.

For her tenkjer eg ikkje at eg skal ha nokre planter her og der i nokre bed ute i hagen. Nei, eg tenkjer: Til sumaren treng eg ein del blomar av korgplantefamilien - dei skal sjølvsagt helst ha ulike kronbladfargar -

Og så blir det kjøpt ulike krysantemum, og diverse andre i same familie. "Tenkj om eg til neste år kan få byrja med det bilete eg har drøymt om - det med dei store, høge blomane - kanskje litt fleire typar kongelys enn dei eg alt har her ute - "

Som tenkt så gjort. Men kva skal mennesket med hundrevis av ulike kongelys?

Det kosta styrtmykje å skaffe blomefrø i år - og no veit eg at eg snart kjem over i neste fase - den som Karel Capek også har skildra så glimrande:

"Alle hagebøker vil fortelle Dem at "det beste er selv å tiltrekke plantene av frø". Men de nevner ikke, at med frøene følger naturen sine egne veier. Det er en naturlov at ett av to skjer: enten kommer ikke et eneste frø opp, eller de spirer alle på en gang. "Her skulle en dekorativ tistel gjøre seg godt, enten en Circium eller en Onopordon." En kjøper poser av disse to sorter og fryder seg over hvor glimrende de spirer. Etter en tids forløp blir det nødvendig å prikle dem ut og hagemannen gleder seg over sine hundreogseksti potter med frodige planter. Han sier til seg selv at naturligvis er denne fremgangsmåten den eneste riktige.

Nå skal frøplantene i jorden, men hva i all verden skal mennesket med hundreogseksti tistler? Når han har beplantet hver eneste ledige plass, har han fremdeles hundreog tredve igjen. Må han kaste dem på avfallshaugen etter å ha hatt så mye bryderi med dem?

"Herr nabo, vil de ikke ha et par frøplanter av Circium? De er virkelig meget dekorative!"
"Ja, gjerne for meg."
Gud være lovet! Den kjære herr nabo fikk sine tredve planter som han nå springer omkring med i hagen uten å ane hvor han skal sette dem. Så har vi naboen på den andre siden og naboen tvers over veien - - -

Herren være dem nådig når disse dekorative, to meter høye tistlene er utvokset!"

Noja, men det er kanskje mogleg å gjera det på anna vis også? Det er kanskje mogleg å selja ein del planter - dersom ein ikkje berre held seg innafor den vesle krinsen av granner og vener i same bygd, men lyser ut på den moderne kyrkjebakken, nemleg internett, at ein har ein del planter av det og det slaget -

Kanskje plantebytting? Kanskje regelrett sal? For sant å seia var det ein del tusenlappar som gjekk med til frøkjøp i år - - - Om det ikkje nettopp er hundreogseksti tistlar det gjeld, så er det ein del kuletistel, femti-seksti Centaurea macrocephala, noko Centaurea phrygia, Achillea -
Noja, det er atskilleg meir enn dette også, men fullstendig liste er ikkje utarbeidd enno.

På ei anna side treng eg liljer - som helst ikkje skal frakte med seg liljevirus og den slags vemmelege ting. men særleg treng eg no martagonliljer av ulike slag - er det ikkje nokon som har ein "bestand" av martagonliljer som har teki til å breie seg alt for mykje?

Kvar kveld tek eg Knut Langelands bok om "Blomsterløker og knoller" og drøymer om blomar eg vil ha - nett no er draumen Lilium martagon, Lilium monadelphum, Lilium hansonii og Lilium henryi. Dessutan har eg for fyrste gong i år blitt interessert i Fritillaria og Eucomis-artar. Fritillaria imperialis, Fritillaria meleagris, Eucomis autumnalis, Eucomis comosa - - -

Så vonar eg berre at sume ønskjer seg dei blomane som eg har så mange av no - Og sjølv ønskjer eg meg altså masse martagonlilje - i ulike fargar.

Denne teksta er ikkje oppdatert m.o.t. sortsnamn Johanne Louise til ein kvar tid kan ha for mange planter av. Men om du er interessert i plantekjøp eller -bytte, kan du nåsomhelst sende ein epost til jlgmic@online.no og få oppdatert informasjon om planteoverskota...