Om 17. mai og «Ja vi elsker»
Eit før-17.-mai-brev ført i PC’en 16. mai 2002
«Men nettopp i denne timen vet vi hva frihet er,» skreiv Nordahl Grieg i diktet 17. mai 1940. Og i mine unge år tenkte eg støtt: «Det kan nok vera at folk den gongen i 1940 måtte misse fridomen for å oppleva kor mykje den var verdt – men så har vi lært det! Nye generasjonar får lære soge, og vi veit, vi treng ikkje oppleva fridomstap på nytt for å kunne sjå det store i fridomen.»
Slik tenkte eg og var naiv. For medan eg lærde soge, og medan eg visste at pappa hadde vori i konsentrasjonleir og opplevd ting som det var vondt å fortelja, så var det andre som støtt og sikkert motarbeidde historiekunna. Ja, det kom tider da ein til og med fann ei ideologisk grunngjeving for å radere ut meir og meir av soga i skulen. «Når skal nordmenn lære at det finnes noe utenfor deres egen dørstokk! Tenk på frihetskampene i Afrika, det er noe, det!» Så gløymde dei at for å identifisere seg med fridomskjemparar i Afrika, måtte vi hugse korleis vi hadde hatt det i tidlegare tider. Det er ikkje naturleg for ein bøling rikmannsbarn som tek rikdomen sin som ein sjølvsagt og gudgjeven ting, å identifisere seg med fatige slitarar under andre himmelstrøk.
Men det var også folk som sa: «Hva skal vi med de gamle råtne kongene?» Og berre den utsegna har noko så kynisk i seg at eg assosierer nettopp den innstillinga det vart kjempa mot under krigen.
Ikkje ein gong verdssoga ville dei ha med – var kanskje ikkje den moderne tida så mykje mykje meir verdt enn gamletida, og trong ikkje notida fyrst og fremst å kjenne notida? Kvifor skulle vi nyrike i nytida bry oss om å vita om Romas nyrike i gammeltida – eller Sullas vandring på torget?
Aldri ville eg trudd den gongen eg som lita song «Ja vi elsker» under sprettande bjørk og lønn i mi heimebygd – aldri ville eg trudd at det ein dag skulle bli på moten å rakke ned på alt som var norsk – berre avdi det var norsk! Noreg har ikkje støtt gjort alt det beste, vi har mange ting vi ikkje burde gjort, vi har mange historiske synder vi bør ta opp – men da må vi ta opp nett dette. Det er stor skilnad på å seia: «Det er så flaut at eg er til, for det at eg er, er i grunnen frykteleg dumt, og det er flaut at eg ikkje er som alle andre, eg skammar meg over det» og å seia: «Eg synda da eg gjorde det og det – » Det er skilnad på mindreverdskompleks og syndsvedkjenning.
Men det som har skjedd, har også sine historiske røter – og kanskje ei av røtene nettopp er at dei ikkje dreiv skikkeleg syndsvedkjenning etter krigen. Det vart så om å gjera å finne syndebukkar. Ein skulle straffe alle som hadde vori i NS – sjølv om det var bra folk i blant, folk som berre var for ærlege til å mistru det som vart sagt dei. Ein kunne rett nok seia at når ein mann tok makta i landet i ly av utanlandske våpen, da måtte til og med ei blind høne skjøna at han ikkje var nasjonal av seg og at det ikkje var norsk fridom han kjempa for! Men så hadde jo folk i så mange år høyrt at det som eigenleg var farleg for Noreg, var marxismen og «det sovjetiske barbari». Difor trudde dei kanskje så blindt på at dersom Quisling ikkje hadde gjort det han gjorde, da hadde dei fæle marxistane i Sovjet komi, og det ville vori mykje mykje verre!
Etter krigen var det ingen som tok opp avisenes rolle i samanhengen. Kunne det unngå å verke på folk når Aftenposten i mellomkrigsstida t.d. skreiv at dei tusen gonger heller ville ha Hitler enn den tyske kommunistleiaren til å regjere Tyskland? Og Aftenposten var ikkje aleine. Den som har lesi i mellomkrigstidas aviser, veit at dei såkalla borgarlege avisene hadde det med å fortelja folk at all fare kom frå marxismen. Heiderlege nordmenn som berre ikkje ville at pengemakta skulle regjere totalt, vart uglesette som moglege svikarar – det vart måla opp eit bilete av at dei ville utlevere oss til Sovjet. Og mange trudde kvart grannet som stod i avisene. Og tolka det som skjedde under krigen i samklang med det dei hadde lært før krigen. Kvifor skulle dei som hadde trudd på dette, bli straffa etter krigen? Kvifor skulle avisene gå heilt fri, kvifor tok ikkje avisene si syndebør alvorleg?
Ut frå dette har det blitt mykje vondt blod – og ikkje minst: Mykje av den verksemda ein kan kalle «å kare over etter seg». Da eg tok til å forske litt i nazismen, oppdaga eg at kvar historikar let si politiske overtyding farge det han skreiv om nazismen. Var historikaren sosialist, var nazismen rett og slett reaksjonen, den store motrørsla til sosialismen. Det historikaren vel ikkje tenkte på, var at det her vart laga eit bilete av at nazismen på sett og vis var avhengig av sosialismen – fyrst sosialismen, og så reaksjonen – som var nazisme. Historikaren kunne heller ikkje ut frå dette forklare rasismens plassering innanfor nazismen – for rasismen kjenner vi frå mykje eldre tider enn den forma for sosialisme som vi kjenner til.
Men var den som fortalte europeisk soge frå 1930 – 40, konservativ, var nazismen rett og slett kommunismen i reindyrka form. Pussig da at dei tyske industriherrane så heilhjarta hadde støtta oppunder?
Mange som bur i byane må ha fått mindreverdskjensle av å høyre at den eigenleg norske kulturen var å finne på bygdene, for mange feste seg ved at nazistane hadde brukt det nasjonale som agn. I følgje dei var difor ingenting så farleg som å konsentrere seg om det norske. Nett der skulle all rasisme liggje i kim – hardingfele og norske eventyr – nei, lat oss i det minste få utanlandske eventyr å bruke i barnehage og skule. Dersom vi bruker norske, da blir det Auschwitz av det! (Men kan vi skjøna og respektere utanlandske eventyr når vi ikkje får lov å respektere våre norske?)
Den som har lesi korleis komande NS-folk i mellomkrigstida hånte alt norsk og alt som smakte av «husmanns-Ola» – inkludert eventyr og hardingfele, tykkjer at tonene er sørgeleg velkjende. Nettopp innstillinga at det å vera norsk var skamfullt i seg sjølv, ser ut til å ha vori ein god basis for å lande i NS.
Mot den ugrunna og aggressive mindremannskjensla på vegner av Noreg, stod våre store nasjonale diktarar. Da dei harde tidene kom, gav dei folket kveik og styrke i kampen mot nazismen. Alle åndelege verdiar var gode å ha den gongen. Det er kanskje ikkje rart at folk nettopp etter krigen, da marerittet var over, jubla ekstra for hardingfela da det skulle gå borgartog i Oslo? Det er kanskje ikkje rart at dei nett den gongen klarte å skrive bøker og artiklar om Henrik Wergeland utan å ta med all den urimelege sladderen om han?
Ein skulle tru at nettopp etter ei oppleving som den vi hadde i 40-45, ville det kjennest særs viktig og sentralt å finne ut av korleis slikt kunne skje. Men i denne jobben svikta det – folk skauv problemstillinga frå seg og orka ikkje tenkje meir på det. No skulle verda jo bli ung og ny!
Dersom den som skreiv om nazismen, hadde kristent livssyn, kunne han seia at nazismen var ei antireligiøs retning. Dersom den som skreiv om nazismen, hadde eit ikkje-kristent livssyn, sa han at nazismen var ei religiøs rørsle og at all religion var farleg.
Dette er i grunnen «vitskapen» om nazismen i eit nøtteskal. Alle feste seg ved dei sidene som var langt frå dei sjølve – og ferdig med det.
Ettersom våre landsdekkjande aviser har sete i Oslo, har kanskje byens mindreverdskjensle overfor bygdene slegi vel sterkt ut. Trass i dei mange bøndene som våga livet mot nazismen, og trass i kor hjelpsame mange var på å mat-hjelpe svoltne folk i byane, har dei som ikkje våga livet i kampen, og dei som ikkje hjelpte med mat, vorti «prototypen» på norske bønder. Så lenge dei som regjerte hadde opplevd krigen, vart det rett nok ikkje opna for nokon bondehets. Men etter at dei som ikkje sjølv har opplevd krigen på kroppen, kom til i têten, har vi fått høyre at bønder er snyltarar på samfunnet og den eigenlege nazi-klassa i Noreg. Så forvirra har folk blitt, at ei dame sa til meg at senterpartiet jo gjekk med nazistane under krigen – Eg gad ikkje krangle på namnet – «Senterpartiet» kom jo fyrst til etter krigen – eg sa berre: «Kan du da fortelja meg kvifor Terboven oppløste alle norske politiske parti bortsett frå NS?»
Lat det da vera sagt: Ikkje noko parti i Noreg kunne i 45 med sanning seia seg fri for at einskildmenneske i deira parti hadde landa i NS. Når det vart så mange der som det vart, så var det nettopp avdi at einskildmenneske frå ulike andre parti gjekk med. Nazistane kalla seg faktisk nasjonalsosialistar – og det var også erklærte sosialistar som her såg gjennombrot for den store verds-sosialismen. Med Hitler skulle dei gå til det store slaget mot «Kapitalen». (Sjølv om det ikkje var Kapitalen i seg sjølv nazistane var imot, men det dei kalla «jødisk» kapital.) Frå ytste høgre til ytste venstre var det folk som tralta med – av ymse grunnar. Også av rein og skir feigskap.
Inkonsekvens følgjer inkonsekvens. Det var ikkje berre Øverland som etter krigen sa at dei gamle nasjonale songane hadde hatt mykje å seia for folks motstand mot Hitler under krigen. Underleg da at nettopp etter krigen skulle desse songane ikkje lenger bli lærte av ungane i skulen?
Det er noko som heiter «å saga av den greina ein sit på». Det er det norsk samfunn har vori i gang med lenge no. Bort med historiekunne – det tyder i grunnen bort med demokratiet. Utan at vi får noka internasjonal innstilling i staden. Ein kan nemleg ikkje vera «internasjonal» utan å starte i det nasjonale. Til og med Bibelens ideal er å elske nesten som seg sjølv. Ingen kan skjøna andre menneske som ikkje har ein tråd til seg sjølv. Ingen kan respektere andre menneske på grunnlag av eiga mindreverdskjensle. Å «lære seg selv å kjenne» tyder å «lære mennesket å kjenne». Gjennom t.d. eventyra våre får ein kunnskap om seg sjølv. Og våre eigne eventyr – med biletbruk som ligg nært oss – opnar vegen for forståing av andres eventyr.
Jamvel syndsvedkjenning høyrer til å respektere seg sjølv. Men NB! Det må støtt vera verkelege synder det dreier seg om. Ikkje berre den uvisse kjensla av at «eg må skamme meg, for eg er mindre verdt enn alle andre.» Mindreverdskjensle har aldri gjevi sunne medmenneskelege forhold. Det er mindreverdskjensla som leiter etter menneskelege syndebukkar når noko går gale.
Men lat oss feire 17. mai! Vi har mange songar å ta til. Eldre og yngre. Ein kan syngje mange feststemte songar om 17. mai. Eg har no i det siste høyrt oppatt og oppatt:
I 1814 på Eidsvoll de satt
de hundre og tolv i en heftig debatt.
De lagde vår grunnlov, de jobbet fordi
de ville så gjerne bli fri –
Bjørka som spretter og nyfallen sne
i vårt langstrakte land der kan alle ting skje.
På kryss og på tvers finns en fin tradisjon,
vi marsjerer til fløyter og horn.
Same sang postulerer at «Vi har en historie, vi kjenner vårt land» – men det er altså det eg vil setja spørjeteikn ved.
Og problemet med det som her er sitert, er at dette ikkje er nok. Ingen tråd til kva for slag fridomstankegang dei hadde, karane på Eidsvoll. Lat oss difor gjera det songen legg opp til – ta vare på «en fin tradisjon» – men den er altså meir enn fløyter og horn! Og lat oss halde det klart:
Dersom ein skal klare å halde seg fri av nazisme og rasisme, må ein ha eit klart og positivt nasjonalt sjølvbilete. Så positivt at ein kan ta opp sine eigne synder utan å leite etter syndebukk.
Og apropos landet vårt: Vi må tillate oss sjølve å vera så glade i landet at vi utan hemningar kan uttrykkje at det er det beste på jord. For slik unngår vi sjalusi mot andre folkegrupper –
«Ja vi elsker» – den einaste nasjonalsongen i Norden som byrjar med ein fanfare om å elske landet – var det nokon som sa at nordmenn var spesielt stive og kalde?
«Ja, vi elsker» nemner mange historiske hendingar – Dersom ein t.d. kan fortelja alt som ligg i uttrykkjet «Harde tider har vi døyet» i femte vers, da har ein komi gjennom nokså mykje av soga! Bjørnson fastset jo ikkje noko tidspunkt om når dei harde tidene byrja, han tek med alt vi har opplevd av vondt – fram til 1814, da «blåøyet frihet ble oss født».
Dersom ungane lærer songen i fyrste klasse – med alle vers – og det er ingen vanskeleg jobb, den har eg sjølv gjennomført! – så har dei ikkje berre kjelde til mange historiske spørsmål og «knaggar» for mykje historiekunne, men dei har også fått med seg ein song med mange «lag» i, ein song som kan gje stendig nye opplevingar. Og ein song som kan følgje opp gjennom skuleåra, med stendig nye innfallsvinklar og stendig ny kunnskap knytt til.
Og ikkje minst: Dei har fått med seg ein mal for nasjonalkjensle. Det er med nasjonalkjensla som med personlegdomskjensla: Ein kan lett gå seg vill. Ein kan – som Peer Gynt – tru at «det gyntske selv er den hele hær av ønsker, lyster og begjær – » Medan Peer Gynt trur det, lever han etter Dovregubbens prinsipp om å vera «seg selv nok», og han driv det stort som internasjonal handelsmann – – – Seinare skjønar han at han har teki feil, og «Knappestøperen» fortel han at «å være seg selv, er seg selv å døde – » Noko som kan verke temmeleg merkeleg på den som ikkje hugsar at Peer Gynt har tolka det med å vera seg sjølv som «den hele hær av ønsker, lyster og begjær». Men fyrst når ein kjem bort frå den definisjonen, har ein altså sjanse til å vera seg sjølv.
Overført på nasjonalkjensle: Nasjonalkjensle er ikkje at Noreg som nasjon skal få gjera alt det har lyst til i verdssamfunnet. Det dreier seg ikkje om «ønsker, lyster og begjær». Nasjonalkjensle er å «møte med mesters mening til uthengsskilt» – å stå opent ved eit ideal og prøve å følgje det.
Da må ein også kunne sjå eiga synd og tilkortkomming i auga – utan det veike menneskets trong til å dytte skuld over på andre.
At det å kunne sjå eiga synd i auga høyrer med til nasjonalkjensla kjem fram i Bjørnsons nasjonalsong – i det sjette verset. Der fortel han nemleg at vi har kriga utan å sjå at fienden er vår bror – og så kjem orda drevne frem på stand av skammen.
Med desse orda har Bjørnson sungi inn i generasjon av generasjon av nordmenn at det å elske landet sitt også tyder å kunne skamme seg når vi som nasjon gjer noko gale.
Kan eg atter få lov til å minne om motpolen – om Hitler og nazistane? Som ikkje tolde eit nederlag Tyskland hadde opplevd i krigen og difor fann ut at dei ville ha vunni krigen hadde det ikkje vori for «jødisk svik».
Mellom anna på grunn av denne historiske røynsla er det at eg kvar einaste 17. mai syng 8 vers av «Ja vi elsker» mange gonger! Ingenting er for meg viktigare enn at vi let stendig nye generasjonar møte den brusande lykka ved fedrelandet og den sunne innstillinga til eiga synd. Vi skal kunne skamme oss når vi gjer noko gale.
Og sjølv om dette er eit av dei versa som går ut fyrst når folk forkortar Ja, vi elsker, har det for meg blitt eit av dei sentrale. Så viktig at det er naudsynt for å skjøna neste vers: «Takk din store Gud, landet ville Han beskytte skjønt det mørkt så ut!» Også i kyrkjeritualet blir syndsvedkjenning følgt av eit Gloria!
Kvelden 16. mai 2002. Eg har mange gonger fortalt folk om min kjærleik til Ja vi elsker. Og denne Herrens 16. mai har eg no fått høyre – av fleire – om program i Fjernsynet – Dei som har fortalt meg om dette, har vori sinte, irriterte, frustrerte, men alle er dei samde om at hadde eg høyrt programmet, ville eg blitt RASENDE. «Ja vi elsker» er «gått ut på dato», heiter det. OG! Det blir sitert for meg i telefonen: «Er ikke det noe selvforherligende noe, litt nazistisk -«
La gå at lause referat pr. telefon kan vera farga av at den som ringer er sint. La gå at vedkomande kanskje dramatiserer for sterkt – – – La gå at Ole Paus visstnok hadde sagt mykje verkeleg fornuftig – – –
Jau, eg blir sint. Kven har blitt så quisling i hovudet at vedkomande klarer å kople nasjonalkjensle og nazisme saman? Nazismens problem var nettopp mangel på nasjonalkjensle. Det var Quisling som kalla seg nasjonal, han var det jo ikkje. Visse maktforhold i etterkrigstida har visst lati nazistane få monopol på ordet nasjonal. Kan det verkeleg vera mogleg?
Brukte eg forresten ikkje uttrykkjet «sage av greina ein sjølv sit på». Nettopp, det gjorde eg. Og her har vi da eit krasst døme på den verksemda. Eg ser dei for meg: Ukunnige travle menneske med mikrofon løper ikring og sagar og sagar på ei av dei greinene som framleis ber fridom og demokrati –
Det er naturleg at menneske som ikkje har lært «Ja, vi elsker» når dei er små, har vanskar med å skjøna alle orda i songen. Dei har jo ikkje fått han i den skarpaste språkinnlæringstida og er ikkje så spreke i å skjøna nye ord som ein er i sine fyrste år – – – Men at journalistar og andre «trendsetjarar» skal flyge ikring og gjera nummer av det – som om det var «Ja, vi elsker» som hadde skulda! Om eg ikkje skjønar alt som blir sagt til meg, er det da ikkje den som talar, som er problemet? Eg går ikkje bort og krev at engelskmenn skal bli utrydda om eg ikkje straks skjønar alt dei seier. Eg plar jamvel finne meg i at det inniblant dukkar opp ord i det norske språket også som eg ikkje skjønar. For nokre år sidan hadde eg, hugsar eg, problem med ordet «nerd». Eg kravde ikkje at fenomenet skulle bli utrydda om eg ikkje straks skjøna ordet!
Forresten: Usj for alle desse som er så travle til å meine ting om dikt dei ikkje kjenner skikkeleg til.
Så går sinnet over i vemodig etterklang: Eg sat i mine unge år og lytta til pappas stille ord om konsentrasjonsleiren. Eg visste ikkje da at han hadde minne frå krigen han ikkje orka dra fram. Det han sa var evig nok.
Men det kjennest einsamt å møte notidas bryske hån overfor ein song eg elskar når eg har pappas stille ord som bakgrunn. Det tyngjer sjela meir enn noko anna.
Eg elskar «Ja vi elsker», og kan ikkje tenkje meg noko finare enn å overbringe denne songen til stendig nye generasjonar. Og vi er da endeleg ikkje ferdig med å krige mot nazismen!
Med helsing frå
Johanne Louise
ES.: Eg les over det eg skreiv – både før og etter telefonane om journalist-vrøvlet. Og opplever ei forferdeleg uhellsvanger uhyggje ved dei fyrste orda. For no spør eg: Er det menneske blant desse som er «trendsetjarar» i aviser og radio og fjernsyn som treng ein ny verdskrig for å vita kva fridom er?
Gud hjelpe oss alle da.
ES. MARS 2003: EG HAR NO LÅNT ARNE SKOUENS «EN JOURNALISTS ERINDRINGER» – OG DER ER DET NOKRE SIDER EG GJERNE SER AT ALLE LES – FRÅ S. 207 OG UTOVER. DET FORTEL OM KORLEIS AVISENE KLARTE Å UNNGÅ AT DET VART SETT OFFENTLEG FOKUS PÅ DET DEI HADDE GJORT FØR KRIGEN. Det er ikkje berre dette som er lesverdig i Arne Skouens bok, men les i det minste dette!