Austerrike og nazismen
Austerrike og nazismen
I det siste har bÃ¥de radio og aviser brukt formuleringar som «Ã˜sterrikes manglende oppgjør med fortiden». Det gjeld tida før verdskrigen, det gjeld dei som eigenleg likte at Hitler gløypte Austerrike, det gjeld antisemittisme og nazisme.
Det har også blitt sagt at Austerrike etter krigen gjorde det kunststeget å få det til at dei sjølve var offer for Hitlers ekspansjonspolitikk i staden for å sjå i auga at dei var medskuldige.
Eg trur alle slike problemstillingar blir forenkla og skjematisert nÃ¥r ein ser det pÃ¥ avstand. Eg trur det er lett Ã¥ gløyme dei austerrikarane som arbeidde mot Hitler og dei av dei som miste livet i kampen. Men ein bør hugse at dei som arbeidde mot nazismen, kjende seg som austerrikarar dei med. Kanskje dei til og med opplevde det som dei hadde djupare rot i Austerrikes kultur enn dei som jubla for «Anschluss». Det er difor ikkje det ringaste underleg om desse, og dei som miste nære skyldfolk i motstandskampen, opplevde Austerrike som eit offer for Hitler, og etter krigen var det vel slik at deira oppfatning kom fram – i alle høve overfor dei allierte.
Vi bør kanskje tenkje på dei skjematiserte bileta av Noreg folk i andre land kan ha. Det er soleklart at dei som har ein norsk misjonsstasjon som næraste nabo, og negrar som har opplevd å få hjelp der, har eit heilt anna bilete av Noreg enn dei som har opplevd Noreg som kapitalistisk land med fabrikkar og låge lønningar i andre land. Vi tenkjer på oss sjølv som eit fredselskande lite land nord i verda. Har alle andre grunn til å sjå på oss som det, eller er det folk som ein gong kan koma til å lyfte peikefingeren mot oss og krevja at vi skal ta eit oppgjør med vår fortid som utbyttarar av innfødte her og der?
Samanlikninga har sjølvsagt – som andre samanlikningar -sine svake sider. Men vi har lett for bli litt for sjølvsikkert peikefingrete overfor andre land.
Difor vil eg be at vi også minnest dei austerrikarane som opplevde nazismens siger som eit sjokk, eg tykkjer vi skal ta med oss skildringa frå fengselet med guillotinen, eg tykkjer vi skal hugse dei som miste vener og skyldfolk i det fengselet.
Dessutan: Har vi ikkje sjølve i det siste adoptert ein økonomisk tankegang som inneber «den sterkestes rett», har vi ikkje jamvel endra kurs i det forsvarspolitiske frÃ¥ Ã¥ vera berre forsvarar av eige territorium til Ã¥ kunne vera med pÃ¥ Ã¥tak ogsÃ¥? Med andre ord: Har vi sjølve teki oppgjer med nazismen, eller ligg det noko der og ulmar som gjer at vi blir sÃ¥ lykkelege over Ã¥ kunne bruke peikefinger overfor andre?
Eg vil gjerne gje vidare nokre glimt eg sjølv har fått av motstandsrørsla i Wien under krigen. Men fyrst vil eg nemne nokre historiske røynsler som kunne gjera Austerrike svakt overfor nazismen.
Vi skal ikkje gløyme at Austerrike hadde vori sterkare parten i ein uniopn, med unionens aggresjon mot mindre makters draum om nasjonalt sjølvstende. Og nazismen baud på same slag aggresjon mot det å vera liten.
Klart det kunne vera vanskeleg for menneske i habsburgarane sitt gamle arveland å finne seg i at Austerrike etter fyrste verdskrigen berre var ein liten stat blant andre europeiske statar! Ein gong var det jo noko som heite tysk-romersk keiserdøme, austerriksk keiserdøme og dobbeltmonarki!
Ved det leitet da vår tidsrekning byrjar budde dei ulike folkegrupper på det område der Austerrike er i dag. Det var germanske, illyriske og keltiske folk. Så kom romarane. Wiens soge byrjar som romersk militærkoloni. Men folkevandringstida førte nokså mange andre folkeslag inn på arenaen, slaviske folkeslag, hunarar, avarar, madjarar.
Dersom ein studerer hsitoriske kart, ser ein at det tek si tid før det utkrystalliserer seg noko klart rike i dette hjørnet av Europa. PÃ¥ Karl den stores tid er det ein del av hans rike. PÃ¥ kartet frÃ¥ 10 og 11 Ã¥rhundre dukkar namnet Austerrike endeleg opp, det er eit rundaktig omrÃ¥de pÃ¥ kartet mellom Böhmen, Mähren, Ungarn, Bayern og Kärnten. PÃ¥ kartet som fortel om tida frÃ¥ 11,. til 13. Ã¥rhundre er kongeriket Ungarn stort. Polen er ogsÃ¥ ganske markert – men «Det hellige romerske rike» tek kaka! Det grensar mot Danmark i nord og gÃ¥r langt ned i Italia i sør. Frankrike har langt frÃ¥ dei grensene det har i dag ettersom Provence ligg under kongeriket Arelat som er del av det heilage romerske riket.
Austerrike er eit hertugdøme innanfor dette riket.
Men der vi i dag har den sveitsiske nordgrensa ligg det ein stad ein borgruin som har hatt mykje Ã¥ seia i europeisk soge. Vi bruker namneforma Habsburg – opphaveleg har det visst vori eit namn som tydde haukeborgen. Slekta derfrÃ¥ er kjent under namnet habsburgarane, og det var da denne slekta fekk med Austerrike Ã¥ gjera at det tok til Ã¥ skje ting. Vegen gjekk frÃ¥ hertugdøme til erkehertugdøme – og seinare vart det keisarrike av det.
Habsburgarane er kjende for Ã¥ ha vori dyktige pÃ¥ giftermÃ¥lspolitikkens omrÃ¥de. Dei var ikkje støtt sÃ¥ pene – vi talar framleis om «habsburgarhake» nÃ¥r underkjeven stikk ekstra fram. Men likevel: SjÃ¥ pÃ¥ dei historiske karta, følg med korleis det som er sett opp som «habsburgerfarge» veks smÃ¥tt, men sikkert ut over Europakartet!
NÃ¥r vi tenkjer pÃ¥ Austerrike, ser vi det for oss som eit litt avlangt land – med lengda vest-aust og ganske «smalt» i den vestlege delen. NÃ¥r vi no mÃ¥ leite etter Austerrike i samband med habsburgarfargen, tek det seg litt annleis ut.
I 1378 er Austerrike del av eit rike som har tydeleg retning nord-sør og til og med innheld landomrÃ¥de som seinare har høyrt til Jugoslavia. SÃ¥ kan vi la auga fara vestover pÃ¥ kartet, da mÃ¥ vi «hoppe over» Salzburg, det har ikkje habsburgarfarge, men vestfor Salzburg finn vi fargen att. Det er sjølvsagt ogsÃ¥ ein del habsburgarflekker ikring omrÃ¥det habsburgarne opphaveleg kom frÃ¥ – for ikkje Ã¥ nemne nokre knøttsmÃ¥ flekker her og der elles.
Etter kvart flyt flekkene meir og meir saman. Ein raud grensestrek syner at det framleis er noko som heiter «det heilage romerske riket», det er berre det at dei landa habsburgarane har med Ã¥ gjera, gÃ¥r tvers over grensene for det riket. Dessutan deler habsbugarslekta seg i to, og etter det høyrer vi om dei spanske habsburgarane og dei tyske.
Austerrike blir altsÃ¥ del av eit storrike. Og ikkje noko av dei gamle karta gjev oss eit landomrÃ¥de som minner om det som er Austerrike i dag. Grenseendringane i Norden verkar som blÃ¥bær nÃ¥r ein prøver følgje med pÃ¥ mellomeuropeisk grense-fastsetting. Jämtland og Härjedalen, Idre og Särna, SkÃ¥ne, Halland, Blekinge og problem med Schlesvig-Holstein, dette er bÃ¥de gamalkjent og dessutan sÃ¥ oversiktleg: NÃ¥r grensene fyrst endra seg sÃ¥ heldt dei stort sett fram pÃ¥ same mÃ¥te. Og det var tre nærskylde folk som konkurrerte om landomrÃ¥de. For ei velsigna enkel soge vi har pÃ¥ det viset –
Men nÃ¥r det gjeld Austerrike, mÃ¥ vi ta med tyrkarane og, som to gonger truga Wien, bÃ¥de i 1529 og i 1683. Det blir sagt at det bakverket som vi kallar «horn» har samanheng med den tida – det skulle visstnok etterlikne den tyrkiske mÃ¥nen.
Men da tyrkarane fyrst hadde tapt, fekk Austerrike nytt land på den måten også.
I det heile gÃ¥r det med Austerrike som med andre land som har blitt stormakt: Etterkvart blir historia prega av krigane dei fører. Stormakter og unionar er ikkje nettopp fredsskapande fenomen, sjølv om dei ofte er forfengelege nok til Ã¥ pÃ¥stÃ¥ det. Austerrike og keisaren har sentral plass i trettiÃ¥rskrigen. Denne greip slik om seg at danske og svenskekongen ogsÃ¥ engasjerte seg – danskekongen med tap, svenskekongen med siger. Dermed var maktforholdet i Norden endra.
Så er det noko som heiter den austerrikske arvefølgekrig, ein sjuårskrig, og dessutan var Austerrike blant dei som delte Polen mellom seg.
PÃ¥ «heimebane», altsÃ¥ innanfor grensene til dei austerrikske habsburgarane, arbeidde dei for nasjonal og sprÃ¥kleg einskap. Ein sprÃ¥kelskar kan grøsse ved tanken og vera glad for at det ikkje er sÃ¥ lett Ã¥ erstatte eit sprÃ¥k med eit anna med eit maktbud.
Av og til får ein visst mest om kor stor ei stormakt har vori når det endeleg kjem til eit nederlag. På sett og vis er det Napoleon som gjev oss greiaste opplysninga om kor mektig Austerrike var, da han slo Austerrike, måtte det nemleg gje frå seg Belgia, Italia, Tirol, Salzburg, Triest, Karin((((((?)a og Galizia. Framleis ligg det likevel ein kraftig blokk med habsburgarfarge på det historiske kartet. Keiserdømet Austerrike er temmeleg mykje større enn våre dagars Austerrike.
SÃ¥ er Napoleonskrigen over og Wienkongressen er den neste historiske stasjonen. Austerriket fekk ikkje att Belgia. (Og ein moderne lesar spør seg sjølvsagt: Kva skulle dei elles med det – – – ) Men i Italia og langs Adriaterhavet finn vi framleis habsburgarfarge.
Etter februarrevolusjonen i Frankrike var det liksom det gufsa fridomsvinadar over mykje av Europa. OgsÃ¥ i Austerrike. Det skjedde mykje da. Men ofte køyrer stormakter og unionar ei meir hard-konservativ line enn mindre land. Og i Austerrike kunne styresmaktene spela dei ulike folkegruppene ut mot kvarandre og slÃ¥ ned opprør i Wien ved hjelp av soldatar frÃ¥ slaviske land. Det er noko som heiter «splitt og hersk», og det har nok ofte vori brukt i rike med mange folkegrupper.
Austerrike gjorde sitt beste for å knuse politiske og nasjonale fridomsrørsler. Ungarn vart sanka inn att i keiserdømet med russisk støtte. Men så kom Krimkrigen, og Russland og Austerrike var ikkje lenger så gode vener.
I neste omgang mÃ¥tte keiser Framz Josef slÃ¥st for det han hadde i Italia, mot Sardinia og Frankrike. Slaget ved Solferino har blitt kjent i soga pÃ¥ grunn av at det var her frøet til «Røde kors» vart sÃ¥dd.
No er vi komne så langt i soga at Preussen tok til å røre på seg. Austerrike og Preussen var saman om å ta Schlesvig Holstein frå Danmark, men ikkje lenge etter kom den prølyssisk-austerrikske krigen. Denne gongen var det Preussen som vann.
Austerrike hadde mist Belgia og dominansen i Italia. Ikkje rart at det no ville passe pÃ¥ Ungarn. Det skulle bli likestilling mellom landa, og vi fekk «dobbeltmonarkiet Austerrike-Ungarn».
Nok om det. Før eg held fram med ei samanlikning av Austerrike etter fyrste verdskrigen, vil eg sitere Eugen Straub, keiserleg og kongeleg offiser frÃ¥ Austerrike-Ungarn. For Ã¥ presisere: Født i Serbia, oppvaksen i Ungarn og Polen, blir rekna som kroatisk krigar og tysk-austerriksk «kavaler». Ein kan gÃ¥ seg vill berre i det.
Det er Elsa Björkman-Goldschmidt som har sitert hans kommentar overfor svenskene: «De veit ikkje for eit lykkeleg land de lever i. Ingen minoritetar. Eitt rike, eitt folkeslag (han kjende vel ikkje til samene), ein religion. SjÃ¥ pÃ¥ oss: Keisarrike og kongerike, hertugdøme, protektorat. Fjorten folkeslag, fire godkjende religionar, katolikkar, protestantar, jøder og muhammedanarar. Evige indre strider – – – »
Her glimtar det fram noko som vi ikkje fÃ¥r med i vÃ¥rt meir summariske oversyn over austerriksk soge: Dei ulike landa har truleg hatt ulik status i samanslutninga. Noko er keiserdøme, noko er kongedøme, sÃ¥ er det hertugdøme og sÃ¥ er det noko som heiter protektorat — – Politisk ganske broket!
Og sÃ¥ fjorten folkeslag – Dette, og dei mange religionane, gjev «evige indre strider». SÃ¥ sukkar generalen: «De svenske har rÃ¥d til Ã¥ tala om fridom og framsteg.» Eit interessant sukk! TRass i at den lojale generalen trøyster seg med keisarorda om «viribus unitis» (), kan han ikkje anna enn sjÃ¥ at striden mellom ulike folk i samanslutninga hindrar fridom og framsteg.
Men generalens sukk kjem når han opplever eit anna land med større fridom og framsteg. Den vanlege austerrikaren tok det kanskje ikkje så tungt med problema i storriket, han kjende kanskje mest glansen frå keisardømet, kanskje han jamvel var stolt av styresmaktene som undertvang folka?
Lat oss sÃ¥ hoppe til Wien i 1919. Den fyrste verdskrigen slutta som kjent i 1918, men alt før det hadde svolt og naud synt seg pÃ¥ den historiske scena. Vel er det slik i soga at krig, uÃ¥r og naud heng saman, men her vart det tydlegare enn nokon gong. Samanbrot i mattransport (?) i Russland – og revolusjon. Naud i fangeleirar, naud i Wien, naud i Tyskland – og som ein stor klimaks: Armenia.
Det finst vel enno mange her i Noreg som hugsar at svoltne Wienarungar fekk koma hit og til andre land for Ã¥ koma til krefter att. (TID – frÃ¥ da til da!)
Det østerikske habsburgske riket hadde i 1918 hatt femtito millioner innbyggarar – Austerrike hadde etter krigen sju millioner. Før hadde det vori meir enn ti ulike nasjonalitetar og sprÃ¥k – no var det stort sett tysk. Berre det kunne vel vera ein støyt for dei som hadde levd opp med keisardøme og makt og prakt for auga. Men sÃ¥ nauda i tillegg –
Svensk røde kors og Redd barna kjem til Wien. Kvar skal dei ha kontor og lokale for utdeling av mat, klede og medisinar til folk? Jau, i det gamle keisarpalasset. Supper og kål og (kålrotstape eller potetmos?) Og folk som før har tente keisaren i stram uniform til å hjelpe hjelpemannskapet.
Korleis verka dette pÃ¥ folk? Ja, sume var takksame, sÃ¥ takksame at Elsa Björkman Goldschmidt siterer replikken: «For meg heng ordet Engel saman med Sverige og bleier!» Vedkomande hadde stÃ¥tt med eit nyfødt barn og ikkje hatt ei einaste fille Ã¥ bruke til bleie da ein ukjend person kom inn, presenterte seg som svensk og overleverte ei pakke med alt ein kunne trenge –
Men var det like enkelt for alle Ã¥ fÃ¥ hjelp? Kunne ikkje berre det Ã¥ trenge hjelp vekse til eit bittert problem. Hadde mannen i gata skuld for krigen? Nei, men fekk han ikkkje li for den? Jau. Og den var tapt, til og med. Kven hadde skulda for det? Han kjende sikkert mange soldatar som hadde ofra bÃ¥de liv og helse for det store Austerrike –
Som vi veit forsikra Hitler tyskarane at dei aldri hadde komi til Ã¥ tapa hadde det ikkje vori for «jødisk svik» m.m. I ein situasjon der ungar svelt og mannen kjenner seg makteslaus var det kanskje godt Ã¥ ha noko Ã¥ la hatet brenne mot –
Ja, kva veit eg. Men eg gløymer ikkje Inger Hagerups korte skildring av ungar frå Berlin som fekk koma til Noreg sumaren 1920. Ho fortel om dei to ho fekk lære å kjenne:
«Den ene, Gerhardt, typisk østkant-berliner, rapp som en røyskatt og sikkert meget grovere i kjeften enn vi med vÃ¥re sparsomme skoletysk-kunnskaper ante, men munter og glad, man kunne ikke annet enn like ham. – – –
Den andre gutten var fra et forhenværende velstandshjem, kanskje han tilhørte de utallige tyskere som etter eget sigende hadde vært millionærer før krigen og mistet alle sine penger etterpÃ¥. Han hadde et blekt, hovmodig lukket ansikt, et ansikt jeg mange Ã¥r seinere sÃ¥ igjen hos flere av de unge SS-offiserene,- kanskje han ble en av dem. Frantz het han. Antagelig følte han det som en ulidelig ydmygelse Ã¥ spise nÃ¥dsensbrød i en liten bygd i et lite filleland langt borte fra das grosse Vaterland. Allerede da visste jeg jo av personlig erfaring at milde gaver ikke akkurat skaper takknemlige følelser.»
Kven har sagt at nÃ¥dens brød er bittert? Eg trur i alle fall at wienarane i 1918/1919 kunne vera bitre over Ã¥ trenge nÃ¥dsens brød –
Ofte har eg lagt merke til at ein lettare oppfattar graden av naud ved å følgje eitt menneske. Fatteevna strekk ikkje til når det gjeld ein heil by. Men her vil eg sitere det ei jente som opphaveleg heitte Hermine opplevde:
«Jeg var ikke særlig robust, og som følge av matmangelen under krigen var jeg blitt underernært og syk. Jeg hadde vært liten i utgangspunktet, og nÃ¥ var det som jeg svant hen, heller enn Ã¥ utvikle meg normalt. Leggene var som pipestilker med store knær. Tennene var dÃ¥rlige. Da jeg var ti Ã¥r gammel, fikk mine foreldre en datter til. NÃ¥ ble det enda mindre mat pÃ¥ oss alle sammen. Min tilstand ble verre, og legen sa at hvis det ikke ble gjort noe, kom jeg til Ã¥ dø.»
» – – Sammen med andre arbeiderunger fra Austerrike ble jeg sendt langt avsted til et land som hette Nederland for Ã¥ fÃ¥ mat og komme til krefter.
Det var i desember 1920. Vinteren er alltid streng i Wien, og jeg ble pakket inn i klær og fulgt til den veldige jernbanestasjonen. Der ble vi sittende og vente i timevis, mens stadig flere sykelige barn sluttet seg til oss. Noen leger gransket den tynne, slappe kroppen min. Jeg var elleve år, men virket mye yngre. Det lange, mørkeblonde håret ble holdt sammen av en remse med bomullstøy som var knyttet i en stor sløyfe. I en snor rundt halsen hang et kort. Der stod det skrevet et merkelig navn, navnet på mennesker jeg aldri hadde truffet før.
Toget var fullt av andre barn som meg, alle med snor og et kort dinglende rundt halsen. Plutselig kunne jeg ikke se ansiktene til mor og far, toget hadde satt seg i bevegelse. Alle barna var redde og engstelige for hva som skulle skje. Noen gråt. De fleste hadde aldri vært utenfor den bydelen de bodde i, langt mindre utenfor Wien. Jeg var altfor svak til å registrere noe særlig, og togets gyngende bevegelse gjorde meg søvnig. Jeg sovnet og våknet. Sov. Reisen fortsatte og fortsatte.-
Det var beksvart natt da toget omsider stanset og vi ble ristet våkne og ført ut på perrongen. På skiltet ved siden av det dampende lokomotivet stod det LEIDEN.
Folk snakket til oss på et ubegripelig språk og førte oss inn i ei veldig rom hvor det var høyt under taket. Vi ble plassert på noen harde trestoler som sto på lange rekker. Føttene mine nådde ikke ned til gulvet. Jeg var søvnig, ville bare sove.
Foran de utmattede, syke barna sto en flokk med voksne. Plutselig kom de svermende mot oss og begynte å famle med kortene og lese navnene. Helt hjelpeløse satt vi der overfor de ruvende skikkelsene og famlende hendene.
En kraftig kar, ikke særlig høy, leste min merkelapp. «Ja» sa han bestemt. Han grep hÃ¥nden min, hjalp meg ned fra stolen og førte meg bort. Jeg var ikke redd og fulgte villig med ham.»
Fyrst fÃ¥r ein skrekken nÃ¥r ein tenkjer pÃ¥ kor stritt familien hadde hatt det nÃ¥r dei kunne orke Ã¥ sende frÃ¥ seg dottera. SÃ¥ opplever ein kor veik ho verkeleg hadde vori nÃ¥r ho i ei stode som friske ungar ville møtt med spenning og full observasjonsevne, berre søv og søv, er «for svak til Ã¥ registrere noe særlig» o.s.b.
Ikkje ein gong da dei er komne dit dei skal, har ho noko anna ønskje enn å sova .
Etter nokre veker, tek ho til Ã¥ fÃ¥ kreftene att. Og for no Ã¥ avsløre enda ein grunn til at eg har teki sÃ¥ mykje med av soga om lille Hermine: Dei fleste kjenner henne under eit heilt anna namn. Ho vart inga filmstjerne eller slikt, det er ikkje derfor, men noksÃ¥ mange i Europa har lesi om henne under namnet «Miep van Santen».
For same lille Hermine ønska seg ikkje heim til Wien da ho hadde komi inn i det nederlandske samfunnet. Ho skulle vori der tre mÃ¥nader, sÃ¥ vart det lagt til tre, og sÃ¥ enda tre. Ho hadde vori ti Ã¥r da ho kom til Nederland, ikkje før ho var 16 fekk ho sjÃ¥ Wien att. Dei nederlandske foreldra tok henne med dit, og den eigenlege mora sÃ¥g korleis stoda var og sa nokre kloke ord: «Det er best at Hermine reiser tilbake til Amsterdam med dere. Hun er blitt hollandsk. Jeg tror ikke hun vil bli lykkelig her i Wien.» Og nÃ¥r Miep fortel dette, held ho fram: «Knuten i brystet løsnet.»
I tidas løp fekk ho jobb i firmaet til Otto Frank.– som ogsÃ¥ hadde komi til Holland frÃ¥ eit anna land, nemleg Tyskland. Og difor er Miep var Santen, eller rettare Miep van Gies ein viktig person i Anne Franks dagbok.
I boka hennar fÃ¥r ein høyre om arrestasjonen – den vi av gode grunnar aldri fÃ¥r høyre om i Anne Franks dagbok. Miep var den som tok vare pÃ¥ Annes dagbok.
Og lat oss no koma attende til dagens Austerrike-problem:
I scena der Miep treffer mannen som arresterer dei, blir vi eigenleg presentert for Austerrikes to andlet:
Miep – eller Hermine, da – sit nærmast svimeslegen ved bordet etter Ã¥ ha møtt tyskaren som kjem for Ã¥ arrestere familien Frank. Men ho tenkjer at det er noko kjent ved aksenten til den tyskaren.
«Han hadde latt døren til gangen stÃ¥ Ã¥pen. Jeg hørte den tyske stemmen snakke i en skarp tone. SÃ¥ hørte jeg Kralers stemme og deretter den tyske igjen. Plutselig gikk det opp for meg hvorfor den virket sÃ¥ kjent. Han snakket tysk med tydelig wieneraksent. Han snakket akkurat som slektningene mine som jeg hadde forlatt for mange Ã¥r siden.
Denne mannen kom tilbake til kontoret mitt, men nÃ¥ var tonen hans forandret. Jeg kunne se at han ikke betraktet meg som uskyldig. Han hadde Ã¥penbart funnet ut at jeg mÃ¥tte ha kjent til hemmeligheten. Han kom inn, stilte seg ved siden av meg og sa bistert: «NÃ¥ er det din tur.» Han tok nøklene herr Kophuis hadde gitt meg.
Jeg reiste meg og sto ansikt til ansikt med mannen. Jeg kjente den varme pusten hans, sÃ¥ nær stod jeg. Jeg sÃ¥ ham rett inn i øynene og sa pÃ¥ tysk: «Du er fra Wien. Det er jeg ogsÃ¥.»
Han stivnet. Jeg kunne se at det overrasket ham. Dette hadde han ikke ventet Plutselig vikret han forvirret og eksploderte: «Papirene dine. Identitetskort.»
Jeg fant fram kortet der det sto: «Født i Wien, gift med en nederlender.» – – Han studerte kortet mitt.»
Mange berga livet nettopp ved uredd opptreden, og det som slÃ¥r han av marka her, er Mieps ranke mÃ¥te Ã¥ ta han pÃ¥: «Du er fra Wien. Det er jeg ogsÃ¥.»
SÃ¥ byrjar han brøle om at ho har hjelpt jødisk søppel – men ho stÃ¥r framleis rak og utan Ã¥ reagere pÃ¥ orda. Og til slutt let han vera Ã¥ arrestere henne der og da. Ho skal fÃ¥ bli, men mÃ¥ halde seg i ro.
«Her stÃ¥r to mennesker ansikt til ansikt. De er fra samme land, fra samme by. Den ene jakter pÃ¥ jøder, den andre beskytter dem.»
Dette er også eit sitat frå boka om Miep Gies. Og nettopp dette bør vi ha klart for oss no. Har andre land rett til å forlange at Austerrike skal oppleva seg sjølv berre som landet som fostra Silberbauer, ikkje landet som fostra Hermine som vart til Miep de Gies?
Vel, Miep kom til Nederland, og vart sjølvsagt prega av nederlandsk tradisjon. Men ogsÃ¥ wienarar som vart att i Wien dreiv motstandslamp. Eg vil be om at nordmenn atter ein gong ser for seg landets plassering. VÃ¥re motstandskjemparar visste at det var mogleg Ã¥ flykte ut over havet eller over skogen til Sverige. Kvar skulle austerrikarane gjera av seg? – – – Over fjella til Sveits – Samanlikn den lange kysten vi kunne flykte frÃ¥ og den lange grensa vi har saman med Sverige med den grensa Austerrike hadde mot eit nøytralt land.
NÃ¥r eg fortel om austerriksk motstandskamp støttar eg meg atter til Elsa Björkman Goldschmidt. Det er kanskje ikkje sÃ¥ vanskeleg Ã¥ sjÃ¥ av namnet hennar at ho var gift med ein jøde. Og det er ikkje sÃ¥ vanskeleg Ã¥ tenkje seg at ho nettopp mÃ¥tte vera av dei som hadde bitre kjensler overfor alt som hende kring «Anschluss». Ho hadde jo levd i Wien og var glad i byen.
Og overskrifta til denne artikkelen har eg lånt frå mannen hennar. Hans familie hadde i 400 år vori borgarar i det austerrikske riket, og han kjende seg fest med røtene der: O du mein Österreich!
Eg har inntrykk av at Elsa Björkman-Goldschmidt meiner at dei største politiske partia i Austerrike i for stor grad dreiv med sin kamp mot kvarandre i staden for Ã¥ samle seg mot den store faren: nazismen. Lat oss for øvrig sjÃ¥ i leksikon att. Om Hitlers annektering av Austerrike stÃ¥r det: «I mars 1938 ble Østerrike innlemmet i Tyskland,» og like etterpÃ¥ forteller leksikonet: «Ved en folkeavstemning i april s. Ã¥. uttalte 99,75 pst seg for «Anschluss».» Dette kan jo verke som overveldande nazistisk majoritet i sjølve Austerrike. Leksikonet nemner ingenting om kven det var som fekk lov Ã¥ røyste ved dette valet, og vi som kjenner til korleis nazistane fór fram, har kanskje lita tru pÃ¥ at folk verkeleg sa det dei meinte.
PÃ¥ ei anna side: Alt i 1918 hadde nasjonalforsamlinga i Austerrike vedteki «Anschluss» til Tyskland. Den gongen var det inga tilslutning til nazismen i det. Det var berre avdi nasjonalforsamlinga ikkje «ansÃ¥ det nye Østerrike som en levedyktig enhet» fortel leksikonet oss. (Truleg hadde dei da same landomrÃ¥de som i dag,(), 83549 km2, og vel 7 millionar innbyggjarar. Til samanlikning vart Danmark og Island i 1918 samde om personalunion, altsÃ¥ indre sjølvstyre for Island, da var innbyggjartalet der (), og i 1944 sa islendingane at dei ikkje ville fornye unionen. Da var talet pÃ¥ islendingar ()- – – .)
Men ettersom 1918 var før nazismen dukka opp på arenaen, kan ein tenkje seg at enkelte også seinare såg spørsmålet om Anschluss som eit spørsmål som ikkje primært galdt nazismen.
Attende til Elsa Björkman-Goldschmidts skildring av stemninga i Wien i dei avgjerande timane. Orda hennar er ikkje patosfylte, men eg mÃ¥ tilstÃ¥ at eg kjenner spenninga ved situasjonen – krampetrekninga for Ã¥ skÃ¥ne Austerrike for nederlaget overfor Hitler og tapskjensla i nederlaget som likevel kom.
«Socialdemokraterne och de kristligt-sociala hade slutit borgfred inför det tyska hotet og likt den sista livsgnistan som brukar flamma upp i en ren klar lÃ¥ga brann den förmiddagen hos mÃ¥nga människor medvetandet om stundens vikt.
Gatorna i Innere Stadt var fyllda av propagandabilar med högtalare. Man ropade sig hes i valparoller och vadade i valsedlar. Förut sovande element hade vaknat ut sin försoffning, ropen pÃ¥ ett fritt Österrike överrostade heil-ropen, de blev alltmera övervägande, jublande och segervissa. Nationalsocialistiska grupper med «illegala» Hitlerungdomar tycktes vika undan . . . «
Men redan vid fyratiden märktes en ny förskjutning. Och så, på en gång, förändrades situationen. Jag stod framför Stefansdomen där striden stått hårdast och upplevde där den plötsliga spöklika scenförändringen. Högtalarne tystande, propagandabilarna försvann och ropen kvävdes i ens av oro hopsnörda strupe.
Något hade hänt. Folk skingrades, alla for hem till sina radioapparater som väl hade något att meddela. På mindra än en kvart såg Innere Stadt ut som et övergivet slagfält. Men en stormbådande orosmättad lugn.
Jag for och hämtade Waldemar som var pÃ¥ ett föredrag och tilsammans skyndade vi till utlandspressens rum i Telegrafverkets hus vid Börseplatz. Där fick vi lyssna till Schuschniggs avskedsord i radio. Regeringen hade mÃ¥st vika för övermakten, tyska truppar tÃ¥gade nu in. Vid de sista orden: Gud skydde Österrike, tycktes rösten svika honom».
Elsa Björkman-Goldschmidt fortel vidare om kor stilt det blir i rommet, korleis tÃ¥rene renn, og her er det fleire austerrikarar som sørgjer saman med andre utanlandskorrespondentar. SÃ¥ kjem det sørgemusikk i radioen – men brÃ¥tt kjem «nyhetsupplesning». Denne er proklamasjonen frÃ¥ tysk side: Den nye «forbundskansleren», Seyss-Inquart har bedi tyske troppar om Ã¥ marsjere inn i Austerrike for Ã¥ oppretthalde ro og orden ettersom væpna sosialistar og kommunistar truga med Ã¥ gjera opprør –
Det er jo eit velkjent nazistisk triks. Det var jo oppatt og oppatt farlege sosialistar og kommunistar dei skulle «forsvara» landa dei okkuperte mot. Samstundes kalla partiet seg det nasjonalsosialistiske tyske arbeidarparti! Dei hadde ikkje pÃ¥ noko sett eller vis hemningar nÃ¥r det galdt Ã¥ stela slagord og namn og proklamasjonar. Dei hadde skjøna kor effektivt det er Ã¥ slÃ¥ folk i svime med motstridande opplysningar og proklamasjonar.
Det er berre ein ting som set seg fast i ein som les skildringa no i ettertid: Kan nazistane ha vori trygge på at røystinga ville gå i deira favør da dei måtte skunde seg å gløype Austerrike før røystinga var fullendt? Hadde dei venta seg ei tilslutning på 99,75%, hadde det vel ikkje vori naudsynt å skunde seg slik med å marsjere inn i Austerrike.
Det som kjem i tillegg for Elsa, er sjokket når enkelte snur på ein femøring og ropar velkomen til Hitler like etter at dei har gjevi uttrykk for at han ikkje har noko der å gjera. Og det er ikkje så enkelt å brått vera uønska der ein har levd og vori ein del av folket.
Det er ikkje sÃ¥ vanskeleg Ã¥ skjøna stemninga nÃ¥r ein fÃ¥r høyre at mange av dei dei kjenner tek livet av seg. EBG er inne pÃ¥ tanken ei trøytt natt da dei har brent bøker som det kunne vera farleg Ã¥ eige dersom tyskarane kom pÃ¥ husundersøking. Waldemar, mannen hennar, roar henne og det blir snart klart at det ikkje er nok Ã¥ brenne bøker. Dei mÃ¥ koma seg ut av landet. Og Elsa er heldigvis enno svensk – – –
Waldemar fÃ¥r alle vanskar som flyktningar gjerne fÃ¥r. Det er hardt for han Ã¥ ikkje lenger vera ein søkt lege, det er hardt Ã¥ leva pÃ¥ nÃ¥de som uverksam person i eit framandt land. NÃ¥r EBG fortel at ho av og til har trøysta han med at det trass i alt var hanss som klarte Ã¥ skaffe dei det husveret dei fÃ¥r i SVerige .-sjølv om det mÃ¥ stÃ¥ i Elsas namn – sÃ¥ skjønar vi kor hardt det har vori for han. SÃ¥ blir han sjuk og døyr ()
lsa dreg til Wien i hjelpearbeid att. Men det er ein ting som ho brenner for. Ho vil, som ho seier, «nÃ¥ det Wien som inte jublat.» Ho vil ogsÃ¥ finne fram til den personlege motstanden, den motstanden som ikkje er politisk organisert. Ho trÃ¥ler kontor og leiter etter folk. Men det ho finn er «organisationer av huvudsakligen politisk innställning.» Det ho ønskjer, er fÃ¥ vita kva kolleger, grannar, medmenneske hadde klart Ã¥ gjer, kor mykje som dei hadde kunna gjera. «En inra, mera intim bild av individuellt handlande var vad jag förgäves famlade efter.»
Etter fleire år kjem ho til å få sjå eit fotografi frå hjelpearbeidet i Wien. Ho verkar så mellomfornøgd og halvhjarta på fotografiet. Det er nettopp på denne tida ho strevar med å koma i kontakt med einskildpersonar som har arbeidd mot tyskarane. Og det ser ikkje ut til å lykkast.
Men når ho ser att dette fotografiet etter alle desse åra, kjenner ho seg mest skamfull. For på biletet sit ho saman med dei som kunne gjevi henne dei beste opplysningane. Der sit Pater Born, og der er syster Verena.
Ein tenkjer ofte at det å gøyme seg i ein stor by er enklare enn mykje anna. Og det kan kanskje ha noko for seg. Men la oss ikkje idyllisere stillingen i ein by i slike tilfelle.
Lat oss ta ei samanlikning: Ei bygd i Noreg. Folk som gøymer seg ein stad oppe i skogen. Korleis får dei mat? Å, ungane på næraste gard er rett som det er ute i skogen med noko som dei plasserer under ei stor helle der oppe.
Det er greitt å gå med spann i skogen i bærtida. Og det er vel mange måtar å kamuflere ein skogstur på i mørkret om vinteren. Berre at snø og spor kan vera farlege saker.
Men når det lysnar? Kan det vera folk som da etter kvart tek til å tala om at det er fælt så travelt dei ungane har det med å renne i skogen?
Det kan vera ganske oversiktleg i ei lita bygd. Det er ikkje så rart at enkelte tenkjer at små innsmett midt i ein by må vera betre.
På ei anna side: Frå ein skog i ei bygd i Noreg var det gjerne mogleg å dra over til Sverige. Eller ut over havet. Innelukt i Wien, i eit innsmett der, i årevis, og kven skaffar mat og korleis er det mogleg å skaffe mat til fleire enn den familien som har fått utdelt rasjoneringskorta?
NÃ¥r vi da tykkjer vi har rett til Ã¥ peikefingre overfor Austerrike, sÃ¥ la oss endeleg ogsÃ¥ sjÃ¥ for oss stoda i Wien. Og her mÃ¥ eg gje att ei soge Elsa Björkman Goldschimdt kjem med – om Josef. Han hadde dÃ¥psattest, men det var ikkje nok – han hadde ikkje attest pÃ¥ Ã¥ ha rette slag forfedrer. Ein dag kom han og bad om hjelp.
Da fekk han spørsmÃ¥l om kvar han heldt til. Og ganske rett og endefram fortalde han at han budde pÃ¥ kyrkjegarden. Nede i ei grav. Ei sementert grav der det var lett Ã¥ fÃ¥ lokket unna og fire seg ned. SÃ¥ kunne han leggje seg mellom to av kistene der nede. PÃ¥ morgonen stod han opp like før dei som skulle stelle kyrkjegarden kom. Han var ikkje redd for Ã¥ bu nede hos dei døde – han kunne rett nok fortelja at dei musiserte for han om nettene, men redd var han ikkje.
Om dagen fekk han seg mat med Ã¥ gje arbeidshjelp til folk som trengde det. Karfolka var jo stort sett utkommandert, og mange kvinner trong karfolkhjelp – og sÃ¥ spurde dei heller ikkje noko – – –
Likevel – her kom han og bad om hjelp. For no gjekk det ikkje lenger. Kvifor ikkje? Jau, det hadde snødd, og no var spora til og frÃ¥ grava tydlege. Han hadde hÃ¥pt pÃ¥ tøvêr, men diverre, no hadde han sett at folk la merke til spora i snøen.
SÃ¥ var det paret som hadde fÃ¥tt ein unge medan dei var i gøymestaden sin. Og ungen skreik, som ungar plar skrike – og ho som gøymde dei, kunne ikkje meir.
SÃ¥ var det «Das Graue Haus». Fengselet der folk ogsÃ¥ vart avretta – med ein guillotin. Den protestantiske fengselspresten Hans Rieger har fortalt om det som gjekk føre seg der. Dei som vart drepne der under krigen, kunne vera katolikkar, evangeliske, protestantar og utanfor dei vanlege religiøse grupperingane. Den protestantiske presten fungerte for dei alle. Vel var det katolsk prest der ogsÃ¥, men det hende han mÃ¥tte ta seg av katolikkane ogsÃ¥. Til dei som var avgjort ikkje-truande, kom han som medmenneske, som ein siste ven.
Den som hadde vori der før han, hadde ikkje klart jobben. Hans Rieger vart ogsÃ¥ dÃ¥rleg da han hadde opplevd guillotinen fyrste gong, og legen rÃ¥dde han til Ã¥ finne noko anna Ã¥ gjera. Men da opplevde han Guds røyst i seg – «dette er ditt arbeid» og sÃ¥ vart han. Truleg var det flest katolikkar ogsÃ¥ blant dei som vart drepne pÃ¥ grunn av motstand mot nazismen, men han hadde følgt nærmare 400 til avrettingsplassen. Og nÃ¥r han fortel det til Elsa, legg han til desse orda: «Sume av desse følgjer meg enno.»
Den som vart dømt, kom inn i eit lite rom. Med andletet mot domaren mÃ¥ han eller ho seia namnet sitt, fÃ¥r sÃ¥ vita dødsdomen og at det ikkje er noa von. Bak han har det sniki seg inn seks svartkledde menn. SÃ¥ seier domaren «dommen fullbyrdes», og i det same fÃ¥r offeret ei hand over auga, dei svartkledde dreg vedkomande raskt ut i eit anna rom, og i neste augneblinken høyrest lyden av guillotinen. Lyden høyrest ut i korridoren, og dei som ventar pÃ¥ tur, høyrer korleis det gÃ¥r til. Det er rÃ¥tt og effektivt.
Avdi den romersk-katolske kyrkja her var statsreligion, kunne ikkje dei katolske prestane følgje med til avrettingsplassen. Det gjorde derimot Hans Rieger.
Ein katolsk prest hadde hjelpt jødar og skulle døy. Da han gjekk frÃ¥ cella, tok han til med trusvedkjenninga, da domaren spurde kva han heitte, hadde han komi fram til «eg trur pÃ¥ den heilage anden», og da han la hovudet pÃ¥ guillotinen, fall øksa ved orda «i all æva, amen».
Hans Rieger lærde seg også ein spesiell stenografimetode. Så han skreiv ned dei siste breva fangane sende heim. Det tyder at dei i det minste i dette brevet slapp sensuren. Og ettersom det var få som kunne nettopp denne stenografien, var han viss på at ingen hadde kunna tyde det som stod på dei tynne arka han hadde liggjande inne i Bibelen sin.
SÃ¥ kan ein lesa breva – om ein orkar. Dei som Elsa Björkman-Goldschmidt siterer, er truleg noksÃ¥ representative ettersom ho har prøvd Ã¥ fÃ¥ med seg brevskrivarar av ulik alder, samfunnsplassering og grunn til Ã¥ drive illegalt arbeid. «Alle mine kjære – no er dagen komen – – -» Eller «kjære mor og barn – dette er en sørgeleg dag ettersom eg mÃ¥ forlate dette livet klokka fem i dag – » » i morgon er altsÃ¥ den store dagen, det gjekk litt rapt for seg alt no pÃ¥ slutten. Det er ikkje vits i Ã¥ innbille seg noko. Sjølv er eg ikkje redd for Ã¥ døy, men eg tekjer pÃ¥ dykk, mamma og pappa – » Enkelte skriv til familien under eitt, andre sender spesielle helsingar til kvar og ein, andre gjev uttrykk for si tru – ein ber dei andre «tru fast og trufast», ikkje hekte seg opp i bagateller, men kjempe for det som det er viktig Ã¥ kjempe for. SÃ¥ har vi ogsÃ¥ dei som har politisk tru som si tru – like alvorleg og gjennomført som den religiøse.
«Eg er ikkje den einaste som mÃ¥ ofre livet i denne brutale krigen. Ikkje ein gong i denne siste tida har min kjærleik til menneska sloka, den er sterkare enn nokon gong. Om dei berre hadde lati meg fÃ¥ sjÃ¥ dykk bÃ¥e og den lille nykomlingen – – – »
Dette er også Austerrike. Lat oss ikkje gløyme det. Og lat oss ikkje vera så ivrige på å moralpreike overfor andre at vi gløymer våre eigne synder. Når eg seier det slik, talar eg ikkje om fortid. Eg talar om notid.