Johanne Louise

NÅR FANTASIEN IKKJE STREKK TIL

Har du nokon gong høyrt følgjande disputt mellom ein vanleg nordmann og ei vanleg norsk kvinne?

Kvinna: «Nå må det bli slutt på atomindustrien – slutt på bomber og atomkraftverk – «

Mannen: «Jamen, det er da klart det at vi må da forsvare oss. Je ville itte gå mæ på at noen skulle kommå hit og ta landet frå øss – – – «

Kvinna: «Vel, men hva gjør du om de bruker atombombe – — «

Mannen: «Går i kjelleren vel – » I eit glimt oppfattar han at dette kanskje kan vera urealistisk og legg til med ein flir: «Hvis je rekk det, da.»

Kvinna: «Og hvis du overlever i den kjelleren din – hva gjør du etterpå da?»

Dette prøver mannen fyrst å flire bort. «Hehe -etterpå – » Og så skundar han seg å finne eit svar: «Da går je ful ut att, da – – – «

I DAGDRAUM-LANDET

Det er for så vidt sympatisk med menn som så opent fortel kva dei ser for seg når det gjeld «etterpå» ei atombombe. Og naiviteta er så søt at ein får hug til å seia: Måtte dei berre for all framtid ha like liten nær kjennskap til kva dette går ut på! Men det hender at kvinner som veit meir enn denne mannen, køyrer vidare med spørsmåla: «Og kva gjer du så? Kvar går du, kvar finn du vatn, kvar finn du mat – – – Kvar går vegen vidare?»

Det som er farleg, er at dei som sit i styre og stell umedvite veit presis like lite som den vanlege mannen eg her har presentert. Dei gøymer kanskje vankunna si og dekkjer seg bak fine statistikkar – på grunn av den store teie-politikken kring alt som har med atombombe og atomkraft å gjera, kan det nemleg verkeleg bli «fine» statistikkar – men på botnen av problematikken ligg det at jamvel vaksne menn har nokre vage fantasiar om atombombe som ein kan gje ord til på denne måten her:

«Atombombe? Åh – dersom det blir krig, da blir det spennande, altså. Og kanskje så detter det ei bombe -Men da sit eg sjølvsagt i bomberom. Og så har eg vori så flink å ta med meg fotoapparatet. Så etterpå er det eg som presenterer dei fyrste bileta for avisene, og det tener eg grovt på, og dermed kan eg ta til med å byggje opp att for familien min – «

Det finst kanskje dei som vil tru eg overdriv når eg skriv dette. Men eg er redd det ikkje finst eit korn av overdriving i det eg seier. I dagdraumane våre er vi alle utruleg barnslege. Og mange kan ikkje sjå for seg annan røyndom enn den dei har ikring seg – bortsett frå når dei dagdrøymer.

Når alt kjem til alt, kan korkje den vanlege «mannen i gata» eller politikarane innst inne tenkje seg ein situasjon der ingenting er att. Utan å tenkje over det, ser dei t.d. avisa som sjølvsagt i samfunnet. Og om dei har lesi om radioaktiviteta, så har dei likevel ikkje kopla kunnskapen saman – dei tenkjer ikkje anna enn at det skal vera mogleg å gå ikring og fotografere i ein radioaktiv ruin. Enda det som førte til oppdaginga av dei radioaktive strålene, nettopp var deira evne til å verke på ei fotografisk plate – – – Tanken om at eit fotografiapparat og ein film totalt sett er heilt malplassert i det slumtilvere som må bli resultatet av atombombeåtak eller ei ulykke med atomkraftverk, er heller ikkje med – – – I dagdraum-landet er alt mogleg.

Den som ikkje nettopp fantaserer om at han har hatt med seg fotografiapparatet, har andre like urimelege bilete. Sume ser kanskje for seg seg sjølv i helterolle – som den som ber andre på ryggen og bergar dei fram til sjukehuset – Det er like utenkjeleg at sjukehuset er borte som at avisa er borte.

På eitt felt trur eg vi alle er like – anten vi veit meir eller mindre om atombomber og radioaktivitet: Det er støtt nettopp eg og familien min som overlever! Eg trur dette må vera regelen utan unntak. Innst inne kan ingen tenkje seg at det verdsmidtpunktet som heiter «eg og familien min» ikkje skal overleva på eit eller anna vis, og vi ruver stort og tappert i våre eigne tankar når vi går i gang med livet «etterpå».

Ikkje berre det – men det finst folk som filosoferer på denne måten: «Menneska har jo støtt måtta tilpasse seg omgivnaden. Og det er klart at etter ein del år, så har det også i dette tilfelle blitt dei som er best skikka som overlever.»

Dei ser altså atomindustrien i Vårherres stad – den legg «premissane», og så er det berre for menneskets genetiske kode å rette seg etter det. Spørsmålet om det er mogleg for oss å «tilpasse» oss stoff som ikkje ein gong var «påtenkte» da verda vart til, streifer dei ikkje. Og heilt typisk: Ikkje i fjernaste krik av hjernen kan det dette dei inn at det kanskje nettopp er dei sjølve som vil «bukke under» fyrst. Sjølve argumentasjonen avslører at dei kjenner seg sterke og har ei trufast tru på at deira eigne gen er praktfulle saker som klarer alle braser. Etter ei stor tid med utrensking av individ som er å rekne for «mindreverdige» i forhold til atomindustrien, skal dei sjølve og deira familie stråle fram og ha mykje meir livsrom – Slik ser dei for seg «en ny verden og en ny jord – «

HARDE HJARTE

Det er eit religiøst uttrykk som heiter «For deres hårde hjerters skyld – » Og noko i denne samanhengen har med «hårde hjerter» å gjera. Dersom menneska ikkje hadde visst at atombombe var farleg, hadde dei jo heller ikkje brukt den. Når dei kastar bombe over andre folk, da er det avdi dei har valt å ha «hårde hjerter». Men straffen for dei harde hjarta råkar så fortvilt tilfelleleg. Straffen driv med vind og sjø og råkar barn som ikkje har noko ansvar for bomba. Kanskje også barn av dei som skapte bomba. Og når teknologien går vidare, så kjem enda fleire inn som offer. Kvifor skal det t.d. nett vera folk i Kviterussland og Ukraina som må li – var det dei som dytta det i gang, var det dei som endeleg ville bruke bomba over Hiroshima? Det som i si tid førde til den forserte optimismen i forhold til atomkraftverk – – –

Men om ein kan tala om «hårde hjerter» når det gjeld dei som i si tid brukte bomba over Hiroshima, så må ein seia at det er mangel på tenkjeevne og førestellingsevne hos dei som trur dei kan byggje eit forsvar på noko slikt.

Mennesket har ein fantastisk tenkjeevne, det er så, og det er utruleg alt dei har fått til – MEN! Å tala om «forsvar» i samband med atombombe, det syner tydeleg at menneska midt i sin kunnskap er barnslege og at intelligensen har klare grenser. Eller er det vi som berre tek i bruk ein del av intelligensen vår?

INTELLIGENS – OGSÅ Å KUNNE BRUKE FANTASIEN

Eg trur ikkje ein kjem utanom den tingen at intelligens også er å kunne bruke fantasien. Da tenkjer eg ikkje på dagdraumen, men på ein klar og krevjande innsats for å setja seg inn i det som ein ikkje nettopp har for auga.

Eg trur ingen nokon gong har vori nøydd til å lære å dagdrøyme – men stundom må ein lære å bruke fantasien på den viktige og rette måten: Å tenkje seg situasjonar ein ikkje har opplevd.

Når ein lærer å køyre bil, oppdagar ein snart at det å bli ein god bilførar, nettopp er å ha fantasi til å leggje vekt på åtvaringane langsmed vegen. Kvart einaste «fare»skilt fortel lange soger som ein bør klare å ha aning om.

Eg trur vi her og no skal ta ein dukkert ned i krava til ein god bilførar – for krava til ein god politikar er eigenleg av same slag som krava til ein bilførar.

KRAVET NÅR EIN VIL BLI EIN GOD BILFØRAR

Lat oss ta skiltet: Barn leiker. Min køyrelærar hadde ikkje så heilt lite av «attåtsoger» til dette skiltet. Stod det lastebilar ved fortauet i gata der det stod at «barn leiker»? I så tilfelle måtte eg hugse enda betre på å titte under bilen. Lastebilhjul er så høge at dei avslører mykje om kven som er på andre sida av bilen. Far varleg! Titt! Ungeføter i rask fart? BREMS!

På Island har eg sett eit skilt med ein bodskap som ikkje er til å sjå bort frå: Eftir bolta kemur barn! Det vil seia: Etter ein ball kjem eit barn, eller, med litt andre ord: Ball i vegen tyder barn i vegen. Også ein måte å lære bilførarar «attåtsoge». Ein ball som kjem trillande, tyder ikkje berre ein ball som kjem trillande. Den tyder: Stopp! For Guds skuld!

Eg hadde ein gong lesi ei soge i eit bilblad om ein kar som hadde køyrt på ein unge og atter og atter fortalde at ungen berre var der på vegen – plutselig. Soga var såpass godt fortalt at eg såg det levande for meg, og det grøss i meg ved tanken på å vera i hans skor nett der og da.

Her er eg framme ved noko vesentleg: Dei redsleglimta ein kan få – fantasiens varselblålys. Eg veit at denne grøssen stramma meg opp i forhold til køyrelærarens stendige: «Der kan det være barn!» Han la vekt på å gje meg «attåtmeldingar» til dei skilta eg såg, ville lære meg å trekkje konklusjonar av eit fareskilt, og avdi eg hadde lesi soga i bilbladet og hadde fantasi til å fange opp grøssen ved den, vart eg ekstra lydhør.

Eg har sagt at: Intelligens er også å kunne bruke fantasien. Lat oss konsentrere oss om dette blaffet av redsle som kan dukke fram i sjela, denne «grøss-reaksjonen». I ein blenk set ein seg sjølv inn i ein situasjon ein ikkje har opplevd og tenkjer: Enn om det hadde vori eg som hadde køyrt på den ungen. I same blenken veit ein: Dersom det hadde vori eg, hadde eg hatt det vondt i dagar, veker, månader – og uten å kunne bli kvitt det heilt og fullt nokon gong.

For meg var dette redsleblaffet ikkje over med det eg den gongen las. Grøssen følgde meg vidare – og har vori ei stendig oppstramming når bilen låg i god fart og noko utålmodig i sjela mi gjerne ville la bilen «strøyme» vidare –

Nota bene: Hadde eg vori i den situasjonen den bilføraren var i, så hadde ikkje grøssen vori berre til åtvaring. Den hadde da vori eit stendig mareritt. Ei liding eg aldri kunne fri meg frå.

Med dette dømet meiner eg eg har nådd fram til fantasiens viktige rolle i menneskelivet. Eg trur denne eigenskapen er så viktig for menneska at vi knapt hadde overlevd til denne dag utan den. Dyra har instinkt og er lynkjappe -mennesket skaper seg eit meir infløkt miljø og treng å kunne tenkje seg fare utan å oppleva for å kunne overleva. Når ein samaliknar med dyra, ser ein for øvrig at denne bruken av fantasien høyrer til høgare intelligens.

Men, på ei anna side, så er det jo også lett å misbruke den – særleg avdi slike eigenskapar også må bli brukte og trena i si opphavelege oppgåve for å bli til velsigning.

Det er klart det er vondt å sjå for seg ting som kan skje. Og ein rask forsvarsreaksjon kan vera å hoppe over i dagdraumen. Ein dagdraum ville laga opp ei vakker soge om korleis ein klarer å berge den ungen trass i alt. Da bruker ein fantasien til å lulle seg inn i svevn. Men så har ein i det minste den tanken at ein skulle gjera noko for å berge –

«DET HAR ÆLLER VØRI NOEN BAK MEG – «

Den som ikkje ein gong hoppar inn i dagdraumen, men som avfeier heile stasen med at «det har jo ikkje skjedd!» er farlegare. Ei munter soge frå bygde-Noreg læt slik: Det var ein mann som rygga på ein annan mann. Så kom han ut av bilen sin og sa: «Det har æller vøri noen bak meg på dænna vægen før!» Dette er så ganske presist innstillinga hos dei som ikkje vil bruke fantasien – og kanskje ikkje kan det. Det som ikkje har vori, kan liksom aldri bli –

Muntre soger kan vera greitt nok, men det er noko alle veit at liknande innstilling i 100 kilometers fart, kan bli spørsmål om liv og død. For fleire enn den som har den innstillinga. Tenkj om alle våre bilførarar var slike som ikkje kunne tenkje seg fare og ta konsekvensen av den tenkte situasjonen?

NÅR FANTASIEN KAN BERGE OSS FRÅ Å HA DET VONDT – OG BERGE OSS FRÅ EIT DÅRLEG ETTERMÆLE

I den situasjonen eg har skissert opp, er fantasiens oppgåve på ein måte å hjelpe oss til å unngå liding. Den kalde redsla som rislar gjennom ein når ein får høyre om noko som kan gå retteleg ille, er eit forsvar mot sjølv å lande i det. Ingen kan sleppe heilt unna å ha det vondt, men mange store sorger og mang ei liding kan ein unngå ved hjelp av fantasien.

Det verste er kanskje at i og med at vi lever i eit samfunn, har det vi gjer, konsekvensar for andre menneske. Med andre ord: Når eg bruker fantasien, kan eg også hindre at andre menneske får det vondt. Her er det ikkje berre spørsmål om å bruke fantasien for å forsvara seg sjølv mot liding, her kan det også bli spørsmål om ein skal bli rekna for eit godt og ærleg menneske eller ein forbrytar. I denne samanhengen kjem også parallelliteten med politikarsituasjonen tydeleg fram. For ein ting er visst og sikkert: Mange som i våre dagar har hatt status som «ansvarleg politikar» kan i ettertid bli rekna for storforbrytar mot menneska – avdi han ikkje brukte fantasien da det galdt atomvåpen og atomkraftverk.

Ingen kan unngå liding heilt og fullt. Men det er lang veg frå våre daglege småsorger og det er lang veg frå dei problema vi stønner og græt over og til den situasjonen kvinner i Kviterussland har når dei veit at ungane ikkje kan leva opp. Den situasjonen skulle dei kvinnene vori spart for! Korleis? Ved at dei styrande i verda hadde evne til å tenkje seg så langt inn i ulykkessituasjonen at dei klarte å ta imot åtvaringa og let sitt eige handlingsmønster bli prega av det! Det er i denne samanhengen ein ser kor sant det var, det ein diktar formulerte før andre verdskrigen: «Det farligste i verden er fantasiløse statsmenn.»

OM BILKØYRING OG POLITIKK

Køyrelæraren si oppgåve er å lære eleven å dra konklusjonar av eit fareskilt, og om eleven da til og med har evne til å ana ein situasjon han ikkje har røynsle for, kan det gå bra – både under innlæring og seinare. (Legg merke til formuleringa kan, for ein er jo aldri aleine på vegen -)

Og legg for all del merke til dette: Ein køyrelærar fortel aldri eleven sin at «på denne vegen er det statistisk sett så få ulykker, så her er det berre å setja klampen i botn!» Men i ein annan del av samfunnslivet vårt, er den tankegangen farleg vanleg. Ein veit at ei ulykke ved eit atomkraftverk er verre enn noko anna – men «statistisk sett», seier politikarane og verkar som dei ser opp til seg sjølv som kan bruke slike fine ord – «statistisk sett» er det ikkje så farleg – seier dei – og let vera å sjå varselskilta.

Ein politikar har som oftast ikkje hatt nokon politisk køyrelærar. Det meste han har, er historiekunnskap frå skulen, og når vi no har politikarar med utprega kortsiktig innstilling, har det kanskje noko med det å gjera at historiefaget på det nærmaste er kutta ut i grunnskulen.

Dermed kan vi få problemet at politikaren ofte ikkje klarer å dra konklusjonar av fareskilt. Da vitskapsmennene som hadde vori med på å laga atombomba, prøvde å stoppe det dei hadde dregi i gang, var problemet nettopp at det var vanskeleg å få folk til å skjøna politiske fareskilt. Når så fantasien ikkje er i bruk, kanskje til og med blir sett på som noko hysterisk og dumt, da kan vi koma ille ut å køyre.

EI HISTORISK RØYNSLE VI HAR VALT Å GLØYME

Lat meg dra fram ei historisk røynsle som mange i våre dagar ikkje er klar over. Før krigen vart det skrivi både bøker og dikt som kom med åtvaringar. Etter krigen har det blitt sagt at «vi visste jo ikke, vi hadde ikke hørt, vi kunne ikke vite».

Dette er i grunnen grov løgn – ikkje det at dei ikkje visste, men det at dei ikkje kunne vita. Det var opplysningar nok, det var faresignal nok, og med større menneskekunnskap og trening til å tolke politiske faresignal, kunne dei ha visst.

Men det var ikkje berre-berre å gje ut åtvaringsbøker den gongen. Det kunne bli reine hysteriet i avisene. Og ein ting var dei fleste samde om: Det var åtvaringsbøkene det var noko gale med. Folk som ville vita korleis det verkeleg var, skulle lesa noko anna. Den som skreiv åtvaringsbøkene, var hysteriske, om ei vart det til og med sagt at vedkomande var i «permanent hysteri». -Andre som ikkje ville høyre det som vart sagt i åtvaringsbøkene, kalla det for politisk propaganda. Variant: Ein var ute for å tene pengar og skreiv difor slik det høvde for eit visst politisk parti.

Dersom vi no leiter oss fram til desse åtvaringsbøkene frå før andre verdskrigen, så – ja, ein blir berre sitjande med hendene i fanget og tru at ein er på galen klote. Det som den gongen før andre verdskrigen vart presentert i åtvaringsbøkene og som vart møtt med karakteristikken «hysteri», er ingenting mot det vi seinare fekk vita om konsentrasjonsleirane. Einaste gongen eg har funni noko som minner om skildringane frå Auschwitz, er i eit dikt den svenske diktaren Viktor Rydberg gav ut i 1891.

Fantasien strekk ikkje til. Ikkje ein gong hos dei som har politisk gangsyn og som ser at uhyggelege forhold kan vera i anmarsj. Sanninga er, for å bruke eit sitat frå ein norsk diktar, «verre enn noe dikt».

Det veit vi forresten frå før. Den grøssen eg fekk ved å lesa om mannen som hadde køyrt på ein unge, var noko heilt anna enn det å vera i situasjonen sjølv. Slik også på det politiske området. Ingen kan klare å leva seg heilt og fullt inn i ein etter-atombombe-situasjon. Ingen kan kjenne med heile seg korleis menneska kring Tsjernobyl opplevde og opplever den ulykka. Likevel vil eg seia at fantasiens varsel-blålys er viktige. Likevel vil eg seia at vi hadde hatt det betre i dag om vi hadde teki åtvaringsbøkene før andre verdskrigen alvorleg.

KORLEIS TEK VI IMOT ÅTVARINGANE M.O.T. ATOMKRAFTA?

Frå den fyrste atombomba si tid, har det vori ein fortvilt kamp mellom folk som kunne lesa faresignal og dei som ikkje kunne. Mangel på fantasi hos politikarane har ført oss inn i ein situasjon som verkar som den reine og skire galskapen. Det er så ille at dei aller aller fleste neitar å sjå sanninga i auga. Dette vil vi ikkje tru.

Det er mi brennande von at vi ikkje ein gong er ei døyande folkegruppe som i vanmakt gæl oppatt og oppatt: Vi kunne jo ikkje vita – visste ikkje – det berre var der plutselig!

Men dersom ein prøver å finne fram i historia om atombombe og atomkraftverk, er det ikkje til å unngå at ein opplever ein nærmast øredøvande galskap. Og det verste er – – – at galskapen ikkje støtt oppstår avdi dei vantar evne til å setja seg inn i det som kan skje, men avdi dei vantar vilje til å sjå sanninga i auga om det som har skjedd.

Frå den fyrste atombomba vart laga, har menneska fått seg servert den eine løgna etter den andre. Frå general Groves kommentar om at stråledød skulle vera «ganske behagelig» og til bortforklaringane av leukemi blant barn i nærleiken av kjernekraftverk. Og det hender at folk som kjem med artiklar til avisene blir avviste avdi avisa ikkje vil «skremme» folk.

Kva vil eg som bilførar helst oppleva? Å grøsse ved ei skildring av kor vondt det er for ein mann å ha køyrt på eit barn – eller sjølv ha køyrt på eit barn?

Eg er ikkje ein sekund i tvil. Heller grøssen enn å ha ei slik hending gåande etter meg heile livet.

Slik er det jamt over, kjære aviser: Heller grøssen, heller redsla, heller bli skremt enn å stå midt i ei radioaktiv øydemark. Heller vakne netter i gru og fortviling over det som alt er gjort av atomspaltingssynder enn å gravleggje barn etter barn som må døy avdi vi ikkje ville ta på oss å stoppe galskapen.

NÅR DET GJELD ATOMKRAFTA,
TRENG VI IKKJE LENGER BYGGJE BERRE PÅ FANTASIEN

Eg har no endeleg fått tak i boka «Barn av Tsjernobyl». Den er ikkje nettopp kveldslektyre, det får eg seia, men alle bør lesa boka.

Adi Roche – namnet sa meg ingenting før. No ser eg bilete av ei vakker kvinne, og ho smiler på alle bileta. Fyrst tenkjer eg ikkje så mykje på det, men etter å ha lesi boka, og opplevd korleis hendingane ho skildrar rotar opp i kjensler og kaos i meg sjølv, stirer eg på smilen med takksemd: Gjennom denne smilen stråler ho ut ei innstilling om at det er mogleg å gjera noko, og å gjera så mykje at ein sjølv får smilen att.

For øvrig er det det same att og atter: Fantasien strekk ikkje til. Vi som les om dette, kan kjenne oss uvel og fortvilte ein dag eller to, så går vi vidare på vegen vår – – Vonleg med ein god porsjon vilje til å gjera noko med galskapen – Ja, lat oss tru at vi har fått med oss den viktige grøssen. Men lat oss også hugse at det å leva midt i det er meir enn som så. Kvinnene som opplevde dette, er kvinnene som græt -ikkje berre ein dag eller to, men resten av livet. Som ein av ungane fortel: «Mange mødre gråter og smiler aldri.»

POLITIKARAR

BARN AV NOTIDSHOVMOTET

LAT OSS ALLE SLEPPE Å BLI

NYE «BARN AV TSJERNOBYL»

Eg må diverre atter presisere at fantasien ikkje strekk til. Det er nemleg sume som møter opp med berre hån overfor menneskets fantasi. Dei kan liksom ikkje seia noko verre om ei åtvaring enn at det er «fri fantasi».

Vi står altså i ein situasjon der evna til å tenkje seg ein situasjon ein ikkje har opplevd blir dømt nord og ne av makthavarar. Den skal vera noko av det mest foraktelege som finst og vera å likne med sjukdom -«hysteri». Men det som vart dømt som hysteri før andre verdskrigen, var bleik avglans av det som kom.

Like fullt er det, så vidt eg kan sjå, stor og heil semje om at ein ikkje skal «bli hysteriske». Atomkraftverk m.m. skal «i virkeligheten» vera så sikkert så sikkert. Og om Tsjernobyl ikkje var det, så legg vi sterk vekt på at det er noko heilt anna med vestlege kraftverk.

SAMSTUNDES VIL INGEN SITJA PÅ MED EIN BILFØRAR SOM IKKJE SKJØNAR AT DET ER MEINING I Å SENKE FARTA FØR ETTER AT HAN HAR KOLLIDERT. (Om han er i live da.)

Men dei som styrer verdas «atomskute» har altså ein underleg aggresjon mot dette å kunne sjå for seg farer ein ikkje har opplevd. Den aggresjonen gjer at dei står i fare for å gå over i soga som forbrytarar som har millionvis av menneskeliv på samvitet –

Det aller verste i samanhengen, er dei som dekkjer desperat over sanninga om det som verkeleg har skjedd. Her kan vi koma inn på problematikken «uaktsomt drap» eller «planlagt mord». Ettertidas domstol vil døme dei som ikkje ville lytte til åtvaringar, men dei vil døme dei som ikkje ville vita fakta om det som alt hadde skjedd enda verre.

Les «Barn av Tsjernobyl» om kor systematisk makthavarane gjer det når dei vil hindre oss i å vita sanninga – Der høyrer vi om triksing med geigerteljarar, steling av protokollar frå eit sjukehus, pålegg til legene om å ikkje nemne «stråling» som grunn til sjukdomar og dødsfall.

Den som trur at Sovjet var einaste «instans» som gøymde bort fakta, bør for det fyrste lesa soga om Hiroshima og dei meldingane det amerikanske militæret tykte det passte å la koma folk for øyret – og dei bør lesa «Barn av Tsjernobyl». Dei bør dessutan hugse på at dette langt frå er einaste tilfella av at styresmaktene gøymer bort fakta for vanlege folk.

«En av de grufulle tingene jeg fikk høre fra mange ulike leger var hvor uvillige man i Vesten hadde vært til å publisere mye av det materialet om virkningene på skjoldbruskkjertelen som ble utarbeidet i fellesskap av hviterussiske og vestlige vitenskapsmenn. Kanskje er en av grunnene til vanskene med å få publisert denne viktige innformasjonen at vestlige atomkraftverk slipper ut denne isotopen med sin store evne til å søke til skjoldbruskkjertelen. Det er også en av de vanlige isotopene man finner etter prøvesprengninger av atomvåpen, og USA’s regjering får stadig nye krav om erstatning fra folk som har overlevd kreft og som bor eller har bodd i området nær prøvefeltet i Nevada.» («Barn av Tsjernobyl, s. 103f)

Og medan det ser ut som om verdas lagnad blir avgjort av kor mange som lyg om det som har skjedd og kor mange som trur på løgna, møter vi folk som fortell oss at vi må ikkje bli så «følelsesbetonte», vi må la «fornuften» styre.

Dei påstår med andre ord at atombomber og atomkraftverk har noko med fornuft å gjera! Ein veit ikkje om ein skal le eller gråte når dei talar som om atomindustrien var den store gudgjevne fornuften og vi andre nokre dumme galningar. Overfor dei mest sjølvdyrkande og barnslege opplegga, stoppar ein berre opp og veit ikkje kva ein skal seia. Det er noko uutvikla og infantilt ved det.

Er det for øvrig fleire enn eg som nokon gong har stoppa opp og undra seg over dei prosentane dei opererer med? Dette med prosent sjanse for ulykker og prosent sjanse for sjukdomar? Er det fleire som har komi på den tanken at dette er da noko uvitskapleg vås? Korleis i vide verda kan ein rekne ut prosent sjanse for noko slikt? Ikkje ein gong den høgt lovpriste mekanikken verkar alltid slavisk som han skal – og kva så med det menneskelege momentet? Nei, «prosent sjanse» er ikkje noko vitskapleg fenomen. Det er heller ein slags voggesong for fornuften –

Når ein så tenkjer på at dei kanskje byggjer sine fiktive tal på solskinnsrapportar frå bomba område og reaktorulykker? Ja, for dei godkjende og «autoriserte» rapportane har jo gjerne vori optimistiske rapportar der mesteparten av ulykka er gøymt bort. Huff – skal vi ikkje heller lytte på gamle dagars trollmenn og spåkjerringar? Eg trur dei kan ha meir å fara med. I det minste har eit ordtak frå røynslehavet til generasjonane før oss med seg eit viktig poeng: «En ulykke kommer sjelden alene».

Når eg prøver dette ordtaket på det eg har sett og opplevd i livet, høver det utruleg godt. Ingen har vel enno kunna forklare kvifor ulykker plar å koma i bølgjer, men slik er det. Og når det gjeld desse «prosent sjanse» som dansar gjennom atomkraftdebattar, så er det sjølvsagt også berre eit spørsmål om når ein lagar statistikken i forhold til ulykkesbølgja.

Men det aller verste med desse «% sjanse» er at dei også har noko med økonomi å gjera. Slik er det visst med alle tal dei opererer med i samband med atomsprenging og radioaktivitet. Grenseverdiar blir endra når det blir spørsmål om økonomisk tap eller ikkje. Det er også enkelte som seier at faren «blir nedtonet» når det gjeld stoff som atomkraftindustrien produserer mye av. Her har vi den verste delen av problemet med atombomber og atomkraftverk, for menneske kan finne seg i å vera offer når det gjeld t.d. fridom og fred – men menneske har aldri tolt å bli ofra for andres Mammon-dyrking.

Noko av det mest knugande ved soga om atombombe/atomkraft er difor kor mange gonger vi blir førte mot stupet på grunn av økonomiske vurderingar. Alt no er mange menneskeliv blitt kynisk ofra på pengealteret. Det bitraste er når dei talar om «forsvar» i samband med det. Kven og kva er det dei vil forsvara?

Det ein i det minste bør krevja, er at forskarar og politikarar tek sjukdomar som dukkar opp i nedfallsområde og kring atomkraftverk, alvorleg. Kom i alle høve ikkje med dei fiktive «% sjanse» tala for å fortelja oss at «det kan nok ikkje vera atomkraftverket som er skulda, for det er berre så og så mange % sjanse for at det skal bli sjukdom av det

Det er uvitskapleg i aller høgste grad og tener berre til å setja vitskapen i stort vanry. Da var karen som kom i hug at han kanskje ikkje kom til å koma seg ned i bomberomet ein gong, mykje meir realistisk av seg.

Og lat meg no atter ein gong slå fast: I denne samanhengen er det uintelligent å ikkje bruke fantasien. Sjølv om fantasien berre kan gje ein glimt, sjølv om røyndomen ved ei atomulykke støtt vil vera mange gonger verre enn vår stakkars fantasi kan måle det ut – det er viktige glimt for den som vil vera ein dyktig styrar.

Legg att ein kommentar