Johanne Louise

Wergeland og Marseillaisen

Det var morosamt å lesa i avisa om Christian Blom som skreiv melodi til «Sønner av Norge». Om ikkje anna må ein seia at han klarte å få til ein melodi som svara til orda «mandig og høytidsfullt tonen la stige – «

Sjølv om Ludvig Throndsen som skreiv om dette, hadde noko av den moderne tida si redsle for sterke kjensler, var det mangt interessant å finne. Men det undrar meg at han ikkje dreg konklusjonar litt djervare. Det gjeld det med at Johan Nordahl Bruns drikkevise «For Norge, kjempers fødeland» «i sin tid ble forbudt.» Her ligg nemleg forklaringa på at vår fyrste nasjonalsong var ei drikkevise.

Korleis ville det gått om Johan Nordahl Brun i sine studenterår hadde skrivi eit gravalvorleg og for så vidt vakkert dikt med den same bodskapen «Dog våkner vi vel opp en gang og bryter lenker, bånd og tvang – » Han hadde garantert ikkje fått den prenta i datidas København -og det hadde vel gått med diktet som med så mange gode litterære produkt også i våre dagar: Dei færraste veit om at det er til.

Men han let tanken få plass i ei drikkevise – og den tida var glad i drikkeviser. Med det var det også skapt ein sosial kontekst for denne bodskapen – og han kunne rekne med at songen ville vandre frå bord til bord og frå lag til lag -same om den var uønska av makthavarane. Kven bryr seg om slikt når vinen har «flytt» ei tid?

Eg trur ikkje Johan Nordahl Brun var særleg spekulativt anlagt, men eg trur at han spontant og med det litteraturhistoria plar kalle «et lykkegrep» plasserte orda i ein kontekst som hadde lett for å slå igjennom. Bakgrunnen for «lykkegrepet» var nok berre hans inngåande og sjølvsagte kjennskap til det samfunnet han levde og verka i – den kjennskapen han hadde fått inn både medvite og umedvite og «gjennom alle porar» og som vi må få ad teoretisk veg. Resultatet var i alle høve at songen var sungen med glød og begeistring ved mange bord i den tida- det har vi vitnemål om.

Kort og godt: Nettopp det at einevaldstidas København ikkje tolte den slags, ikkje likte prat om å våkne og bryte lenker, nettopp difor måtte orda stikke seg bort i ei drikkevise. Dei vart oppdaga av makthavarane likevel – men da hadde dei alt klart å koma seg av garde på si sigerrike vandring. Er det noko vi veit frå siste krig, så er det det at slikt som ein likevel får sagt, har ei feststemning ved seg som brøyter veg, og det vart ikkje mindre suksess ved at den sosiale konteksten nettopp var festleg!

Lat meg da også kommentere setninga: «Riktignok syntes visst Henrik Wergeland at sangen var en norsk «Marseillaise», og det frister til å tro at den gode Henrik aldri hadde hørt den franske nasjonalsang.»

Eg kjenner ikkje til denne kommentaren frå Henrik Wergeland, men som den er sitert her, er det monaleg for magert til å danne seg noko bilete av kva han kan ha meint. Men i alle fall var han nærmare den einevaldstida da songen var uønska, og visste meir om den virkninga den hadde på folk enn vi som sit i ettertid og har nokså distansert forhold til både einevaldstid og drikkeviser.

Og ein ting er visst: Det er heilt på jordet å tru at Henrik Wergeland ikkje kjende Marseillaisen. Frankrike hadde den tida lenge vori stormakt, «alle» danna menneske kunne fransk, revolusjonen hadde laga skikkelege bølgjer, og «den gode Henrik» var i det minste ikkje mindre orientert enn andre.

I våre dagar er det kanskje ikkje så mange som kjenner Marseillaisen her i landet. Men Henrik har sjølv skildra korleis det kunne te seg i Noreg den gongen. Ein fransk advokat, Angelot, dreg til Noreg – etter å ha fått nett det rådet av Henrik Wergeland. Difor tek denne også vel imot han, og tek advokaten med seg for å helse på norske bønder.

Så fortel Henrik Wergeland: » – – – han var forunderet over den gode levemåte de (altså de norske bønder) viste, over de glade ansikter, de hyggelige huse. På et sted ble han, som ein sønn av det tapre Paris, mottatt av et kor av unge menn som til instrumentalmusikk sang Parisiennen og Marseillaisen. Pariseren var ganske henrykt – – -«

Så det var nok ikkje Henrik Wergeland som ikkje kjende Marseillaisen, men heller vi som ikkje har opplevd virkninga av Johan Nordahl Bruns djerve ord i ei einevaldstid.

Eg vil også minne om at Henrik Wergeland skreiv eit dikt han kalla

«Den norske Marseillaner» som byrjar slik: «Opp, I brave sønner av Norge!»

Legg att ein kommentar