Johanne Louise

«Det er lite nyper i år, du» – om negativitet som kulturmote

Det bugna av blåbær i skogen. Det var mogleg å skaffe seg 40 liter på ein føremiddag – og da med ein plukkar. Risa blåna kvar ein snudde seg.

Kreklingen var stor og fin også – for den som kunne bruke den. Og det var slett ikkje verst med tyttebær.

Da møtte eg grannekona vår. «Det er lite nyper i år dø,» var kommentaren hennar.

Dette har blitt ein klassisk replikk for meg. Ein replikk som rommar i seg eit heilt livssyn. Same kor godt det er alt det andre, så festar ein seg ved det som ikkje er så godt.

Grannekona mi frå den gongen er død, og det er ingen fare i å levere soga vidare. Det er heller ingen fare i det å røpe det eg tenkte den gongen. Eg tenkte sant å seia: Kva i vide verda har ho opplevd i livet sitt som har gjort henne så redd for å glede seg fullt og heilt, ho torer jo aldri vera glad for det som er godt –

Noja, ho er død – men innstillinga lever. Den har sant å seia blitt til litt av ein kulturell mote. Same kor godt livet kan vera, så pliktar du å suge interessa fast ved det som går dårleg og det som er stygt og vondt.

Og er det ikkje noko vondt ein stad, så må du skapa det.

Den gongen grannekona vår kom med sin store replikk, da tenkte eg med medkjensle på hennar skrekk for å vera glad. Når det gjeld vår tids kulturelle mote, har eg diverre inga medkjensle å ta til. Berre ein god slump irritasjon.

For innstillinga finn ein overalt: Dersom du ikkje kan koma trekkjande med noko negativt, er du ikkje sannferdig. Kvar karten som fortel om noko positivt, ljug –

(og vår samtid har mange orsakingar på lager for den som gjer ei slik synd – det er jo så forklarleg, alle vi menneske lever i grunnen på illusjonar – )

Men evig ære vere den som finn noko negativt å servere. Han er den store faneberaren for sanninga. Og ettersom den som kjem med sanning, i alle år har vori utsett for åtak, så må han berre rekne med det. Men sensasjons­avisene våre stiller opp og gløder i rettferdskjensle over den store sanningssøkjaren som serverer noko negativt der vi trudde vi såg noko positivt.

Når det gjeld avdøde diktarar eller store og gode menneske som verkeleg har sett mykje inn for medmenneska, så er det veldig enkelt: Ein festar seg ved det som sjalu personar har dikta opp om det mennesket.

«Ve Eder om alle taler vel om Eder!» Bibelen er realistisk og gløymer ikkje korleis forholda kan vera menneske i mellom – og ein ting veit same skrift veldig godt: Dei største og beste menneska vil aldri få samstemt positiv dom frå medmenneska – til det er det for mange som tykkjer det strålar plagsamt av den som ikkje tenkjer på seg sjølv.

Og når dei sjalu naturane gjev seg til å laga opp meir eller mindre hysteriske fortolkingsmodellar av det andre gjer, så kan det bli både ulogisk og meiningslaust. Likevel: Før ein veit ordet av det, er det dette som har blitt sanninga med stor S. Den store sanninga som ingen som vil ha sosial prestisje kan koma forbi. Ein biografi om eit stort menneske som ikkje tek sjalusiens oppdikta bilete av vedkomande alvorleg? Utenkjeleg. Ein biograf som prøver seg med å servere berre det vitskaplege om ein stor diktar, ville få høyre at han «skjønnmålar» og ikkje gjev oss den store diktaren som han var

Ve deg som vil følgje vitskaplege normer og vurdere kjeldene dine og plukke bort det negative du tykkjer er uvitskapleg. Du vil bli like forakta som dei som ikkje såg dei nye kleda til keisaren – – –

Og ve deg som har tenkt å skrive om eit glimrande blåbærår utan fyrst og fremst å fokusere på det dårlege nypeåret!

Nyper var det forresten, det året, eg har sant å seia ikkje opplevd eit einaste år der det verkeleg har vori dårleg med nyper. Men skulle du, menneske, koma til å oppleva eit år der blåbæra blånar frå alle tuer og alle flatehogstfelt er stappfulle, da vit – – –

at det er slett ikkje dette du skal sjå. Dette kan umogleg vera realiteten om det året du her og no opplever!

Realiteten er at det ikkje er like mykje nyper som blåbær – og det er ein realitet vi kan sjå kvart einaste år i skogane våre, så her har vi ein godkjennbar sanning. Å vera sannferdig, er dermed å fokusere på lite nyper. Hugs da for all del menneske: Skulle du slumpe til å fortelja om all den fantastiske blåbæra, da er du uærleg mot deg sjølv og dei andre, du lever på illusjonar, må tru. Men klagar du deg over at det er lite nyper, da formidlar du djupe og avgjerande sanningar om menneskelivet. Da har du fanga opp dei djupareliggjande konfliktene i livet vårt, da syner du jævelskapen i verda som ho er.

Ja, berre les i avisa kor nasegrus dei ligg for den som plukkar urimelege soger om eit stort menneske frå sjalusiens mørkeloft og serverer oss det. Han kjem med den store sanninga, han er sannferdig, han vågar å sjå ting i auga – oj oj for ein tapper person.

Tapper? Ja, faktisk – for – ja det let seg ikkje neite: Det er drøssfullt av folk i vårt samfunn som ikkje liker den slags soger frå sjalusiens mørkeloft, det er faktisk nokså mange som meiner at sanninga let seg betre nå av den som vågar sjå blåbæra når ho er der og ikkje straks finn seg noko å klaga over – – – Særs mange blir reint og beint arge over sjalusiens mørkebilete i avisene.

Difor, mine damer og herrar, er det fantastisk tappert av den som serverer sladdersoger mellom to bokpermar. Vedkomande står modig fram og river illusjonens slør fra våre øyne, han våger å rokke ved vedtatte sannheter, han er den store realisten som vågar sjå at den store mannen (eller kvinna) som vi såg opp til før, var – oj oj oj – eit menneske som alle andre (du verda, du verda for ein fantstisk oppdaging) og difor befengt med menneskelege svakheter. Og desse «menneskelige svakhetene» er enkle å finne, for dei er alle dei rotne undergrunnskjenslene som den sjalu naturen kjenner hos seg sjølv + ein god del til. Fantastisk! Sanningsprofeten er komen til byen! Slå opp byens portar, blås fanfare! Endeleg, endeleg skal vi få sjå den store og heile sanninga om den vi før trudde var eit større menneske enn vi sjølve er –

Men når ein person klarer å plukke førti liter blåbær på ein føremiddag?

Å nei, her blir det farleg. Dersom du vil dra fram slikt, så lir du av forutinntatte meiningar – du dug ikkje til embetet ditt – dersom det ikkje er det at du ikkje er barn av den du trur du er barn av – eller – ÅH! der har vi det! Du er ikkje uhilda i din dom, du ligg i nasegrus beundring for eit menneskeleg gudebilete – og her kom det altså ein storarta person som smadra gudebiletet ditt, jau vi skjønar jo at du flyg i blekkhuset da – – –

Ve, deg, menneske, om du framleis hugsar desse førti litrane dine. Eller i det minste: om du fortel om dei. For da kan det ikkje vera anna på ferde enn at du dyrkar blåbæra som guddom – – –

Men det var – ja, berre følgj med, det var den store aluminiumskjelen på tjuge liter, og den var full, den var full – og i tillegg to bytter, og dei er på ti liter kvar, og kjem ein da til anna enn førti liter?

Det kan ein. I vårt samfunn. For det er noko som er tabubelagt. Det er noko vi ikkje må nemne. Alt som kan bli samla under etiketten det gode. Det er det umoralsk å nemne, det er det umoralsk å interessere seg for. Vårt samfunn ser det som ei kardinalsynd å juble over noko godt.

Men når ein likevel kan ha hug til å fortelja om den gongen det var så duvande mykje blåbær at førti liter på ein føremiddag var «blåbær» for ein person?

Det var ein gong ein mann som heitte Carl Larsson. Ein gut frå eit av Stockholms fatigkvarter som vart ein stor kunstnar. Og ein som vi er glad i.

Livet hans hadde sine stride og tunge stunder. Og eit motiv som han gjerne ville måle, var om bloting.

Ikkje så få kunstnarar har opplevd at folk treng å «blote» nokon når dei kjenner seg kollektivt uvel over noko. Ikkje så få kunstnarar har kjent det som at dei stod lageleg til for hogg.

Like lagleg som Domalde den gongen.

Det var sikkert ein grunn til at Carl Larsson ville arbeide med det motivet. Men samtida ville ikkje vita av det.

Vel, han måla kanskje veldig realistisk? Prøvde å setja inn i biletet folk som dei den gongen var kledde, lurblåsarar og så vidare. Kanskje noko av bodskapen drukna for folk i den realitiske stilen?

Tja – tru det? Eller var det noko samtida ikkje ville tenkje på, ei dom over samfunnets bruk av syndebukkar, når har slik dom vori populær?

I alle høve: Ingen ville ha eit slikt bilete.

Samtida ville heller ha dei bileta han laga som kan bli karakteriserte med orda «Åt solsidan».

Det var ikkje støtt så mykje til solside likevel Når ein ser litt nærmare på det, ligg det mang ei soge gøymt i bileta som ikkje nettopp høyrer til den lykkelegaste delen av Carl Larssons liv. Ei svartkledd og sørgjande kvinne midt i all verdas venleik t.d. – – – Men han kunne også gje att livet som det er i lykkeglimta våre. Duvande fulle epletre – ja mætt ta eple – og ingen som seier at det er lite nyper – – –

Men nett som samtida ikkje ville vita av blotingsbiletet hans, ville ettertida ikkje vita av det som var «åt solsidan». Dei har bråkt over Carl Larsson – over at han «støtt» måla slik lyse motiv.

Kunne dei ikkje heller sendt eit post-mortem-klageskrift til kunst-smaksdomarar i Stockholm den gongen?

Det var ein del vondt Carl Larsson bar på, og når dei ikkje ville ha blotingsbiletet, så kom det ei bok – som eit skrik om det som var vondt. Kanskje det ikkje hadde vori naudsynt å skrive den boka om ikkje samtida hadde neitta å vilja sjå anna av Carl Larsson enn det som høyrde til «åt solsidan».

Noja – det kan vera ein teori. Som mange andre.

Men lat oss no sjå vår eiga tid illustrert ved det som står bakpå ei norsk utgåve av denne boka!

«I vårt århundre har kunstens fremste oppgave vært å avsløre, ikke tilsløre. Menneskelig sannhet skal avdekkes ved at man blottlegger sine svakheter. I Carl Larssons billedverden ånder derimot fred og harmoni – for ham var kunsten oppbyggelig, hans bilder forsøkte å rettferdiggjøre verden. Vi gjør det samme i dag: stadig bygger vi opp oss selv og andre på liknende vis. Også vi vever vårt liv inn i illusjoner, vi danner oss bilder som ikke faller sammen med virkeligheten.»

Tenk det, Hedda. Av dette kan vi dra den konklusjonen at Carl Larsson tilslører og ikkje avslører

(Men kanskje våre sløve auge har vori så opptekne av dei nypene det er lite av at vi treng hans avsløring av kor deilig epletreet kan vera – – – ? )

Og så kan vi dra den konklusjonen av vår tids avslørande kunst ikkje er oppbyggeleg.

(Men lever vi ikkje framleis i den kulturelle tradisjonen som seier at kunst skal både og, både avsløre, og nettopp i det: oppbygge. Den tradisjonen har vori like levande i vårt hundreår som i åra før!)

Vidare kan ein dra den konklusjonen at verda må bli rettferdiggjort – at denne vår vedunderlege jordklode er så elendig i seg sjølv at menneska hektisk og panisk må prøve å rettferdiggjera den —

(Men er det verda som den stråler mot oss i eple og nypeprakt som må bli rettferdiggjort – eller er det vonde drivkrefter i menneskets sinn?)

Slike spørsmål må dukke opp når ein har ein botspredikant på sengekanten. Våre dagars aviser går forresten gamle dagars botspredikantar en høy gang. Jammerdalen har aldri vori så skrekkeleg mykje av ein jammerdal som i våre dagar da til og med Jesus blir «avslørt» som maktmenneske – sjølv om det vel nettopp var maktmenneska i hans samtid som ikkje tolde han og hengde han på ein kross –

Så kjem kanskje det som fortel mest om oss: Det å vera oppbyggeleg skal vera det same som å veva livet inn i illusjonar, vi “danner oss bilder som ikke faller sammen med virkeligheten”.

Carl Larsson fokuserer i ein del av bileta sine på naturen slik vi opplever den beint for auga, bugnande epletre, vakre blomar, bjørketre mot blankt vatn. Dette er å vera «oppbyggeleg», og det er definert som å veva livet inn i illusjonar.

Høyr høyr, moderne menneske! Borgarar av ny Amsterdam eller kva det no er. Intet er nytt under solen – bortsett frå det at korkje sol eller jord eller eple eller blåbær er anna enn ein illusjon vi vev oss inn i. Og når ungane våre smiler og ler og stuper i sofaen vår eller plukkar eple i forkleet, høyrer det også til illusjonane – Kvite bjørkestammer mot blått vatn? ILLUSJON!

Som vi menneske er så nøydde til å ha her vi lever i den verste av alle verdner –

Men illusjon eller ikkje illusjon: Tjuge-literskjelen var full, og dei to byttene likeså. Dette vil eg påstå om så heile heren av aviser i vårt fedreland vil postulere at eg med dette vev meg inn i illusjonar –

ELLER t.d. at eg er ein tyrannisk person som vil påtvinge andre mitt syn – for det kan jo vera at byfolk den same dagen som eg fekk blåbæra inn i huset, såg noko heilt anna enn blåbær der dei var på veg heim etter jobben og sveitta på ein overfull trikk – – –

ELLER at eg umogleg kunne finne på å seia noko som var så stikk i strid med alle andres syn utan at det er noko gale med meg – kanskje helst ein sjukleg trong til å få folk til å interessere seg for min person (for dei som kjem med urimelege påstandar, lir jo gjerne av slike skumle drivkrefter – )

Men der var den store kjelen breiddfull. Og alt no er kjelen til makthavarane i vårt samfunn logi full. Og der var dei to byttene. Må eg sverge på Bibelen for at folk skal vilja tru eg talar sant?

Nei, det er kanskje ikkje slik. Spør eg om dette, vil dei straks slå det bort – og kanskje forklare meg at eg ikkje har rett til å fortelja om det eg sjølv har opplevd ein dag når det er så mange fleire som sveittar i trikkar på denne Herrens haustdagen – – –

Det same kan det vera. For ein ting er visst og sikkert: Eg blir ingen suksessforfattar i Noreg i dag om eg fortel om førti liter blåbær –

Hittil har eg forresten «fortidd» ein del av soga om blåbæra. For saka var at vi fekk ho. Ein av venene våre skjøna at vi hadde vanskar for å få tak i bær når vi sat heime med to små ungar og ikkje kom oss ut. Så drog han av garde – og der kom den store kjelen og der kom dei to byttene inn på kjøkenet til oss etter berre ein føremiddag – Det er slikt som høver enda dårlegare enn alt anna inn i samtidas menneskebilete. Det kunne jo verkeleg vera at ein snill og god person hjelpte oss? Men den slags må i alle høve vera illusjonar. Ingen god person har nokon gong levd, det har vår tids kulturelle mote for lengst slegi fast. For dei krev at gode menneske skal vera fullkomne – i absolutt alle detaljar – og ettersom ingen menneske er fullkomne, har vi fasitsvaret greitt og raskt. Ingen gode menneske i vår verd.

Men han plukka altså førti liter blåbær til oss på ein føremiddag, venen vår. Han gjorde faktisk det. Frysaren og kjellaren min kunne vitne både den vinteren og den neste –

Åh, som eg reinska og reinska blåbær etterpå. Heisan, der har eg det! Den absolutte godkjende vegen i våre dagars kulturliv ville vera om eg skreiv ei bok om kor redselsfullt drepande det er å reinske blåbær – korleis den som gav meg all blåbæra i grunnen hadde gjort ei vond gjerning mot meg, avdi vedkomande hadde tvungi meg til å arbeide mange mange timar – og kven veit om eg da (furt furt) eigenleg sjølv hadde vilja gjera dette – hadde eg valt det sjølv – eller var det ikkje ei form for finare tyranni av den som gav meg blåbæra?

Her har vi eit gyllent og gyldig susjett for ei bok i våre dagar. Ei bok som kan bli tiljubla og skrytt opp. For er det ikkje slik at alle desse som verkar som dei er så gode (som den som plukka blåbær til meg) eigenleg vil tyrannisere andre. Les vi ikkje noko slikt hos den over alle grenser heilage profeten Freud eller den enda meir storarta profeten Nietzsche?

Å, eg veit kva eg burde gjera om eg skulle laga ei suksessbok av våre dagars standard. Furt furt boka igjennom, omtolking av alle gode hendingar som har prega livet mitt – – – alle venlege ord eller gjerningar omdanna til ei fornærming – ei utspekulert fornærming mot min høge og opphøgde person.

Men enn om eg var glad for dei førti litra med blåbær? Ja, enn om – – –

Å – notidsløysinga er der straks: Eg har sjølvsagt vori hjernevaska. for kven kan vera ekte glad for blåbær når ein er nøydd til å reinske – ja reinske ho etterpå?

Men tenkj om eg i heile sjela mi ikkje kan finne ein einaste ekte tråd av anna enn glede over blåbæra? Enn om eg ikkje finn ei tone av furt? Enn om sjølve det at eg reinska og reinska vart eit bilete på kor uhorveleg mykje eg hadde fått?

Ja, enn om?

Kven er eigenleg realist? Den som ser blåbæra eller den som ikkje ein gong torer nemne den bæra når det blånar over alle tuer? Kven lever på illusjonar? Den som neiter å sjå at epletreet kan vera vel så duvande fullt som epletreet hans Carl Larsson – eller Carl Larsson sjølv med hans nitide dokumentasjon av det han ser framfor seg?

Og endeleg: Kva er det for slags gudebilete vi kneler for når vi neiter oss sjølv å sjå det gode som verkeleg er og kallar syt og oppdikta mørkesoger for sanning? Vi skulle ikkje vera farleg nær det som ein gong vart kalla «Psykopatenes diktatur»?

Legg att ein kommentar