Johanne Louise

Stemning i svømmebassenget i Reykjavik

Det er sol og kald vind i Reykjavik. Trass i leveggen kÃ¥rer vinden vassflata i bassenget – og trea utafor leveggen stÃ¥r heilt pÃ¥ skrÃ¥.

Sollys og vindkÃ¥ring gjer at vatnet verkar blÃ¥are og meir lokkande enn elles – og alle dei vÃ¥te kroppane som kjem inne frÃ¥ dusjen, dukkar seg ogsÃ¥ straks nedi – men det er nok helst avdi vinden er kald, og ikkje avdi vatnet verkar blÃ¥tt og lokkande.

Ved kanten av bassenget ligg ein flokk ungar med avlange, appelsingule flyteredskap pÃ¥ ryggen og lyttar til læraren som sit innpakka til oppunder øra i vinden. Litt etter dukkar det ei jentegruppe opp og ei kvinneleg svømmelærarinne, og no ljomar kommandoane frÃ¥ bÃ¥e partar utover: Pust inn og blÃ¥s ut, en to tre, pust inn og blÃ¥s ut, en to tre –

Dei appelsingule avlange flyteredskapa på ryggen gjer vatnet enda vakrare blått, og det er strålande, optimistisk sollys over alt.

Men i «heitipotten» er sprÃ¥ket nett no ikkje islandsk. Eg lyttar – og fangar opp svensk uttale. Mannen vil vita kva det stÃ¥r pÃ¥ veggen rett overfor, og han fÃ¥r ei omsetjing, og etterpÃ¥ vil han ha uttala – den fÃ¥r han ogsÃ¥, og kommenterer nøgd: «Nu kann jag ocksÃ¥ islandsk!»

«Pust inn og blÃ¥s ut!» ljomar det vidare, og ungebølingen plaskar og sprutar og har det festleg.

Men svensken er over på eit anna emne: Dei hadde jo stempla egga salmonellafri efter at det var oppdaga salmonella!

Eg hugsar ogsÃ¥ ei melding om salmonella og svenske egg. Det hadde nemleg blitt offentleggjort ei undersøking der det hadde gÃ¥tt sÃ¥ grundig ned med salmonella – og like etter kom ein kommentar: Det var ikkje nettopp det at det hadde gÃ¥tt ned, det var berre det at ein hadde ikkje rÃ¥d til sÃ¥ mange undersøkingar, og da vart resultatet meir positivt –

Det er som øyra vil vekse ut av hovudet pÃ¥ meg. Eg anar at eg kan fÃ¥ vita ein del meir enn det eg fÃ¥r snappa opp av norske aviser. Men han har no komi fram til kva privatfolk kan gjera i saka: Det einaste ein kan gjera, forkynner han, er Ã¥ koke og steike egga godt og grundig – varmen er «det enda» man «kan lita pÃ¥».

Kanskje de ogsÃ¥ kunne sagt nei til EU? undrar eg inni meg. For eit folk finn støtt utveg til Ã¥ kontrollere det det er politisk vilje til Ã¥ kontrollere –

dersom dei fÃ¥r regjere seg sjølv, da –

Varmen er forresten god i heitipotten, stive musklar slappar av, og ute i vatnet har ungebølingen fått av seg dei appelsingule og skal lære å puste inn og dukke under.

Vinden kårer vatnet enda meir, det byrjar bli slik at ein misser pusten når ein sym mot vinden, og vindkårene kastar rett som det er kaskadar av vatn i andletet mitt.

Etter ei tid er ungane ogsÃ¥ over i heitipott, og stutt tid etter skal dei opp. Dei protesterer og vil ikkje opp, men læraren ljomar utover: «Jú, alveg eins og skot!» Og ungekroppane sprett opp av heitipotten – heilt som eit skot.

Etter vel eit kvarter er lærarane der att med ny bøling ungar. Og taktfaste rop ljomar over eit skimrande blÃ¥tt og vindkÃ¥ra basseng: «Andið og blásið, einn tveir þrir! Andið og blásið, einn tveir þrir!»

Legg att ein kommentar