Om å laga pilgrimslei
Bjarne Grandum har skrivi ein artikkel (Hamar Dagblad 5/8 1998) der han presiserer at ein bør finne fram til den gamle leia som pilegrimane gjekk når ein skal laga moderne pilegrimsleier. Det er eg for så vidt samd i, men eg har visse ting å føye til det han har skrivi.
Min bakgrunn for å skrive det eg her skriv, er røynsler frå tre vekers pilegrimsgang i fjor. Pluss gamle minne om treningsturar i "gymnastikken" på skulen.
Det er klart at det er best med den gamle ferdesvegen. Eg hugsar særleg "tjodvegen" frå i fjor. Det er gjævt å gå den verkeleg gamle vegen. Den som er glad i historie, kjenner gleda ved å vera på historisk grunn. Og: Vegen er ofte lettare å gå enn dei moderne vegane.
Ein fast stig med høge graskantar på kvar side. Sjølv om stigen er fast, er han med vanleg sumarvêr noko elastisk, bakken er sval og beina har det godt. Han går litt opp og ned, og vi gjeng på utan å bli så særleg trøytte.
Men dei moderne tidene har ført med seg enkelte problem: Vi kan ikkje følgje den gamle pilegrimsleia heile tida. Av og til veit vi ikkje nok om kvar leia har gått. Så finst det dei som ikkje vil sleppe pilegrimar over marka si (kanskje dei trur vi er noko slags hippiar, eller kanskje dei er redde for dei dyra dei har på beite), det finst plassar der gamlevegen har forsvunni – kanskje på grunn av naturkreftene, kanskje på grunn av at den seinare kjerrevegen kom på same plass – kanskje på grunn av anna moderne anleggsarbeid.
Da kjem spørsmålet om kvar vegen så skal gå.
Så kan da folk krangle om det. Og dei som veit om "fornminne", vil nok gjerne at pilegrimane skal få sjå mest mogleg av det, og dei som er innkøyrt med bilkøyring og asfalt, trur dei gjer pilegrimane ei beine med å leggje vegen slik at dei kjem ned på flat mark og gjerne asfalt også for ei stund.
I fjor var det ein mann som fyrte ut av seg at han trudde no for sin part at pilegrimane også gjerne ville ha det behagelig innimellom og gå på slak mark i dalbotnen. Dei var vel ikkje annleis enn vi, sa han. Slik er vi moderne menneske prega av bil og sykkel og har lite kontakt med dei faktiske fysiske forholda.
Det er nemleg ingenting som er så trøyttande som å gå på flat mark. Eg hugsar den gongen eg lærde det. Det var nemleg i gymnastikken på skulen, vi skulle ut på Domkyrkjeodden og "jogge" kring der. Alle, både dei spreke og dei mindre spreke, kom attende til skulen som "slakt". Raude i andletet og pustande og pesande krak vi oss inn i dusjen. Neste år hadde nyskulen komi til, og vi skulle bruke ei rute i Ankerskogen. Den var litt lenger, sa lærarinna – – –
Vi stønna ved tanken på å få det lengre enn vi var vane med frå Domkyrkjeodden. Men dei som den dagen kom inn i dusjen, var spretne og fulle av liv. Det var ikkje til å tru at denne nye ruta var lengre. Men den låg i kupert terreng. Og så hadde vi lært noko heilt grunnleggjande om vår eigen fysikk: Når musklane får variasjon i måten dei blir brukte på, held dei ut lenger.
Den verste etappen eg hugsar frå i fjor, var to kilometer. Når ein har gått nokre dagsetapper på 25 km, da er 2 km berre blåbæra. Likevel! To kilometer på flat mark og asfalt. Det vart ein del pausar, og eg plaska meg rett ned på bakken for å kvile da eg kom fram til kvileplassen.
Den nestverste etappen var Vårstigen. Men det var på heilt anna vis. Den var bratt, og den var bratt på same måte temmeleg lenge. Det same problemet som på flatene: For liten variasjon i muskelbruken. Plusset var at her var det ikkje asfalt. Og eg går heller Vårstigen tre gonger enn den flate stubben på to kilometer.
Eg har difor to ønskje når det gjeld pilegrimsleier. Det eine ønskjet deler eg nok med dei Bjarne Grandum refererer til og som han kallar "interesserte lokalhistorikere". Nemleg at vegen så langt det er mogleg skal vera identisk med ein gamal vegtrasé. Der det ikkje er mogleg å finne den gamle gå- (eller ride-) vegen, kan ein gripe til den gamle kjerrevegen.
Det andre ønskjet er at dei som legg den nye pilegrimsleia skal ha vori med på ein skikkeleg pilegrimsgang – ikkje berre to dagar, men minst to veker. Gå til Nidaros frå der du høyrer heime! Da har du føresetnad for å leggje vegen.
Det er nemleg misforstått "snillhet" å sende pilegrimsflokken nedover dalsida for at dei skal "få lov til" å gå på flat mark ei tid og dessutan koma innom kiosken – Dei beste vegene vi gjekk i fjor, var oppe i lia der gamle gåvegen gjekk – og det gjævaste "påfyllet" dei saftstasjonane som lokalfolk hadde fått til. Sjølv kjende eg det som eit ork å gå ned ei dalside, labbe ein asfaltert veg bortover forbi eit sentrum med kiosk og bensinstasjon, og så klatre opp att for endeleg å få den gode bakken under føtene att.
Når eg ønskjer at folk skal gå pilegrimsgang før dei legg pilegrimslei, er det også eit anna moment i det: Det som for lokalhistorikarar er interessante fornminne, kan vera keisamt for pilegrimar. Ja, eg må diverre seia det. Det er klart at det er spennande å gå gjennom eit gravfelt og få vita at gravfeltet er beste provet for at vegen er eldgamal, for i retteleg gamal tid gravla dei folk der ferdesvegen var – – – Det er spennande med slike opplysningar. Men neste gong du kjem gjennom eit gravfelt, da veit du grunnen, og når du så har komi mange bygder lenger fram og ser på kartet at vegen gjer ein liten sving og får høyre at vi skal gjennom eit gravfelt – da hender det at det fer motvilje gjennom deg: Dei har vel for all del ikkje lagt vegen i boge berre for at vi skal koma gjennom gravfeltet? Vi har sett gravfelt før!
Når eg tenkjer på dei mange ivrige sogekunnige bygdefolka vi møtte på pilegrimsgangen, fer det enno eit tak av glede gjennom meg. Anten det galdt å gå gjennom gamle gravfelt eller det galdt å gå nedover ein brattbakke der eldre tiders kongar og dronningar hadde måtta ta seg fram på hesterygg, så var det ei oppleving å møte folk som fortalde om dette, som elska bygda si og fortalde om det vi såg. Det var opplevingar eg ikkje ville vori utan. Og likevel: Å leggje opp vegen etter fornminne? Å nei, ver så snill – – – "Det har blitt litt mange graver for meg," sukka ein langdistansepilegrim i fjor.
No hugsar eg ikkje lenger om kroken på kartet var for gravfeltet eller for noko anna. Det er uinteressant i denne samanhengen. Poenget er at det er gjævt for pilegrimar å få med seg sogeopplysningar når det høyrer til den leia vi går – men vi vil ikkje gå i krok for å fange med oss enda fleire gravfelt når vi har gått gjennom gravfelt før. For ein pilegrim er historia ikkje hovudsaka, men ein spennande del av ferda.
Eg trur dette kan vera vanskeleg å skjøna for folk på kulturkontor og liknande. Pilegrimar? Det er eit historisk fenomen – svitsj! Der er brytaren skrudd over på lokalhistorie – Men pilegrimsgang er også eit religiøst fenomen, ja, fyrst og fremst det.
M.a.o.: Når pilegrimsleia fell saman med ein natur- og kultursti, er det spennande. Men pilegrimsleia sjølv er ikkje, og skal ikkje vera ein natur og kultursti. Den skal vera pilegrimslei.
På ein måte er pilegrimsleia i seg sjølv sjølvsagt eit fornminne. Men dei gamle gjekk vegen for å koma fram, og det gjer moderne pilegrimar også. Vi er interessert i å få høyre om det når folk trur at ein viss formasjon i landskapet er ein gamal bygdeborg, og dersom vegen går i nærleiken, er det spennande. Men å leggje vegen forat vi skal koma innom bygdeborga? Nei, helst ikkje!
Avdi dei gamle delane av pilegrimsleia i seg sjølv er eit fornminne, er det naturleg at sume med natur og kultursti i tankane kan snuble over i den tankegangen. Men pilegrimsgang er både eit fysisk og psykisk fenomen for seg sjølv, og tilretteleggjinga bør ta omsyn til det.
Kanskje best å ta eit ørlite atterhald her: Vel vil pilegrimane fyrst og fremst nå til Nidaros. Men likevel er det ikkje støtt at den stuttaste vegen er den gjævaste. Eg går heller 5 km på grasbakke eller gjennom skogslandskap enn eg går ein kilometer langs asfaltert bilveg av notidsstandard.
Når ein skal finne fram gamal vegtrasé, bør ein for øvrig også hugse på at gamle dagars pilegrimar ikkje sat med kart og passar og målte ut kva for ein distanse som var lengst. Dei målte vegen etter den tida det tok å gå. Og det kunne nok vera mange ting som verka inn på ruta.
Der reagerer eg litt på argumentasjonen til Bjarne Grandum. Han argumenterer for at pilegrimane ikkje har gått over Fonnåsfjellet. Det er mogleg han har rett, eg kjenner ikkje det fjellet, og særleg verkar det overtydande når han fortel at det ikkje er funni spor av gamal ferdselsveg der. Men dersom det finst soger om at pilegrimar har fari over fjellet der i gamel tid, kan dei godt ha noko for seg likevel. Ein må rekne med at det også i gamle tider var folk som kunne syne pilegrimane leia, ikkje berre den vanlege leia, men kanskje andre som bygdefolket sjølv brukte i andre samanhengar. Ein må rekne med at det kunne vera ulike grunnar til at dei kunne tenkje seg å leggje vegen om fjellet ein eller annan gong. Kanskje dei har treft ein kar som skal opp dit på jakt, kanskje dei har opplevd litt gjerrige bønder på den siste strekninga, og ser ei von i det å kunne gå saman med denne jegaren – Eller kanskje dei har høyrt om ekstra gjestmilde folk på andre sida av fjellet. Eller kanskje ryktene går om plyndrarar og røvarbander langs den vanlege vegen –
Dersom det går nokre gamle soger om pilegrimsgang over eit fjell, så skal ein i alle høve ikkje berre blåse av det. Og som nemnt før: flatt terreng er ikkje synonymt med lett terreng. Det er rett at dei som gjekk pilegrimslei ikkje nettopp var av type topptrente idrettsfolk (det er heller ikkje vi som går i våre dagar). Det er også rett at dei gamle leiene er laga for folk av alle slag. Men vi bør ikkje nedvurdere dei menneska som ga seg ut på vandring. Medan eg halte meg opp Vårstigen i fjor med all mogleg kjensle av at her var det huttetu så langbratt, fór ein kar på over 70 år opp og ned same vegen og leita etter kona si. Han var for øvrig frå Finnland. Han fortalde meg etterpå at kilometrane her i landet hadde det med å bli lengre utpå ettermiddagen – – – Under ein kvit solhatt vandra dei tynnaste jentebein eg nokon gong har sett, dei såg ut som om dei kunne knekke saman når det skulle vera. Men til Nidaros kom ho – heile vegen frå Oslo.
"En dagsetappe over Fonnåsfjellet til Olsberg i Tylldalen er ugjennomførlig for den type trafikanter som pilegrimene var – " Ja, kanskje Fonnåsfjellet er eit frykteleg vanskeleg fjell å koma over – men Vårstigen var ikkje ugjennomførlig for pilegrimane i fjor, og vi var nettopp typiske pilegrimar. Sett i samla flokk såg vi slett ikkje spreke ut, og det er godt mogleg at Bjarne Grandum ville døme både Kvitura i Sel og Vårstigen til å vera umoglege for oss. Men fram kom vi.
For å samanfatte det eg gjerne vil seia i få ord her og no, set eg opp nokre enkle ønskje til dei som skal leggje pilegrimslei:
Følgj mest mogleg dei gamle leiene. Kan de ikkje følgje dei eldste leiene, så finn fram til stigar i skogsterreng. Ta med dei fornminna som høyrer til den gamle leia og gjev blanke i dei andre. Ikkje la dykk forvirre av bil- og asfalt-menneske si tru på kva som er enklaste og beste leia. Gå sjølv med på ein pilegrimsgang, opplev pilegrimsgangen både fysisk og psykisk – med alle messene som høyrer til. Da skjønar du kanskje korleis pilegrimen tenkjer og har føresetnader for å få til ei verkeleg god pilegrimslei.