Johanne Louise

Om antisemittismen

Atter og atter må eg åtvare dykk mot antisemittisme. Ikkje avdi eg krev at nokon skal sjå ei folkegruppe som ufeilbarleg eller berre englar, men avdi nettopp antisemittismen er noko meir enn den vanlege rasismen – den har med den moderne redsla for å ta på seg si eiga synd å gjera, og det er usunt.

«Rasisme» er definert som økonomisk utnytting av folk av anna rase – i skjol av at ein kallar denne rasen mindreverdig. Men dette heng også saman med undertrykkjing av eins eige folk. Den som klarer å utnytte ei gruppe i sitt eige folk, kan også utnytte andre rasar. Med andre ord: Bondehets er ei form for rasisme.

Når det gjeld den klassiske antisemittismen, møter vi ei anna utnytting av medmennesket, vi ser det vi kallar «syndbukktankegang». Vender vi oss så til Bibelen og ser kva som opphaveleg ligg i uttrykket «syndbukk», ser vi at vår måte å gjera det på er karikert i forhold til Bibelens skildring av syndebukken.

Når vi møter gamal religiøs tankegang, ser vi ofte at dyr har vori vesentlege delar av mytologien. Bukk, okse, katt, slange, fugl, katter – det er vel nærmast ikkje grenser for kor mange dyr som har hatt sin plass i menneskets religiøse univers. Det er viktig å hugse på at dyra da fekk ein slags symbolfunksjon. Ei fruktbar søye kunne bli symbol for det å vera fruktbar, o.s.b.

Dermed kan vi ta Bibelens skildring av syndebukken. Det var altså opphaveleg ein bukk. Bukk og okse kan i religiøs samanheng stå som bilete på egoisme, eller på alle dei sidene ved menneske som rasar fram og tek seg til rettes utan å ta omsyn til andre menneske.

Kva seier så Bibelen at vi skal gjera med syndebukken?

Jau, prestane skal «nedbe folkets synder over den» og den skal bli jaga ut i øydemarka. Dette er eit symbolsk rituale som ein kan utlegge slik:

I og med at eg legg handa mi på bukken og bed syndene mine over i den, vedkjenner eg meg at eg har ei bukkeside ved vesenet mitt. Denne sida høyrer til i øydemarka –

Som kjent hadde både Moses og Elias ei tid da dei laut leva i øydemarka – Moses etter å ha drepi ein egyptar, Elias etter å ha drepi Ba’als prestane. Øydemarka er religiøst sett eit svar på at ein har lati «bukkesida» av vesenet sitt regjere.

Bortsett frå at vi i vår tid ville oppleva det ille å sende ein verkeleg levande bukk ut i øydemarka, er dette som religiøst rituale heilt forståleg og greitt. Men så kjem andre akt – det er når vi vel ut eit folk eller ei folkegruppe til å spela bukkens rolle. Vi nedber våre eigne synder over andre folk – og sender dei ut i øydemarka. (Ev. i gasskammer.)

Religiøst og menneskeleg sett blir dette heilt gale. Det er stor skilnad på å seia til seg sjølv: «Eg har ei bukkeside av vesenet mitt og med dette markerer eg at eg veit den høyrer heime i øydemarka», og å seia: «Dei syndene vi opplever i verda, har rot og opphav i andre menneske, og dei skal ut i øydemarka «

I vår tradisjon har vi eit ord som heiter «sannhet ene frigjør» – altså: Det er berre sanninga som gjer mennesket fritt. Dersom ein tek til med å leggje eigne synder på andre, vil ein aldri bli fri. For SANNINGA OM MENNESKET ER AT INGEN ER FULLKOMNE OG AT VI ALLE ER SYNDARAR.

Dersom vi møter eit menneske som fortel oss at det i heile sitt liv og i alle situasjonar har gjort det einaste rette og berre vori edelt tvers igjennom, ville vi rekne det mennesket for eit psykiatrisk tilfelle. Så enkelt er det.

Men di verre verda ser ut, di fleire drap, di fleire uhyggelege hendingar, di større trong til å finne syndarar utanom seg. Det er ille å seia til seg sjølv: Har du gjort nok for å la det gode få makt i verda? Har du ikkje vori feig, har du ikkje tenkt mang ein god gong: Dersom eg tek til orde i denne situasjonen, så kjem dei til å le av meg -Låtten er eit verksamt våpen i menneskesamfunnet – og kor mange gode gjerningar er ikkje drukna i redsle for å bli til narr.

Dessutan: Nett i våre dagar har vi atter teki opp den tankegangen at livet eigenleg er «alles kamp mot alle», og det å ha eigen personlegdom, blir da å «rydde seg plass». Kanskje du ikkje berre har vori feig i forhold til det gode, kanskje du har vori aktiv i å hindre andre i å koma fram med det gode dei har?

Kort og godt: Vi ser så mykje ikring oss som er heilt forferdeleg, og vi kjenner at vi treng å «ordne» verda att, seia kva vi meiner er godt og vondt og ta avstand frå det vonde og gå inn for det gode. Men eg ser klare teikn til at ein er i gang med å gje folkegrupper rolle som djevlar eller skuldlause forfølgte.

Ei gruppe fortel oss konstant at same kva Israel gjer, har arabarane gjort det mykje verre. Ei anna gruppe fortel oss at Israel er på botnen av alle vonde hendingar her i verda. I båe tilfelle landar vi eigenleg opp med antisemittisme ettersom både jødar og arabarar er semittar.

Di lenger ein studerer historiske hendingar, di meir vil ein oppdaga at det vi kallar årsak/virkning er eit konglomerat. «Hvor ofte er ei den onde gjerning øvet ved synet av et redskap til det onde?» er eit gamalt ord, og ofte må ein sanne det. Kven er så opphavet til den vonde gjerninga, den som hadde idéen til det eller den som gjorde det? Når alt kjem til alt, er ørsmå hendingar drivkrefter som kan dra uhyggelege lass i gang.

Og apropos lass: Vi har eit uttrykk som heiter «ei lita tuve kan velte stort lass». Det vil stundom vera på sin plass å spørja; Kven la tuva der – men stundom er det faktisk slik at ingen i heile verda har «skulda» for det. Om ein vulkan spruta i 1783 og laga klimaforverring som skapte svolt og naud og kanskje også gav dytten til at den franske revolusjon kom da han kom, kan ein t.d. neppe skulde noka spesiell folkegruppe for det. Heller ikkje den som budde i det aktuelle landet og døydde i massevis av svolt i året etterpå.

Kor mykje hadde vulkanutbrotet i 1783 å seia for den franske revolusjonen? Europeisk soge er full av liknande problem.

Men eg vender meg frå strevet med å finne fram til årsak/virkning i historisk samanheng, eg snur meg til det eg kallar ein moderne kvasi-religion: Når folk eller folkegrupper får i oppgåve å bera «all verdas skuld».

Og når eg no er inne på dette med at ingen er fullkomne, at vi alle har skuld for eitt eller anna, så lat meg nemne ei gruppe som eg her og no vil kalle «fredsarbeidarar». Eg er klar over at denne gruppa ikkje på noko vis er homogen, men det eg ønskjer å seia, er følgjande:

Så lenge folk kjemper for fred, er eg med. Så lenge dei peiker på undertrykte fakta om verdas konfliktsituasjonar, er eg også med. Men så er det enkelte av dei tek til å søkje opphavet til nazismen t.d. i gamle testamentet. Da er eg ikkje med lenger.

Dei byggjer nemleg på tanken om det utvalte folk. Dette koplar dei saman med overmennesketankegangen, og såleis får dei ein veg over til nazsimen. Det er berre det at her dreier det seg om to ulike tankegangar.

Den som har lesi gamle testamentet, vil oppdage at Israels folk gong etter gong knurra mot å vera «utvalt». Dei ville heller få lov til å vera som alle andre, dei ville ha kongar, dei ville ha prakt –

Saka var altså at det å vera «utvalt folk» for jødane ikkje var synonymnt med å vera den eine som hadde rett til å setja seg ut over Guds lov – dei skulle vera dei som hadde å lyde Guds lov. I dette ser ein at å vera eit gamaltestamentleg «utvalt» folk er det motsette av å vera «overmenneske».

Det har gått mote i å klandre Gamle Testamentet for det ein tykkjer er gale i vårt samfunn. T.d. gjer ein mykje ut av soga om da Abraham ofrar Isak. Ein gløymer – eller veit ikkje – at barneofring var eit vanleg fenomen i områda ikring Abraham, det var difor rimeleg at han trudde Gud ville ha barn som offer. Så dreg han av garde med Isak – og når Isak spør kvar lammet til brennofferet er, svarar Abraham at Gud nok sjølv vil syne dei offeret. Det gjer Gud da også – han syner at det ein skal ofre, er bukken, ikkje guten. Dermed er barneofring utelukka frå den jødiske religion, og når vi seinare høyrer om det, er det i samband med dei tilfella da det utvalte folket heller ville vera likt alle andre og ville gjera det som grannefolka gjorde –

På grunn av den lettvinte konklusjonen eg har nemnt, og på grunn av at folk gjerne les krigsskildringar frå det gamle testamentet utan å samanlikne med det som var gjengs krigsskildring i samfunna ikring i Israel i den tida, har dei diverre bygd oppunder den nye forma for antisemittisme som vi har fått. Det er sørgeleg at religiøs og historisk vankunne skal få slikt resultat.

Eg må no ta opp ein artikkel som eg nyss har fått. Eg vil ikkje nemne namnet på den som har skrivi artikkelen, men eg kjem til å sitere frå han.

Når eg ikkje nemner namn, kjem det seg av at eg opplever artikkelen som ei kaving etter ein religiøs måte å oppleva verdshendingane på, og eg opplever at denne kavinga fører artikkelforfattaren på avvegar.

Før eg siterer frå artikkelen, vil eg nemne mi oppleving av hendingane etter 11. september. Eg spurde meg sjølv kvifor denne hendinga gjekk i fjernsyn heile dagen -med tanke på andre forferdelege ting som skjer og som vi berre får som liten notis, eller berre i den eine av dagsnyttsendingane, verka det oppskrudd.

Eg har heile tida vori mostandar av måten dette vart brukt på. Dersom ein meiner alvorleg at ein skal kjempe mot terrorisme, ter ein seg ikkje slik Bush gjorde her. Det er berre å skapa ny terrorisme.

Dessutan er eg livredd for at dei har brukt såkalla «utarma» uran i krigen i Afghanistan også. Eg kan ikkje sjå anna at farlege ting vil skje i verdssamfunnet dersom eit land gjennom fleire krigar har forgifta annan manns mark. Dette er det eg opplever som verste sprengstoffet i samanhengen.

Ein dag oppdagar eg så at det blir tale om ei oljeledning gjennom Afghanistan. Da tenkte eg «Aha! det var kanskje ein grunn til at dei endeleg skulle bombe Afghanistan. Dei brukte kanskje hendingane 11. sept som påskott for å få sett i gang eit oljeprosjekt – » Så kom eg attende til eit gamalt sukk: Ingenting er for tida så farleg som det å ha olje. Da Vietnamkrigen gjekk føre seg og vi alle vart innprenta at dette galdt kamp mot kommunisme og diktatur, hadde vi god kontakt med skyldfolk i Amerika, og frå denne kontakten hugsar eg ei setning: There is oil on the bottom of the problem.

Det tok nokre år før eg såg ein liten notis i ei avis der det stod at det var funni olje i sjøen utafor Vietnam.

Så til ein artikkel eg fekk i hende vintervåren 2002. Den gjeld terror over USA og den byrjar slik:

«I mere enn 2000 år har størsteparten av menneskeheten blitt foret med bevisst plantede løgner, i beste fall halvsannheter om oss selv og verden omkring oss.»

Denne opptakta fortel i grunnen nokså mykje. Eg kjenner meg plassert i ein slags nietzschiansk samanheng. Eg hugsar ein som hadde studert filosofi som kommenterte at Nietzsche kunne avsløre at alle andre laug og gjerne brukte det dei sa og gjorde til å skaffe seg makt – alle, unnteki han sjølv. Han var den einaste som såg sanninga i auga og berre sa det han sa av rein og skir sanningstrong. Problemet er berre at eit menneske kan ikkje døme alle andre til løgnarar og seg sjølv til sanningsvitne utan at det er eller blir noko gale ein stad. Det må gå på sjelehelsa laus. Og det gjorde det da også i tilfellet Nietsche.

Det er forresten ikkje berre det eg assosierer ved denne fyrste setninga. Eg ser at «vi» har «blitt fôret» med løgner. Her er det lagt opp til ein dualisme: «Vi» er skuldlause dyr som bli kynisk stappa med løgner av ein eller annan overlegen instans. Kven er denne instansen? Ja, det var det –

Det skuldlause «vi»et har blitt styrt av ein elite, og det har vi funni oss i – men bak denne eliten har det stått noko verre – «denne gruppen er i dag den mektigste i verden med total kontroll over verdens pengesystem, over storpolitikken, over alle typer av media, over den teknologiske utviklingen – – – Vi skal komme tilbake til denne store gruppen litt senere, med navn, nasjonalitet, rase og religion – «

Det byrjar smaka av noko, gjer det ikkje?

Vi får vidare høyre at alle krigar og konfliktar i dei siste 2000 åra har vori «kunstig kreerte». Det er ein «tredjepart» som set dei i gang og tener på dei.

«Denne utenforstående parten har ved hjelp av kløktighet og ved å skape falske virkeligheter grunnlagt økonomiske og politiske systemer som f eks kapitalismen og kommunismen, liberalismen og fascismen – – – » Oppramsinga av det denne tredjeparten har gjort, blir lang, men konklusjonen er som så: «Alt dette for å kunne kontrollere og lede oss i en bestemt retning som ender opp i verdens herredømme for denne gruppen.»

Så er vi brått over i hendingane 11. september. Og det går nokså snart klart fram at artikkelforfattaren meiner at det er sionistane som har gjort åtaket. Det blir referert til at det ikkje var israelarar i bygningen da det skjedde, og det verkar som dette blir teki som bortimot eit prov. Så er det ein eller annan som har sett jødar som dansa og var nøgde over det som hadde skjedd –

Vel, det er ikkje råd å referere alt. Artikkelforfattaren fortel så at det ikkje er naudsynt å ha nokon terrorist i flyet for at det skal gå slik -for fly kan ein styre utafrå. «Sannheten er nok heller at de fire flyenes elektroniske kommandokretser ble «overtatt» av et eller flere AWACs-fly. » Seinare kjem ein kommentar om flyet som «krasjlanda» (her sitert utan utheving): «I dette flyet må tydligvis pilotene ha gjenvunnet kontrollen over det og forsøkt å nå nærmeste flyplass for å lande normalt. I stedet blir flyet skutt ned av et kampfly på ordre fra Bush. Poenget med dette er at man ikke kunne ha noen vitner til å fortelle om hva som virkelig skjedde.»

Her er vi da komne til det punktet at Bush må ha teki del i dette. Og så kjem det da: «La oss begynne med å si at så å si alle amerikanske politikere er korrupte og i lomma på sionistene.» Akk – ein kjenner seg sett attende til den «kalde» krigens tid da absolutt alt skulle ha Sovjet som rot og opphav.

Det er støtt vanskeleg å vita kva ein skal tenkje når ting blir servert som fakta utan at det blir referert til opplysnings-kjelde. Ei opplysning er for øvrig interessant -men det vantar her også totalt tilvising til kvar vedkomande kjenner til dette frå: » – – – Bush-familien har store aksjeposter i et oljeboringsselskap kalt UNACO. Dette selskapet forsøkte i 1993 å komme frem til en avtale med den afghanske regjering om å føre en oljeledning fra Uzbekhistan gjennom Afghanistan, da det befinner seg 60 000 000 000 (60 milliarder) fat med råolje under bakken i bare dette ene landet alene.»

Interessant i seg sjølv – men kvar kjem denne kunnskapen frå?

Og så kjem vi atter ein gong tilbake til det store kamp-sceneriet:

«Hensikten med «krigen mot terror» på det planet det i dag befinner seg på er å knuse all mulig opposisjon mot den internasjonale sionismen. Ved effektivt å bruke muslimske «terroristgrupper» spredt over hele verden, som hovedfiender kan man både få kontroll over de landene hvor slike grupper oppholder seg, og som «beskyttes» på en eller annen måte. En annen vesentlig faktor er at den muslimske religion og dens tilhengere desimeres i antall samt at kontroll over disse landene lettere oppnås, slik som nå har skjedd i Afghanistan. Når dette målet er nådd vil man gå løs på den svarte rase, den gule rase og den røde rase og deres respektive land og religioner samt grupperinger i andre land. helt til sist vil hvite kristne, katolske eller protestanter etc. i alle land, bli ansett som «terrorister» og den siste skanse vil være falt. Da vil det bare finnes en gruppe igjen, med total kontroll av alt og alle; jødedommen og sionismen.»

Som ein ser, er våre skyldfolk der borte i Amerika, ikkje den eigenlege grunnen til problemet. Hjernen som sit bak og styrer dei, er den gjennomførte sataniske makt som heiter sionismen. Alle andre blir nesten skuldlause små dokkemenn i samanhengen.

Eg er redd vi heller må vera realistar og seia som så: I alle land og folk finst dei som vil utnytte andre, i alle land finst det dei som set pengar høgare enn menneskeliv – og det tyder atter at det i kvar og ein av oss eksisterer ein mogleg Mammondyrkar. Dersom vi let denne få innpass, er vi snart heilt i Mammons vald.

Vi bør ikkje stikke under stol at vi ikkje er aleine om å ha slike kyniske element i vår rase – dei finst også hos andre. I det heile teki er det ingen grunn til å utrope ein rase til å vera meir blodtørstig og krigersk enn andre. Stammekrigar i Afrika er ikkje venlegare og frommare enn krigar i vår del av verda.

Men det skulle ikkje undre meg om denne artikkelforfattaren også ville meine at sionismen sit og regjerer stammekrigar i Afrika også. Legg t.d. merke til denne setninga: «Planene om tre verdenskriger og tre revolusjoner, den franske, den russiske og den kinesiske, for å nå målet om verdensherredømme stammer i første omgang fra Talmud og Zions Vises Protokoller.» Det verkar som om artikkelforfattaren daterer desse protokollane til 1897 – men gjev altså like fullt sionist-konspirasjon skulda for den franske revolusjonen i 1789. Av dette må ein vel slutte at alt det vår rase har gjort av synder mot sin eigen rase – t.d. å la adelen ha hand og halsrett over bøndene – også på sett og vis og ad merksnodige vegar (adjektivet er lånt frå artikkelen) har vori eit produkt av sionismen.

Det verste er vel at i og med biletet av ei folkegruppe som driv eit spel som er fullkoment uttenkt og gjennomført systematisk og i detalj, som dei altså klarer å gjennomføre etter planen, får denne folkegruppa eintydig og klart status som «DEN ONDE MAKT» i verda. Altså djevelen sjølv. Vi har vel mange gonger sagt at Gud er allmektig, men i praksis syner det seg at mange religiøse menneske er enda meir overtydd om djevelens altsigrande makt.

Dermed bli artikkelen her hovudsakleg reint religiøs. Skildringa er ei vaskekte skildring av djevelens makt og planmessige kamp mot Gud. Enkelte interessante opplysningar druknar heilt i den religiøse tørst som markerer seg i artikkelen.

Eg har ofte høyrt skryt av datastyringa av fly. Eigenleg er det ikkje naudsynt med pilot, har eg fått meg fortalt. Difor merkar eg meg teorien om at ein kan kapre flyet utan å ha terroristar stasjonert i det. Likevel tek den religiøse trangen overhand i denne artikkelen, og det ein eventuelt kunne ta opp i seriøs debatt, druknar totalt.

Hitler var ein mann som hadde liknande religiøse vyer, og han sette i gang planmessig opplegg for å få verdsherredømet – og det gjekk som det gjekk. Forferdeleg var det medan det stod på, og likevel: Menneske er menneske, meir enn dette klarer dei ikkje. Dei kan skapa helvete på jord – men det har aldri vori noka gruppering i verdssoga som har klart å underleggje seg verda og regjere med uinnskrenka makt etter det.

Eg vil difor be den som skreiv artikkelen å leggje den religiøse scena litt annleis. Og eg vil tala direkte til han: Du har rett til å vurdere kvar einaste av dine eigne handlingar etter den modellen du har brukt her. For kvar ting du gjer, kan du spørja deg sjølv: Ville eg verkeleg det gode, eller gjorde eg dette for å få makt? Gjer du det, vil du oppdage at mennesket er ein mangslungen affære og at ikkje ein gong det enkelte mennesket ter seg på same vis støtt, eller etter følgjerett plan. Mennesket kan rett som det er gjera ein god ting utan å tenkje på anna enn det gode – men i etterkant kan freistinga til å dyrke seg sjølv koma opp – Og! ein kan falle for freistinga til å utnytte det gode ein gjorde til å få makt. Så blir kanskje ikkje den gode gjerninga til velsigning likevel.

Som sagt: Du har rett til å leite i krok og kime av di eiga sjel etter ein djevel som sit bak og trekk i trådar og får deg til å gjera ting berre for at du sjølv skal få makt. Men du har ikkje rett til å postulere at ei folkegruppe, ein rase eller ein religion utfyller denne djevel-rolla i verdssamfunnet. Alle folk har sine utkrøpne makt-klatrarar, og alle har sine slitarar – som for øvrig kan vera både intrigante og vemmelege på sine små område i livet, men ikkje har makt i den store samanhengen.

Det er ikkje til å unngå at mennesket let si religiøse innstilling prege dei politiske vala det gjer. Og det hender at ein tek avstand frå ei politisk retning ut frå reint religiøse grunnar. Likevel må ein vare seg for å flytte heile kampen mellom det vonde og det gode ut i verda kring ein. Det er og blir ein kamp den enkelte fyrst må kjempe i seg sjølv. Gjer ein det, vil ein kunne gå ut i samfunnet og kjempe for det gode der også -utan å krevja at andre menneske skal vera statistar i eins eiga sjelesoge.

Det hender ein tykkjer ein får lite hjelp frå samfunnet ikring og at det er litt for veglaust i vår kultur no. Men vi har også sjølv broti opp vegar som har vori der frå gamalt av, og vi er medskuldige i det vonde vi opplever. Så i staden for å projisere vår kjensle av at det vonde har fått makt i verda over på andre menneske eller folkegrupper, kan vi seia som så:

Kom hjerte, ta ditt regnebrett, skriv opp ditt levneds dage. Se til at du kan sanse rett og glemt til minne drage – Hva har du gjort de lange år du har i verden levet?

Ja, kva har vi gjort – og kvifor ser verda ut som ho gjer, og kvifor bukkar vi så djupt for Mammon?

Legg att ein kommentar