Johanne Louise

ME-sjukdom, sterk atomindustri og feige styresmakter

Eg har no lesi om familien Ottesen og påkjenninga med to sjuke døtrer. Frå ei eg kjenner som har «ME» kjenner eg litt til sakene. Ho skriv til meg at folk ofte har rota saman dei to problema: «Utbrenthet» og «Utmattelses-syndrom». Det siste er ein typisk moderne sjukdom. På den eine sida er det nemnt fyrste gong så tidleg som i 1969. Men det er dei siste åra det har komi for fullt.
Som ein ser av namnet «utmattelses-syndrom» har det blitt rekna for ein psykisk sjukdom, og enkelte tenkjer da straks at her skal ein til med psykolog/psykiater og antidepressiva eller liknande. På den andre sida er sjukdommen registrert som ein nevrologisk sjukdom hos WHO.
Her er det lett for meg å assosiere til ein annan kjent sjukdom. Det var noko dei kalla «Gulf-syndrom». Som ein ser, var ein også her i fyrste omgang innstilt på at dette hadde noko med psykiske forhold å gjera. På ei anna side har ein ein sterk falanks av vitskapsfolk som set søkjelyset mot dei radioaktive stridsmidla som vart brukte i Gulfkrigen. Så no kan eks-soldatar søkje om erstatning dersom dei har visse symptom.
Her og no vil eg dra fram enkelte trekk frå tida etter 1945. Etter at atombomba var slept over Hiroshima, tok vitskapsmennene som hadde hatt teieplikt fram til da, seg rett til å koma med åtvaringar. Sume av dei hadde også før arbeidd mot at bomba skulle bli brukt, no ville dei fortelja vanlege folk kor farleg den nye teknologien kunne vera.
Dei tala t.d. om at det kunne oppstå nye og ukjende sjukdomar.
No var både prestisje og profitt-tankegang knytt til atomteknologien. Og dermed var det fantastisk så slumsete det amerikanske militæret var da dei skulle registrere det som skjedde etter bomba. I Hiroshima slutta dei med å registrere etterpå-dødsfall same hausten, altså hausten 45! Så måtte dei til med å registrere att i 1951. Ingen veit kor mange som hadde lidi og døydd på dei åra.
Eg trur knapt dei tok på seg å registrere abortar og misfoster den gongen. For ei norsk bok som byggjer på det amerikanarane har gjevi av opplysningar, seier at den slags er det forholdsvis liten sjanse for. Og dei seier kategorisk: «Det oppstår ingen nye sykdommer.»
I våre dagar kan vi lesa boka «Barn av Tsjernobyl». Der får vi høyre om ei jente som hadde forstørra blodårar og døydde av den sjukdomen. Ingen hadde høyrt om ein slik sjukdom før. Det har også dukka opp andre overraskingar på helsefronten. Som t.d. det dei kalla Gulfsyndromet.
Etter Tsjernobyl dreiv Sovjetstyret same strutsepolitikk som det amerikanske militæret når det galdt etterpåsjukdomar. Legene fekk ikkje lov til å skrive det i journalen dersom dei trudde eit menneske var død «av stråling».
Styresmakter verkar merkeleg feige når det gjeld å ta opp problemet med skader etter radioaktivitet. Det kan koma av at dei som har kapitalinteresser i atomteknologien er sterke. Dei som da – trass i sterke kapitalkrefter og feige styresmakter – orienterer om farene, «lever farleg» som det heiter. Ein del spesielle bilulykker har skaffa sume av dei ut av verda. Enkelte fortel rett ut om trugsmål dei har fått. Førebels kan ein gå på nettet og få ein del opplysningar. Og eg vil rå til at vi bruker denne sjansen til å orientere oss før det blir for seint. Kven veit når også den vegen til kunnskap blir stengd.

Her har vi i Stange ein familie der mor har fått kreft og to jenter har ME. Hadde eg vori i helsevesenet i Stange, hadde eg gjort to ting: For det fyrste orientert meg om det dei ikkje-feige forskarane har komi fram til – kanskje via nettet, kanskje med å invitere folk som har studert dette og kan fortelja om det på norsk. For det andre ville eg intervjua familien for å finne ut om dei kan ha vori ekstra utsett for radioaktivitet nokon gong. For det tredje ville eg komi med tilbod om å la fagfolk undersøkje nærmiljøet deira – rett og slett heimen, om det lurer noko farleg der.
Soga om legevitskapen har fleire døme på at einskildmenneske utanom det etablerte forskarmiljøet har funni ut kva ein sjukdom kom av medan dei etablerte har trudd det var berre tull. Så heia, heia, helsevesenet i Stange! Når så mange i ein familie er sjuke, kan det da vera ein underliggjande samanheng mellom sjukdomane?
Det fyrste ein lege må gjera for å få suksess med å kurere sjukdomar, er å finne ut kva sjukdomen har rot i. Difor meiner eg det er så viktig å granske opphavet til vanskane.

J.L.Michaelsen

Legg att ein kommentar