Johanne Louise

Det som hende under krigen engasjerer oss framleis – men kan vi tenkje oss inn i stoda den gongen?

Atter og atter f̴r vi oppleva at det som skjedde her i landet i perioden 1940 Р45 engasjerer folk framleis. Men ikkje alle engasjerer seg p̴ same vis.
Og det som stundom kan vera vanskeleg, er den naive og utvendige måten notidas menneske ser på det på. Det blir ofte for enkelt, for og imot, skurkar og heltar, anten hundre prosent det eine eller hundre prosent det andre, situasjonar blir vurderte i ettertidslys da alle veit korleis det kom til å gå o.s.b. Men det å bruke ettertidsfasiten på fortida gjev ikkje noko realistisk bilete.
I tillegg kan det faktisk av og til verke som om folk midt i etterkrigstidas bitre kjensler kunne ha meir gangsyn og ikkje døme så i svart/kvitt som neste generasjon att gjorde.

Det var ein del av folket som gjekk inn i NS. Sume gjorde det avdi dei trudde på nazismen, andre avdi dei ville motarbeide systemet innafrå. På dette området har det blitt gjort mykje urett etter krigen avdi teiepolitikken gjorde at ikkje alle som var «NS på overflata», kunne reinvaske seg etterpå.
Av dei andre som gjekk inn i NS, var det for øvrig ogsÃ¥ mange slag. Enkelte var heilt naive og trudde berre at «nazistene vil alle vel». Sume var redde for marxismen. (Mellomkrigstidas borgarlege aviser hadde ein god del av ansvaret nÃ¥r enkelte var sÃ¥ redde for marxismen at dei ikkje hadde gangsyn i forhold til nazismen.)
Etter krigen har enkelte sagt at «eg tok feil», medan andre samlar fanatisk pÃ¥ dumme ting som seinare regjeringar har gjort. Dei vil vel byggje opp sitt eige sjølvbilete pÃ¥ denne negative mÃ¥ten. Eg har til og med sett publikasjonar som spÃ¥dde oppreisning for profeten/martyren Quisling. Og nÃ¥r folk tek til Ã¥ fortelja – jamvel i fjernsynet – at regjeringa og kongen «flykta» og var «feige» – da undrast eg pÃ¥ om dette er ekko av det som stod i NS-avisene den gongen eller om det er ein logisk klikk. Ã… ta opp kampen mot det som den gongen var Europas største krigsmaskin var ikkje nettopp feigt. Men det kunne dei ikkje gjera om dei var blitt fanga av nazistane.
Eg veit jo at det ogsÃ¥ den gongen var folk som uttrykte at kongen sat «i trygghet» i London og let folket sitt vera Ã¥leine i faren. Som temperamentsfullt utbrot kan det der kanskje gÃ¥ an – men ikkje som korrekt skildring av livet i hovudstaden i eit land som er i krig. Tenkje seg til at folk i Noreg kunne sjÃ¥ for seg at London var tryggare enn Oslo den gongen!!! Det vantar noko i hjernekassa, trur eg.
NS-propagandaen gjorde nummer av at nett det å gjera motstand, fekk tyskarane til å øydeleggje norske byar. Dei brukte det argumentet mot kongen. Konge og Regjering fann på si side ut at tyskarane let flya bombe nett dei stadene dei meinte kongen var. Ergo var det best å ikkje fortelja kvar dei var, det ville skåne vanlege folk mest! Skulle notidsfolk påstå at dette er prov for at konge og regjering var feige, så ville eg faktisk seia: NS-propaganda! Den slags propaganda lir ikkje nettopp av logisk sans. Man tager hvad man haver!

Trygt å bruke uniform – eller?

Når ein – som eg har gjort – les alt ein kan koma over av bøker frå krigstida, er det mangt som kan få tankane i gang. Ikkje så heilt sjeldan kan eg sjå at dei som skriv, reknar med at lesaren har same røynsler frå krigstida som dei sjølve har.
Eg vil nemne eit typisk døme. Men fyrst litt om dette med uniformbruk.
Dei som dreiv motstandsarbeid, var ofte skeptiske til det militære. Quisling var for øvrig major i forsvaret, og det skjedde ein del ting i starten av krigen som fikk mi oldemor til å skrive i dagboka si: «Det norske befal har oppført seg skammelig!»
Det var såleis ikkje utan vidare slik som det seinare har blitt påstått: At folk flest skulda regjeringa og dei militær-skeptiske i samfunnet for det som hadde skjedd. Derimot var nett dei som var skeptiske til valdsbruk generelt, sterke i sin motstand mot nazismen. Mange tok på seg oppgåver som ikkje var direkte kamp-oppgåver. Sume måtte likevel dra i uniform. Eg har lesi om ein kar som treivst så ille med militær tankegang at han frå fyrsten av neitta å ha på seg militær uniform når han var av garde på «jobb». Han måtte gje seg, meiner eg å hugse, avdi det var sikrare å bruke uniform, da kunne ein bli rekna som krigsfange om ein vart teken.
Eg veit også at eit par som vart fanga da dei kom frå Shetland, hadde glede av at dei hadde uniform på. Dei vart rett og slett tekne som krigsfangar, kom til Tyskland – og overlevde krigen.
Men slik heldt det ikkje fram. Terboven sende telegram til Berlin med framlegg om at sju menn som var tekne til fange i kamp – motortorpedobÃ¥ten deira var oppdaga og bÃ¥de fly og bÃ¥tar tok del i kampen mot den eine MTB’en – at dei nettopp ikkje skulle bli rekna som vanlege krigsfangar. Dette var Hitler samd i. Og sÃ¥ kjem den store proklamasjonen der Hitler syner til Geneve-konvensjonen – for sÃ¥ vidt utan Ã¥ sitere – og fyller pÃ¥ med klassisk nazipropaganda. Sitat frÃ¥ boka om dei norske motor-torpedo-bÃ¥tane: 1

«I den senere tid har våre motstandere benyttet seg av en form for krigføring som er i strid med Genève-overenskomsten. Oppførselen til de såkalte Commandos, som er rekruttert blant frigitte forbrytere, er spesielt brutal. Av beslaglagte dokumenter fremgår at de bl.a. har instruks om å binde fanger og drepe dem uten betenkning, hvis de blir til byrde eller hindring for utførelse av et oppdrag. Enn videre har vi beslaglagt instrukser som forsvarer å drepe fanger rent prinsipielt.
Av denne grunn bekjentgjøres som tillegg til forordningen fra Wehrmacht av 7. oktober 1942, at for fremtiden vil Tyskland bruke de samme fremgangsmåter mot disse britiske sabotører og deres medskyldige, dvs at tyske tropper vil utslette dem uten nåde hvor som helst de blir funnet.»

Dermed vart sju menn henretta trass i at dei var i uniform da dei vart tekne. Lika vart senka i havet. Nazi-styret var ikkje tryggare på at det internasjonale samfunnet ville godkjenne dette enn at dei sletta spor så godt dei kunne. Det var berre det at det låg att nokre ullstrømper og den slags etter karane, og den som vart sett til å vaske strømpene, klyppa av navnetrekket «Hull». «Det ble av stor verdi etter krigen, da bevismaterialet skulle samles,» heiter det.

Det interessante med korleis dette blir fortalt i boka om MTB’ane, er den lakoniske setninga etter sitatet: «Denne bestemmelse taler for seg selv.»

Her er det tydeleg at boka vender seg til folk som hadde opplevd fem års nazistyre og nazipropaganda. Forfattaren gidd ikkje å opponere mot Hitler-påstandane i det heile teki. Det var for typisk at Hitler o.co. oppdaga at dei andre hadde tenkt å gjera ting som nazistane ville gjera sjølv (eller hadde gjort) – og så «tok att» for det. Berre det at folka på motortorpedobåtane skal vera «rekruttert blant frigitte forbrytere» er nok til at folk den gongen oppfatta dette som oppspinn og løgnpropaganda. At kriminelle kunne få ein bra «stilling» i konsentrasjonsleirane er noko vi har fått høyre om etterpå – men også utan å kjenne til forholda i konsentrasjonsleirane, hadde det norske folket ei klar kjensle av at forbrytarane var mellom dei som vandra kring oss i tyske uniformar.
Vår tids avstand frå realiteten under krigen gjer at ungdom kan koma til å ta Hitlers proklamasjon på heilt anna vis og blåøygd og overtydd forklare at: «Jamen, englenderne var jo de som BEGYNTE med å drepe fanger!» Dei har ikkje levd med ei presse som stort sett berre tala sant når ho fortalde om dødsdomar over norske menneske.
I krig er det rett nok aldri slik at den eine parten er englar og den andre berre djevlar. Likevel må vi skjøna at det hatet som voks opp under krigen delvis kom av at dei som trampa så overlegent på alle norske rettferds-kjensler samstundes kravde at vi skulle sjå på dei som edle og gode og stemple alle som var imot dei som forbrytarar.

Det stille samarbeidet

Under krigen var det naudsynt med eit veldig samarbeid mellom folk. Folk heldt saman og visste om kvarandre pÃ¥ ein heilt utruleg mÃ¥te. Enkelte soger er ufattelege for folk i vÃ¥re dagar. Ein mann som absolutt ikkje bør falle i klørne til Gestapo, oppdagar at han er pÃ¥ veg rett mot dei – da er det ein annan kar i nærleiken som tek til beins – og tyskarane i vill jakt etter han. Den som verkeleg hadde noko Ã¥ gøyme, kom seg unna. Korleis kunne det gÃ¥ til? Visste mannen som tok til beins, kva den andre gjorde? Hadde han ei aning? Eller skjedde det ut frÃ¥ eit slags instinkt? – – – Kva med han som skulle til Ã¥ leggje illegale aviser i ei postkasse og opplevde at ein framand mann dukka opp like ved og sa: «Ville bare si fra at tyskerne kontrollerer postkassene her i disse dagene.» Den ukjende mannen mÃ¥tte vita kven som frakta illegale aviser – men «visste» det sjølvsagt ikkje til dagleg.
Dei fleste heldt saman og støtta kvarandre i å klare krigskvardagen – også det var ein vesentleg innsats. Notidas vaksne vil stort sett ikkje kunne tenkje seg inn i matsituasjonen den gongen. Brev frå den tida kan fortelja om folk som står i timevis i kø for å få kjøpt litt mjøl – og når dei endeleg kjem fram, får dei berre kjøpt krisesåpe. Likevel, står det i breva, har dei det bra så lenge dei har spekesild og kålrot.
Når avisene skrøyt av kor storarta tyskarane var overfor nordmenn og sa at kvar andre brødskive som vart eten her i landet, kom frå Tyskland, vil kanskje notidsungdom ta det for god fisk? Den gongen var det nok mange som da hugste på at den fine maten, den var reservert NS-medlem. (NB: Brød er fin mat i denne samanhengen!) Og ikkje berre det – men når soldatar skulle på perm til Tyskland, kunne ein sjå dei strene av garde med kufferten i eine og sildebutten i andre handa. Det er dei som meiner at kufferten også inneheldt matvarer. Apropos det med silda, som alt nemnt var det silda folk hadde trøysta seg med. Så vart det etter kvart mindre å få av sild – medan folk i Oslo kunne sjå på at sildebuttene drog til Tyskland.

Hat og takk litt tilfelleleg plassert?

Eg trur ikkje matvareproblema var det som skapte mest hat. Folk kunne trass i alt vera byrge over det dei klarte å få til av det dei fekk tak i. Men både forbrytarstempelet på folk som ofra livet og det at dei i det heile teki vart drepne, nørte oppunder alt som kunne vera av hat til inntrengjarane.
Men er det noko som er typisk i slike høve, er det at hatet kan bli til forfølgjing av menneske som ikkje sjølv hadde gjort noko gale. Skulle folk vera veldig huga på å dra fram ting som ikkje var bra hos oss, har dei her saklege ting å gripe fatt i. Det bør likevel helst bli gjort med måte, slik at ein ikkje får inntrykk av opp-piska syndebukktaktikk.
Noko av det som har vori vondt, har vori at ungane til NS-medlem har fått unngjelde for det foreldra har gjort.
Samstundes veit vi at dei heltane som hadde vori heime under krigen, dei som folk «kjende» pÃ¥ eit vis, dei fekk takken! Medan det tok mange og lange Ã¥r før folk vart klar over at dei som hadde vori i fremste frontline, nemleg folka i handelsflÃ¥ten, burde hatt heilt andre kÃ¥r i etterkrigstidas Noreg.
For øvrig fortel soga at hatet er størst mot nordmenn som gjekk med fienden. Skikkelege tyskarar som hadde prøvd å hjelpe mange gonger – og faktisk også hadde berga ein del nordmenn – dei fekk ei heilt anna handsaming etterpå. Ein familie kunne reise gratis på fyrste klasse på Fred. Olsen-båt til Tyskland. Og da dei der vart internert i ein leir, greip norske diplomatar inn. Så vidt eg har skjøna skjer dette samstundes med at vi hetsar menneske som faktisk ikkje har gjort noko gale – som Kirsten Flagstad.
Så det er nok å ta opp. Men lat det for all del vera sakleg og basert på fakta. Og lat oss passe oss for å bli som psykopatane som gler seg over å finne feil hos andre og gjerne opp-fotograferer småfeil.

NÃ¥r notidsmenneske set seg til doms

Som det vil gå fram av det som alt er skrivi, tvilar eg på at det er så enkelt for notidsungdom – eller vaksne for den saks skuld – å leva seg inn i det som skjedde under krigen. Når dei da vil setja seg til doms over hendingar den gongen, kan domen bli temmeleg merkeleg.
Som sagt: Det er ting ein kan ta opp heilt sakleg, det er ting ein ikkje bør gløyme. M.a. kor lett det kan vera i fredsrusen å gløyme dei som har gjort mest. Det er likevel ikkje slike saklege ting som blir køyrt fram. Av og til kan det verke som om ein er ute etter å skyve synder som nazistane gjorde seg skuldige i, over på norske motstandsfolk. Ein slags syndebukktaktikk.
Ein kan også få inntrykk av at notidas menneske har lesi for mange enkle spenningsbøker der poenget er spenninga, ikkje å gje eit bilete av menneskelivet i ein stressa situasjon. Det verkar som om folk i våre dagar ikkje har aning om korleis ein krig grip inn på alle felt i menneskelivet, og korleis det å takle ein vanskeleg dagleg matsituasjon også kan vera krigsinnsats. Sjølv om den ikkje blir registrert.
Og kva med notidsmennesket og det vanskelege kravet: «Æres den som æres bør!»? Ein bør hugse pÃ¥ at kureren som set livet pÃ¥ spel for Ã¥ fÃ¥ gjevi dei allierte opplysningar, kan vera den eine som skaffar den avgjerande opplysninga – eller ein av fleire. Han veit ingenting om det. Han har ein jobb – og gjer den. At han set livet inn, er likevel eit faktum, og dersom ettertida skulle setja seg til doms og seia at: «Men denne opplysninga fekk dei allierte andre stader frÃ¥ ogsÃ¥, sÃ¥ det han gjorde, var berre barneleik» – – – sÃ¥ ville det bli heilt hysterisk.
NÃ¥r det gjeld sabotasjeaksjonar pÃ¥ slutten av krigen, er det sume som har sagt at – «DA VAR JO KRIGEN LIKEVEL OVER, HVA SKULLE DE MED DET DA?» Men det dei var redde for i sluttfasen, var at dei som ville halde fram med krigen i Noreg, skulle fÃ¥ det som dei ville. Dermed var det viktig Ã¥ øydeleggje det som kunne frakte soldatar til Noreg og kring i landet.
Med andre ord: Enkelte sabotasjeaksjonar hadde ikkje noko resultat på tap og siger slik det kom til å bli. Men var kanskje likevel med på å hindre at enkelte stabukker heldt fram og gjorde Noreg til krigsskodeplass.

NÃ¥r altsÃ¥ notidsmenneske vil setja seg til doms over det som skjedde under krigen og dele ut karakterar om kven som gjorde ein viktig innsats og kven ikkje og kva som var viktig for krigen og kva som skulle vera uviktig, kan vi som har lesi meir og kanskje til og med har forteljingar frÃ¥ den eldre generasjonen Ã¥ halde oss til, bli litt vrangviljuge. Vel, nÃ¥r argumentasjonen minner om NS-argumentasjon, kan det vera avdi vedkomande har familie som har vori i NS og har eit under-liggjande ønskje om Ã¥ fÃ¥ synet deira fram. Men om det ikkje er det om Ã¥ gjera, kan det ogsÃ¥ vera ein gutedraum om Ã¥ vera stor helt i ein krig som fÃ¥r utløp pÃ¥ den mÃ¥ten at ein «skiter ned» dei som har fÃ¥tt heltestatus før. Eg vil ikkje seia at dette er særleg helteaktig, men det er eit faktum at enkelte personar kan kjenne at dei fÃ¥r makt over andre menneske med Ã¥ bortforklare innsatsen dei andre menneska har gjort.

Eg vonar eg med dette har forklart kvifor eg ikkje kan ha respekt for den lettvinte notidsmaneren med å setja seg til doms over det som skjedde under krigen. Folk i våre dagar har så avgjort ikkje hatt skoen på, og i mange tilfelle er kunnskapen for enkel og spreidd til at dei kan ha kompetanse i det heile teki.
Johanne L.G.Michaelsen

E.S. Eg har nyss høyrt eit program i radio der ein som heiter Fossen vart intervjua om nokre påstandar han hadde komi med i samband med krigstida. Det er fælt som folk synsar for tida. Men han sa noko særs interessant. Eg hugsar det ikkje ordrett, men oppfatta at det han ville var å gå til felts mot «den norske selvfølelsen». Påstandane hans var altså ikkje meint å vera sanne, dei var kort og godt berre for å rakke ned på ein sjølvrespekt som irriterte han.
Det er ein metode vi kjenner att frÃ¥ skulegardsmobbinga. Den som ikkje har den aller støaste sjølvrespekten sjølv, er raskt ute med sin aggressive: «Tru’ru du ER no, eller?»

Fotnote 1 Boka eg siterer frå her, er Helge Storm-Bjerke Klar til kamp. Den er for gamal til å ha boknummer og den slags, og bortsett frå eit etterord som er datert i 53, er det lite som fortel oss når boka kom. Men stilen er prega av tida like etter krigen, med det som for oss kan vera temmeleg barske, direkte skildringar av kamp. «Tyskerne forsøkte å besvare den kraftige ilden med Øerlikon og 40 mm Bofors. Men skytterne ble øyeblikkelig feid vekk.» Eg er ikkje i tvil om at orda «feid vekk» gjev eit korrekt bilete av det som skjedde, men reknar med at seinare etterkrigstid ville uttrykt seg mindre barskt. Både når det gjelder å formidle faktiske hendelser og når det gjelder å formidle den innstillinga krigen hadde skapt, er boka et viktig historisk dokument.

Legg att ein kommentar