Johanne Louise

Heksejakt og hysteri anno 2009

Det var ein gong i fjerne tider at kvinner kunne bli dømde for hekseri og brende på bålet av den grunn. I våre dagar ser vi på den slags som hysteri og galskap, men den gongen var dette rekna for sakleg fundert. Når ei ku styrta på båsen, så måtte det jo vera den kloke kona i nærleiken som hadde gjort det! Eg meiner altså den verkeleg kloke kona som kunne kurere sår og visste kva slag planter ho skulle bruke i salven. Ettersom salven hennar verka, meinte folk at ho på ein eller annan måte kunne mane kua daud også, og «opplyste» og «ansvarlege» menneske måtte sjølvsagt da straks gripe inn og fjerne denne heksa frå grannelaget.
At det vart brukt tortur og den slags for å få «heksene» til å tilstå, er velkjent. Det underlege var at ein kunne få folk til å påstå at dei hadde gjort alt dei vart skulda for også utan å gripe til slike middel. Vi har høyrt om kvinner som tilstod at dei kvar natt reiste av garde til djevelen som heldt til på Bloksberg eller Blåkulla eller noko slikt. Der feira dei da skikkelege orgier med djevelen. I vår tid blæs vi av den slags seksuelle fantasiar.

Vi dømer også rettspleia den gongen nord og ne. Dei som vart forhøyrde, var jo eigenleg dømde på førehand. Det var berre ein fasit, og kom dei ikkje med den, vart det tortur. Rettsvesenet den gongen såg vel på torturen som eit samfunnsnyttig fenomen. Ein måtte berre tvinge heksa til å tilstå, for det var livsfarleg for heile samfunnet å ha ei heks buande i ei bygd eller i ein by.

Eg skreiv visst at vi i vår tid dømer rettspleia den gongen. Det er ikkje heilt sant. Journalist-standen i våre dagar gjer det i det minste ikkje. Mange av dei har aldri høyrt om at ein skal rekne den som er sikta som skuldlaus «inntil det motsatte er bevist.» Og den torturen det kan vera for menneske som ikkje kan forsvara seg å vera utropt til menneskeleg styggedom og svarte jævlar dag etter dag, den har dei inga forståing for. Slikt opplever journalistane visst som spennande forfølgjingsleik.
Gong etter gong opplever vi at media «tek opp» ei sak, og før den dei siktar ut som brotsmann, har fått sagt noko, er han eller ho dømd. Det har hendt at folk går av garde og tek livet sitt i slike tilfelle.
Hender det også at det klikkar for folk? Som det gjorde for enkelte i heksebrenningstida?
For ei tid sidan fekk vi høyre at Tjostolv Moland hadde blitt forvirra. Og at grunnen truleg var skriveri i ei viss avis om at dei hadde planlagt bankran. (Oppslaget om bankran gad eg forresten ikkje lesa, opplevde det berre som avisenes trong til å tena pengar og atter pengar på andres ulykke.)
Men eg har lenge sett ekstra på andletet til Moland når eg har sett videosnuttar på internett eller foto i avisa. Eg var sant å seia redd for korleis dette skulle gå.

Vi har kanskje vori litt naive, vi som har sett korleis media gassar seg i folks ulykke og korleis dei diktar ihop synder dei aldri har gjort. Vi har tenkt at når vi har høyrt om skitdyre badekar til slottet og løveføter og alt det der og så etterpå får vita sakas tørre fakta, da har vi lært. Dermed trur vi at media og har lært. Ein får gjera litt betre undersøkjingar og ikkje tru på det fyrste og beste!
Men media lærde kanskje ikkje det. Dei såg berre på pengepungen og fann ut at slikt får folk til å kjøpe avisa.
Og nÃ¥r ein mann tek livet av seg, sÃ¥ tenkjer vi ogsÃ¥ at «no har dei lært. Det kan ikkje vera hyggeleg for dei aktuelle journalistane Ã¥ ha dette som minne seinare. «Tungen er en ild» heitte det i gamle dagar. Men med avis-venger pÃ¥, blir denne elden straks forferdeleg mykje farlegare enn før. Det var det Goebbels visste.»
Media lærte ikkje det. Media trur at berre dei utropar alle andre til å vera nazistar – t.d. på grunn av noko så enkelt som eit merke på ei lue eller noko slikt – da har dei sjølve vaska hendene og er skuldfrie.
Det er dei ikkje. Er det noko som minner om nazisme er det da verkeleg dette at medmenneske ikkje blir rekna for menneske men berre eit middel til å skaffe pengar. Så eg vil no be storting og regjering ta opp saka: Kva skal vi gjera for å unngå enda meir nazifisering av media? Media har makt i samfunnet. Vi må, om vi skal unngå å få eit heilt nazistisk samfunn, ta eit tak i dette. Løgner er ikkje skuldlause, ikkje om dei skaper aldri så mange pengar. Det finst ikkje noko heltemodig og ikkje noko sanningsfremjande i å kaste seg på sensasjonsgaloppen.
Vi veit jo at skulle vi setja journaliststanden for retten, så ville dei straks skrike på ytringsfridom. Men er ytringsfridom det same som å tena pengar på å sende ut ville skuldingar mot andre?

Legg att ein kommentar