Johanne Louise

Gode biografiar av Tordis Ørjasæter

 

 

Det er sjeldan å finne gode biografiar. Det er altfor ofte at den som skriv, indirekte avslører seg sjølv, sine draumar og tankar. Ofte blir ein meir kjent med den som skriv biografien enn med den det er skrivi om. Særleg er det avslørande kva biografen trur på av det han/ho snappar opp av sladder. Mange biografar vassar i sladder og gløymer å hente fram fyrstehands-kunnskap. Dersom ein t.d. samanliknar det folk kan få seg til å servere om Henrik Wergeland med direkte og indirekte opplysningar frå samtida, kan ein bli ganske støkt over kor lågt det vitskaplege nivået er.

Etter kvart blir ein van med Ã¥ «sikte» stoffet. Lesa skeptisk. Gong etter gong skummar eg gjennom moderne biografiar, prøver Ã¥ fange opp solide opplysningar og unngÃ¥ Ã¥ hugse vrøvlet. Kvifor er kravet til sakleg tilnærming sÃ¥ lite nÃ¥r det gjeld biografiar? Tenkjer eg. Og sÃ¥ – – – oppdagar eg eitt menneske som ser ut til Ã¥ halde seg pÃ¥ vitskapens smale sti heile tida. Eg seier ikkje dermed at Tordis Ørjasæter støtt rÃ¥kar blink eller veit alt som er Ã¥ nemne, men nÃ¥r ho er famlande i forhold til stoffet, kjem det fram, og eg har ALDRI opplevd at ho let sensasjonsjag avgjera kva ho skal skrive.

På grunn av den deilige institusjonen som heiter «loppemarked» er eg no eigar av Tordis Ørjasæters biografi om Sigrid Undset. (Før måtte eg låne på bibliotek.) Det er godt å kunne gå bort i bokhylla og berre hente boka når det er noko eg vil kontrollere eller repetere.

Sigrid Undset er det for øvrig skrivi mykje bra om. Eg kjenner henne frå boka om «Moster Sigrid», frå Arne Skouens innlevande skildring av Sigrid Undset i Amerika under krigen, frå Nini Roll Ankers «Min venn Sigrid Undset» – og frå Sigrid Undsets eigne forteljingar frå da ho var lita. Sigrid Undset gjer i dei sistnemnde forteljingane noko som vi vel alle gjer: Ho let sine minne om barnet Sigrid (eller «Ingvild») bli presentert samstundes som ho filosoferer vaksent om det. Dette gjer bøkene så menneskeleg autentiske – det er jo slik for oss alle at det som er grunnleggjande barneopplevingar, pregar oss, samstundes som det pregar vår meining om det å vera barn. Eg opplever at eg møter Sigrid Undset sjølv, lita og stor, og ikkje biografiske puslespelbrikker som eg sjølv må sortere for å få laga eit korrekt bilete med dei.

Og trass i nemnde bøker: Utan Tordis Ørjasæters» biografi ville det vori store «hol» i min kunnskap om Sigrid Undset. Tordis Ørjasæter hjelper no for det fyrste til med Ã¥ fÃ¥ oversyn og heilskap i det. Og for det andre: Medan mange moderne biografiar kan skapa aggresjon hos meg avdi eg opplever at eg blir tvungen til Ã¥ leva med i skribentens fantasiar og draumebilete, opnar eg bÃ¥de hjerne og hjarte nÃ¥r Tordis Ørjaseter presenterer stoffet. Det er noko med innstillinga til den ho skriv om, som gjer det.

 

Eg har også Tordis og Jo Ørjasæters biografi om Nini Roll Anker. Det er det same der. Det er sjeleadel i måten dei nærmar seg emnet på, det er respekt for mennesket dei fortel om, det er vitskapleg innstilling. Her møter vi altså representantar for den fåmennte gruppa som vi kan kalle adelskapet blant dei som skriv biografiar.

Alle som respekterer mennesket i nesten, veit at det eksisterer ei usynleg grense som ein ikkje skal tråkke over. Andre menneskes lykke og ulykke, fortviling og kamp, bør aldri bli emne for gramsing og sensasjonsmakeri. Nettopp hos Tordis Ørjasæter (&.co.) er gramsing heilt fråverande. Det er det som er så velgjerande.

Ein skulle sjølvsagt hatt fleire biografiar med same kvalitets-stempel. Men den som gjer så grundig arbeid, kan sjølvsagt ikkje rekkje over så mykje. Det er berre å sende ein hjartens takk for det ein har fått og samstundes seia til alle som liker å lesa biografiar: Ser du ein biografi av Tordis Ørjasæter, så set i gang og les!

 

 

Legg att ein kommentar