Johanne Louise

Urealistiske kommentarar om Florence Nightingale

 

(Ei noko forkorta utgÃ¥ve av dette innlegget kom inn i «Levende historie», som svar pÃ¥ noko dei hadde skrivi, og eg sette pris pÃ¥ svaret frÃ¥ redaksjonen som sa at dei skjøna at eg hadde reagert pÃ¥ formuleringa i bladet.  Dei hadde ikkje meint det heilt slik, skjønar eg, dei skreiv:

«- teksten skulle snarere understreke at den rasjonelle siden ved henne er blitt underkommunisert i ettertiden.»

Opphaveleg hadde eg gjort svaret mitt meir allmenngyldig, hadde nemnt tilhøva under andre verdskrigen og folk i vÃ¥re dagar som har opplevd ei ulykke.  Eg har ogsÃ¥ teki med ei uheldig formulering frÃ¥ wikipedia.  OgsÃ¥ der har det blitt «anten/eller» –  anten administrator eller øm og mild.  Som ein ser av mitt innlegg, meiner eg at under slike forhold, er det eine følgje av det andre.

Her er da innlegget i uforkorta tilstand.)

 

Den som interesserer seg for historie, kan ogsÃ¥ ha bruk for det ein kallar «sunn fornuft» og realistisk sans. PÃ¥ side 37 i «Levende historie» nr. 4 2012 stÃ¥r det om Florence Nightingale at soga om henne som «mild engel» «med lampe i hÃ¥nd» «i beste fall» er «et godt stykke fra virkeligheten». Derimot var ho, stÃ¥r det «en svært rasjonell person, som mente at statistikk var et viktig redskap – »
Som om sans for statistikk skulle utelukke at Florence Nightingale verka som ein engel der ho vandra mellom dei såra soldatane! Florence Nightingale brukte vel ikkje statistikken når ho kom der om natta og såg til dei? Å påstå at det soldatane den gongen fortalde om henne, ikkje stemmer, er for det fyrste suveren forakt for primærkjelder, og for det andre utruleg urealistisk.

Men vår tid har tendens til å krevja at personar vi kjenner frå soga, skal vera like eindimensjonale som flanellograf-figurane som vart brukte i undervisninga i 50-60-åra. Dessutan er det vanskeleg å få moderne menneske til å skjøna at slike situasjonar som den under Krimkrigen (eller for den saks skuld, situasjonen i konsentrasjonsleirane under andre verdskrigen), var så ille at vår fantasi ikkje kan fatte det. Vi kan kort og godt ikkje leva oss inn i det.

Vi må berre godkjenne forteljingane, og ikkje sensurere dei etter vår innskrenka røynslebakgrunn og etterpåklokskap. Vi må respektere dei som opplevde det, som «fagfolk» i denne saka. Vi må klare å fatte at både dei sjuke soldatane i Krimkrigen og konsentrasjonsleir-fangane i andre verdskrigen, henta verkeleg styrke av alt som fortalde at dei ikkje var gløymde. Vi må også skjøna at Florence Nightingale og dei andre som jobba med dei såra i Krimkrigen, måtte ha både sjølvdisiplin og jarnvilje for å klare det dei gjorde. Ingen ville klart å gå inn i stank og skitt for å trøyste om dei berre hadde vori ute etter å spela engel og dyrke seg sjølv i den rolla.

Florence Nightingale kunne ikkje trøyste alle soldatane, men berre at ho var der og synte seg blant dei, verka opplivande og trøystande.

Men ho var ikkje nøgd med Ã¥ trøyste dei i den situasjonen dei hadde komi i. Ho ville endre situasjonen. Og ein gÃ¥r ikkje med lampe og milde ord til dei som sit pÃ¥ «toppen» og ikkje ser ansvaret sitt.

OgsÃ¥ i vÃ¥re dagar kjenner vi til at politikarar og andre i styre og stell mÃ¥ fÃ¥ røyndomen gjennom statistikkar. Les om menneske som har opplevd ei ulykke og blitt arbeidsuføre av etterpÃ¥-opplevingane! Les korleis dei som ikkje vil hjelpe med pengar, kan ordne seg med «fagfolk» som pÃ¥stÃ¥r at pasienten tydlegvis har vori i psykisk ubalanse før ogsÃ¥ og ikkje kan skulde pÃ¥ ulykka nÃ¥r det gjeld problema sine – – – Overfor slike instansar nyttar det sjeldan Ã¥ vera «mild engel». Statistikkar mÃ¥ til. Ein mÃ¥ fÃ¥ fram at det ikkje gjeld berre dette eine mennesket – det er overveldande mange som slit etter denne og liknande ulykker.

Overfor det offentlege kan ein altså ikkje vera trøystar-engel. Der må det sterk lut til, statisikkar, prov, krav om handling, innsats, endringar. Det er berre fint at eitt og same menneske klarer både å trøyste soldatane og gå laus på dei som har ansvar og kan endre tilhøva. Vi i våre dagar får berre halde klart for oss at: Den same varmen som kan bli brukt til medkjensle med dei som har det vondt kan bli ein brann mot urettferd og brutalitet. Og same vilje kontrollerer varmen i båe tilfelle.

Det var den nÃ¥delause kritikaren Florence Nightingale som klarte Ã¥ fÃ¥ «dødligheten pÃ¥ sykehusene ned fra 42 til 2 prosent». Soldatane hadde grunn til Ã¥ sjÃ¥ pÃ¥ henne som ein reddande engel.

Ettertida bør respektere soldatane. Det er dei som ber byrdene i krigen.  Lat deira oppleving bli ståande.

Eg seier ikkje at ein ikkje skal rette pÃ¥ reine feil og misforstÃ¥ingar i soga – eller sjÃ¥ realistisk pÃ¥ propaganda og den slags. Eg seier berre at mennesket er meir enn ein eindimensjonal pappfigur. Det er dumt Ã¥ pÃ¥stÃ¥, slik det ogsÃ¥ stÃ¥r pÃ¥ Wikipedia, at Florence Nightingale » – – var ikke den ømme og milde, men den bestemte og autoritære administrator og organisator.» Det eksisterer ikkje noko «anten eller» her. Ho mÃ¥ bli ein «bestemt og autoritær administrator» avdi ho er øm og mild. I den situasjonen som Krimkrigen hadde skapt, var det eine følgje av det andre.
Utan å ta med det soldatane opplever av henne like mykje som det lunkne overordna administratorar fekk møte, blir biletet både falskt og urealistisk. I tillegg til at ein syner forakt for den vanlege soldaten som er kjelde for englebiletet vi har av Florence Nightingale. Det dei såra og sjuke soldatane opplevde, skal ikkje bli utradert av soga om andre som var høgare på strå i samfunnet opplever noko anna enn dei.

 

Legg att ein kommentar