juli 27, 2003 at 10:36
· Filed under Skildring
Det er sol og kald vind i Reykjavik. Trass i leveggen kårer vinden vassflata i bassenget - og trea utafor leveggen står heilt på skrå.
Sollys og vindkåring gjer at vatnet verkar blåare og meir lokkande enn elles - og alle dei våte kroppane som kjem inne frå dusjen, dukkar seg også straks nedi - men [...]
Permalink
januar 2, 2003 at 11:12
· Filed under Anna
Det var morosamt å lesa i avisa om Christian Blom som skreiv melodi til “Sønner av Norge”. Om ikkje anna må ein seia at han klarte å få til ein melodi som svara til orda “mandig og høytidsfullt tonen la stige - “
Sjølv om Ludvig Throndsen som skreiv om dette, hadde noko av den moderne [...]
Permalink
januar 2, 2003 at 10:52
· Filed under Kulturtankar, Politiske innlegg
Der Trondheimsvegen smøyer seg…
Ute regner det gule bjørkeblad. Det knistrar i små lydar når blada slepp og daler nedetter. Samstundes rislar det stilt i haustregn.
Veit de kva eg trur? Eg trur at når eg kjenner meg glad innvendig ved å oppleva slikt, da er eg i samklang med forfedrer i tusenvis av år -
Har de [...]
Permalink
januar 2, 2003 at 10:49
· Filed under Personleg
Feilen er at det er januar. Og eg kan absolutt ikkje fordra regn i januar. Det minner meg om drivhuseffekt og hålke, og båe delane er meg ein pest og ein plage -
Men lat meg no sjå - skulle det ikkje vera mogleg å dikte om på dette? Eg har nyss lesi litt i David [...]
Permalink
januar 2, 2003 at 10:45
· Filed under Anna
Har du nokon gong høyrt følgjande disputt mellom ein vanleg nordmann og ei vanleg norsk kvinne?
Kvinna: “Nå må det bli slutt på atomindustrien - slutt på bomber og atomkraftverk - “
Mannen: “Jamen, det er da klart det at vi må da forsvare oss. Je ville itte gå mæ på at noen skulle kommå hit og [...]
Permalink
januar 2, 2003 at 01:57
· Filed under Politiske innlegg
I det siste har både radio og aviser brukt formuleringar som “Østerrikes manglende oppgjør med fortiden”. Det gjeld tida før verdskrigen, det gjeld dei som eigenleg likte at Hitler gløypte Austerrike, det gjeld antisemittisme og nazisme.
Det har også blitt sagt at Austerrike etter krigen gjorde det kunststeget å få det til at dei sjølve var offer for Hitlers ekspansjonspolitikk i staden for å sjå i auga at dei var medskuldige.
Eg trur alle slike problemstillingar blir forenkla og skjematisert når ein ser det på avstand.
Permalink
januar 1, 2003 at 04:32
· Filed under Kulturtankar, Politiske innlegg
Ingeborg Refling Hagen sin anti-nazistiske pedagogikk
Da Ingeborg Refling Hagen skulle kjempe mot nazismen laga ho mellom anna fest på henrik wergelands fødselsdag
Dersom eg skulle karakterisere Ingeborg Refling Hagen som person, etter 38 års nært kjennskap til vedkomande, ville eg seia at ho var sterk og levande, full av energi og medmenneskeleg varme, [...]
Permalink
januar 1, 2003 at 10:43
· Filed under Kulturtankar, Skildring
EGGUTSTILLING
Eggutstillinga "1001 egg" er visst vorten noko så nær ei årleg utstilling. I alle høve har eg høyrt om ho fleire gonger no, sjølv om dette er fyrste gongen eg sjølv har kunna sjå ho.
Og for å seia det slik: Det er underleg at eit så skjørt materiale som egg skal kunne gje [...]
Permalink
desember 31, 2002 at 10:47
· Filed under Kulturtankar, Politiske innlegg
Ein undarleg presentasjon av Hans Egede
Da eg tok opp Dag og Tid for 24. august 1995 og tok til å lesa, fekk eg meg ein støkk. I fyrste omgang prøvde eg å seia til meg sjølv at det måtte vera fleire som heitte Hans Egede - nett som det har vori mange Jonas Lie’er. [...]
Permalink
desember 30, 2002 at 10:39
· Filed under Personleg, Skildring
DOKKEHUS
Under juletreet låg det ein gong ei flat pakke. Da eg pakka opp, kom det til syne ei bok om folkemuséet på Bygdøy. Der var det mange fotografi - svart/kvitt sjølvsagt - med tekst ved sida. Eg las og lærde. Og etter det hadde eg eit einaste inntrykk av ordet [...]
Permalink