Format: 70x100
Teknikk: Tørrpastell
"Amaryllis med fagottmotiv"
Amaryllisen - eller "Hippeastrum"en, - - - var gåve til ungane mine ein gong. Og da dei var komne i blom, vart dei modellar for meg.
Fagottmotivet høyrer til i Beethovens Pastoralesymfoni.
Blomane er ranke, lufta ikring har preg av den mildaste delen av Pastorale- symfonien.
For meg heng musikk og biletkunst saman. På mange måtar. Musikken har melodi, lys, fargar, rytme - nett som bileta har det -
Og nett som eit melodimotiv i ein symfoni, får klangar "bak" seg, må blomen få "luft". Her har "lufta" både rytme og retning og farge nett som Beethovens klangverd.