Johanne Louise

 

Teknikk: Tørpastell og kritt

"Dianaminne 2"


Kanskje eit bilete som høver meir til den fyrste tida da Diana kom fram på "scena" - blomen er ikkje ferdig utsprotten enno, bøyer seg mest litt unna, rosafargen meir påtrengjande.
 

 

Pris for nummerert fargetrykk: kr 350,-

Lat no for øvrig vårt eige kongehus i fred. To intelligente og vakre ungdomar - er det meining i å øydeleggje livet for dei? Står vi så lågt moralsk sett og har vi så liten erotisk evne sjølv at vi må til å varme oss på ungdomsdraumar og ungdomsblod?

For meg må også kongefamilien ha sitt økonomiske reservefond. Eg har lesi om kor fortvilt vanskeleg det kunne vera for dei overlevande av den russiske tsarfamilien. Det var ikkje lett å få ein skikkeleg jobb!

Og om ikkje vår kongefamilie kan sjå fram til å bli jaga av landet, så veit ein aldri kva framtida bringer av krig og naud. Det er nok av moglege kriser. Kongelege treng sitt krisefond - dei meir enn andre.