Johanne Louise

Format: 50x70

Teknikk: blandingsteknikk, akvarell, tusj og litt tørrpastell

"Med gyldne tonar mot frostdagen"

Varme og kulde er eit motiv som har engasjert meg gong etter gong. Blomar inne i ein glaskarm - snø og kulde utafor. Eller - som nemnt - ei plante som ikkje toler kulde ute i frostkald vinterdag - Tenkjer eg ein del år tilbake, veit eg at eg også har teikna store trestammer med snø på, eller bjørk og gran i piskande snødrev.

Her er ein annan variant: Buketten med dei gylne tonane står ved ein halmtapet, valmueknuppen strekk seg mot lyset - som også eigenleg er kulda, men det kan ikkje knuppen vita - - - Oftast er jo lys og varme det same