Johanne Louise
Vandring

Format: 70x100

Teknikk: Tørrpastell m. innslag av akvarell

"Vandring"

Om dette biletet har eg skrivi i eit brev, og dette brevet vil eg sitere her:

Våren 95 stod eg i den lyse indrestova på Fredheim og arbeidde med mange store bilete. Eitt av dei var "Vandring". Eit så rørsleprega namn var utført med rotfaste blomar - det var berre det at St. Pauliaene i biletet liksom gjekk. Ulike blå St. Pauliaer vandra etter ein liten kvit med fiolett teikning på kronblada.

Ein spesiell melodi var med meg medan eg teikna. Ein melodi som vandrar og vandrar -

No var det ikkje berre ei pilegrimsvandring av St. Paulia i biletet. Det var også nokre stasjonære blomar - nokre fylte Asaleaer, ein praktfull stovepelargonia - og så enda ein St. Paulia, stengt bak den flotte prakta.

Dette høyrde for meg saman med ei anna tekst og ein annan melodi:
"Ros i lunden, du arma, du står fast, du ei vandra får. - - - "