Johanne Louises nettsider
Utstillinger:
Nettutstilling IHer vil eg presentere bileta mine, men fyrst nokre generelle ord og vendingar.
For det fyrste: Eg ser det som viktig å måle slik at folk "ser kva det er". Dette tyder ikkje fotografisk korrekte bilete, og det tyder heller ikkje at biletet er utan symbolverdi, men det tyder at det støtt skal vera noko som er attkjennbart.
Da eg var litteraturstudent lærde eg ein del ord og uttrykk som blir brukte til å karakterisere verkemiddel i dikt og prosa. Enkelte av dei kan også bli brukte til å karakterisere biletkunst.
Til dømes dette med "systembrudd". Ein kan koma med noko anna enn det folk ventar seg - gje dei ein liten støkk som gjer at dei tenkjer seg om. Noko slikt gjer salmediktaren Elias Blix når han skriv: "Guds fred og god jol med sumar og sol!"
For er det noko som sit godt i oss nordmenn, så er det opplevinga av den gode julekvelden, med gyllen varme inne og kvite snødungar ute -
Det hoppar difor litt i oss når denne sumaren hans Blix dalar ned i julesalma - heilt til vi tenkjer oss om og skjønar at han med dette løyser førestillinga om "god jol" frå det som er ikring oss. Det må vera i sjela den gode jula er synonymt med sumar og sol.
Det er nok mange som har brukt "systembrudd" også i biletkunst. Eg har gjort det same. Ei plante som ikkje toler kulde midt ute i ein frostdag t.d. Ei lita leikeharpe som dinglar i ein blom på eit julestilleben.
Ja, som de skjønar, det går mest i landskap og blomar for meg. Jauda, det hender eg arbeider med mennesketeikningar også - men førebels har det vori så rikt eit emne å drive på med landskap og blomar at eg ikkje har måla menneske og dyr. Kanskje det blir endring på det? Eg er vel ikkje ferdig enno - - -
Når ein ser på bilete, skal ein for øvrig gjera som når ein les eit dikt: Opplev det fyrst. Ta med heile deg, både kjensler og tankar. Det du opplever av dikt og bilete når du les det fyrste gongen, med open sjel, er oftast nærmare bodskapen i biletet enn det du oppfattar dersom du nærmar dei verket med tanke om verseføtter eller biletdiagonalar.
Teknikken i bileta mine - ja, eg arbeider både med olje, akvarell og pastell. Eg har laga mange tusjteikningar, og eg har arbeidd med gyllenlær. Eg har dekorert kister og eg har dekorert skrin og piano.
Så må eg nemne at originalarbeid oftast blir dyrt - og eg syter difor for å få trykk av ein del av blometeikningane mine - Det er mogleg på grunn av den nye teknikken med fargekopimaskin, men det hender eg må retusjere bileta etterpå, og det hender eg må kassere eit heilt opplag.
For øvrig nummerer eg dei små trykka - jamvel dei knøttsmå til 80 og 90 kroner får si nummerering.
Her lagar eg no ei januarutstilling av nye og gamle bilete - velkomen. Og som vanleg på utstilling er nokre trykk til salgs.
Tru kor mange som tittar innom denne utstillinga? Velkomne er dei i alle fall.
Kontakt: jlgmic@online.no