Johanne Louise

Du har varer for 0,- i handlekorga .

Rosa variasjon I

Rosa variasjon I
15x10 500,- |

Så eit av dei flate skrina att - "Rosa variasjon" - Raudt og rosa er fargar som ikkje støtt er like enkle å jobbe med - rosaen kan bli "supperosa" og raudt hardt og flatt. For ikkje å nemne alle dei ulike raudfargane som finst.

Ein gong tinga eg ein serie raude fargar frå KEM - oljemåling.. Da eg hadde gjevi opp det eine fargenummeret etter det andre, sa han som skreiv opp tinginga: "Men dette er jo mange farger som er nesten like - " "Ja," sa eg, "men eg er nøydd til å kjøpe på denne måten, for det eg skal ha, er rosa, og da må eg prøve ut alle raudfargane med kvitt - - - " Eg har seinare brukt fleire av fargane eg kjøpte den gongen - for rosa blomar er rosa på hundre ulike måtar. Likevel har det jo etter kvart synt seg at sume raude fargar er betre enn andre som basis for rosa.

På dette skrinet er det ikkje oljefargar, og ergo blir det ikkje så aktuelt å blande med kvitt - kvitfargen ligg under - - - Men som ein ser, har eg lært av blomane: Rosa er aldri berre rosa.