Johanne Louise

Dokkehus

DOKKEHUS


Under juletreet låg det ein gong ei flat pakke. Da eg pakka opp, kom det til syne ei bok om folkemuséet på Bygdøy. Der var det mange fotografi – svart/kvitt sjølvsagt – med tekst ved sida. Eg las og lærde. Og etter det hadde eg eit einaste inntrykk av ordet "muséum": Det var ein stad der det var hus av store, grove tømmerstokkar, fint tilpassa, men mektige i inntrykk. Muséum var dessutan ein stad der det hang ei vogge ned frå eit tak ved sida av ei vaksenseng –

Eg hugsar ikkje lenger om det var bilete av stavkyrkje i den boka eg fekk. Men ein ting hugsar eg særs godt: Eg rekna boka for så mykje av ei praktbok at eg sette gråpapir på henne for at ho skulle overleva kvardagens kjas og mas – Den kvardagen som m.a. gjekk ut på at ho vart teken med på biltur saman med alt mogleg anna som vi stappa inn i baksetet på den vesle bilen vår –

Så ein dag skulle vi verkeleg på folkemuséet på Bygdøy. Og mamma tala på ein ting: Ho nemnde oppatt og oppatt ordet "leketøysavdeling". For meg var folkemuséum framleis tømmerstokkar og kjempestore lafteknutar og interiør frå gamle hus. At leikesaker skulle vera noko å setja på muséum datt meg ikkje inn.

Men så tråkka familien over terskelen til eit stort og lyst rom. Der stod det en gyngestol midt på golvet. Og så vart det fortalt om den gongen kong Olav var liten prins og kom til Noreg og hadde med den gyngehesten der.

Eg trur det var det som vart sagt. At hesten var med. Eg trur også det var eit poeng i det: At gyngehesten var av eit slag som ikkje vart laga her i landet. Dessutan trur eg ikkje det vart tala om "kronprins" Olav men nettopp om "kong" Olav, noko som i dag seier meg at dette må ha vori etter 1957. Men så lenge etter er det vanskeleg å vera viss –

Og det eg hugsar nest, er porselensdokkene og dokkehusa. "Dokkehus" er kanskje ikkje eintydig ord? Men det var altså kasser som var laga slik at ein kunne tenkje seg at eine veggen var ute på eit vanleg hus og ein kunne sjå beint inn i det. Det var slikt ein ikkje kunne sjå seg mett på. Særleg var det umogleg å sjå noko anna i romet etter at ein hadde fått auge på det aller mest knøttvesle i dokkehusa. Dei ørsmå dukane – ein kunne tenkje seg at sjølve dokka i graset hadde vori ute med nål og tråd. Dei sirlege lampene, så fine, så fine, og så – koppestellet! Særleg minnest eg nokre porselenskoppar så fine og tynne at eg ville tru dei kunne gå i stykkjer om ein berre tok i dei, og ikkje kunne eg skjøna at nokre ungar hadde klart å taka vare på dette –

Seinare har eg lært at nettopp ting som er så fine at dei må stå på stas, gjerne held gjennom århundrer, medan bruksting går i stykkjer, blir erstatta med nye, o.s.b. Som med "eggeskallporselenet". Nettopp avdi det såg ut til å kunne ryke i sund for ingenting, vart det teki vare på – Det førekjem meg no i dag som om dei små koppane eg såg den gongen, må ha vori noko slag eggeskalporselen i mini-mini-utgåve.

Eg trur det var nokre år etter mitt fyrste møte med folkemuséets leikeavdeling at det skjedde noko stort heime hos oss: Ei vi kjende hadde hatt slikt dokkehus da ho var lita, og no kom ho med det til syster mi.

Det låg til og med med eit lite elektrisk opplegg, det skulle vera mogleg å setja inn små lamper her, ha eit batteri og skru på lys! Dette vart aldri gjort heime hos oss, trur eg, men vi hadde det så gjævt med resten at det var heilt utruleg. Der var det t.d. ei papirkorg som var heilt makalaus – skoren ut for hand, og for ei utskjering! Så var det eit lite bord med "marmor" plate og stoppa stolar med raudt fløyel på. Ein "kandelaber" var det også, så fin, så fin! Og ein hjørneetasjer, om eg ikkje hugsar feil.

Som små la vi slett ikkje merke til at kjøkenutstyret var monaleg grøvre enn resten og at soveromet hadde ei kasseseng som slett ikkje stod i stil med den elegante stova. Alt var berre eit eventyr. Og eventyret hadde namn også, det heitte "Ingersborg".

Det var ikkje berre syster mi og venninnene hennar som hadde glede av dette. Til tider var dette mitt einaste "pre" i jenteflokken, og det hende at det kom klasse"venninner" heim til meg berre avdi det hadde gått frasagn om "Ingersborg".



Tida går. Eg og syster mi set bu på kvar sin stad, og det er lenge sidan "Ingersborg" var noko pre for meg i eit elles barskt skulesamfunn. Men mi glede ved dokkehus og den slags, var ikkje avhengig av korleis eg kunne bruke dette i skulesamfunnet. Den gleda var udrepeleg og innerleg mi eiga. Og eg fantaserer om å gje ungane mine slike fin-fine dokkehus. I fantasien blir det snart mange dokkehus, og da eg ein dag oppdagar at det er mogleg å laga porselensdokker, så får fantasien verkeleg luft under vengene. Hadde eg hatt råd, skulle det blitt heile dokkeskåp (ut frå vage minne om porselensdokkene på Bygdøy) – og mange små dokkehus med knøtt- knøtt innbo!

Det let seg absolutt ikkje unngå: Ungane mine må også få bli med på Bygdøy og sjå nett denne utstillinga her. Så ein vakker dag tråkkar eg atter inn gjennom porten, i lag med minstejenta denne gongen, og alt har blitt heilt nytt og ein kjøper billett på annan stad ein før og det har blitt eit best av noko nymotens porte-system, noko tull som ein må halde billetten fram til for at ein i det heile skal koma inn. Og i staden for det lyse venlege romet, har det blitt ein lang kjellarkorridor før vi kjem til leikene att –

Men så er det også berre å gje seg over til eventyret att. Og no er det annan innfallsvinkel og andre opplevingar. "Åh, nei, sjå, slike bokstavremser hadde vi da eg var lita!" For dei remsene med plastikbokstavar som vi kjeda saman i mi barndomstid, s-ane og c-ane og alt det der, dei heng jamen no her i glasmonter!

Så let det seg ikkje neite at eg etter den tid har blitt mor og ser meir av pedagogikken i alt dette enn eg gjorde da eg var lita. No er det ikkje berre knøtte-tinga som fangar interessa, no er det også det halvstore, det som har vori slikt som veslejenta kunne leike med samstundes som mor stelte i huset. Den vesle dokkeomnen som ein visst kunne koke heilt skikkeleg på – for eit eventyr, men samstundes: Så pedagogisk! Det som no skal bli formidla av ei sveittande heimkunnskapslærarinne som har store problem med å halde orden på alle gruppene, det høyrde den gongen med i leikens rike. Når er det ungen tykkjer det er gjævt å gjera som mor? Lenge før våre læreplanar seier at noko skal heite heimkunnskap!

Men så går det da som det må gå: Etter at eg har fått auge på noko knøttsmått porselen oppe på ei lita hylle i ein glasmonter, og etter at eg har vendt meg til dokkehusa att, ser eg stort sett ikkje anna.

Med stor attkjenningsglede oppdagar eg same type møbel som det var i "Ingersborg". Det må ha vori produksjon av dokkemøbel den gongen, tenkjer eg, og kjenner eit lite sug i meg etter å kunne kjøpe slikt til ungane mine. Og så tek eg til å lesa på lappane som står her. Da får eg enda nye opplevingar. Eit av dokkehusa her har vori dokkehuset til prinsessene Märtha og Astrid. Og eitt av dei er laga under krigen. På det er verandaen utafor eine romet fullt av norske kakeflagg. Og ved ei trapp som går opp til neste etasje, heng eit bilete av kong Håkon. Det er gjort så lurt at ein ikkje ser det berre ein kastar eit blikk inn i kassa, ein må titte litt på skrå. Men eg tenkjer det var stor glede for dei som ein gong laga den ordninga der å få gjevi litt uttrykk for det dei meinte – – –

Sjølvsagt nærmar det seg stengjetid, og eg må skunde meg. Så ser eg litt på stilartane i dokkehusa. Det er på ein måte så mange stilideal og så mange økonomiske forhold presenterte. No ser eg at det berre er prinsessehuset som har noko landsens ved seg. Dei andre er nokså byprega. Sume av dei syner eit flott byinteriør, andre fortel om litt mindre storarta forhold.

I fyrste omgang kastar eg berre eit overflatisk blikk inn på eit møblement som verkar veldig sart og elegant, tynne stolbein og ditto bordbein, og på bordet ligg duk i raudt med gule broderi. "Raudt og gult – her har vi visst eit keisar-ideal" tenkjer eg og vil rasa vidare, da eg brått stoppar opp: Er ikkje kulene på bord og stolbein litt knudrete og litt tilfelleleg plasserte?

Så brått går det opp for meg kva dette superelegante som fekk meg til å tenkje ordet "keisar" er laga av: Det må kort og godt vera eit gamalt juletre som har gjevi basisen. Dei brune små greinene som struttar så hjelpelaust ut frå juletreet når baret fell av, har blitt klypt opp og festa kunstferdig saman med – – – ja er det ikkje knappenåler? Og broderiet på dukane er fælt så summarisk gjort – – – Eg må mest le: Det var keisarstasen!

Når eg no avsluttar denne artikkelen, vil eg gjerne fyrst og fremst seia til alle småbarnsforeldre at dei bør ta ungane med til Bygdøy. Eg veit ikkje om ungane dykkar har same innstilling til ordet "muséum" som eg hadde: Fyrst og fremst lafteknutar og tømmerstokkar! Dei vil nok ha glede av både gamle hus og gamal stavkyrkje. Men gløym for all dei ikkje leikene, seier eg. Sjølv om ein vandrar i kjellaraktige rom for å koma dit, er det bryet verdt, og utruleg mange detaljar som kan glede oppdagingsglade små.

Legg att ein kommentar