januar 15, 2009 at 05:29
· Filed under Kulturtankar, Politiske innlegg
Atter og atter får vi oppleva at det som skjedde her i landet i perioden 1940 - 45 engasjerer folk framleis. Men ikkje alle engasjerer seg på same vis.
Og det som stundom kan vera vanskeleg, er den naive og utvendige måten notidas menneske ser på det på. Det blir ofte for enkelt, [...]
Permalink
juli 18, 2008 at 10:20
· Filed under Anna, Kulturtankar, Politiske innlegg
Ut mot Mjøsa ligg det ein del store røyser. Gravrøyser over bronsealderens overklasse – seier arkeologane.
Det er ikkje berre her i landet ein finn slikt. Folk har til alle tider bygd det vi kallar «gravmæle». Det har blitt lagt ned masse arbeid på å byggje røyser, pyramidar eller andre av dei forseggjorte [...]
Permalink
februar 1, 2004 at 11:11
· Filed under Kulturtankar
Bjarne Grandum har skrivi ein artikkel (Hamar Dagblad 5/8 1998) der han presiserer at ein bør finne fram til den gamle leia som pilegrimane gjekk når ein skal laga moderne pilegrimsleier. Det er eg for så vidt samd i, men eg har visse ting å føye til det han har skrivi.
Min bakgrunn for å [...]
Permalink
februar 1, 2004 at 10:37
· Filed under Kulturtankar
"JEG FANT MEG I EN SKOGS BELGMØRKE SALE - " Korleis skildrar mennesket depresjonen?
"Depresjon" er eit av dei orda det moderne mennesket kjenner uhyggje ved. Likevel har ordet kanskje i mangt blitt forslitt, blitt brukt litt for ofte, så den verkeleg nattemørke depresjonen ikkje har sitt eige namn. Enda verre kan det vera med [...]
Permalink
juli 27, 2003 at 10:55
· Filed under Kulturtankar
Det bugna av blåbær i skogen. Det var mogleg å skaffe seg 40 liter på ein føremiddag - og da med ein plukkar. Risa blåna kvar ein snudde seg.
Kreklingen var stor og fin også - for den som kunne bruke den. Og det var slett ikkje verst med tyttebær.
Da møtte eg grannekona vår. “Det er [...]
Permalink
januar 2, 2003 at 10:52
· Filed under Kulturtankar, Politiske innlegg
Der Trondheimsvegen smøyer seg…
Ute regner det gule bjørkeblad. Det knistrar i små lydar når blada slepp og daler nedetter. Samstundes rislar det stilt i haustregn.
Veit de kva eg trur? Eg trur at når eg kjenner meg glad innvendig ved å oppleva slikt, da er eg i samklang med forfedrer i tusenvis av år -
Har de [...]
Permalink
januar 1, 2003 at 04:32
· Filed under Kulturtankar, Politiske innlegg
Ingeborg Refling Hagen sin anti-nazistiske pedagogikk
Da Ingeborg Refling Hagen skulle kjempe mot nazismen laga ho mellom anna fest på henrik wergelands fødselsdag
Dersom eg skulle karakterisere Ingeborg Refling Hagen som person, etter 38 års nært kjennskap til vedkomande, ville eg seia at ho var sterk og levande, full av energi og medmenneskeleg varme, [...]
Permalink
januar 1, 2003 at 10:43
· Filed under Kulturtankar, Skildring
EGGUTSTILLING
Eggutstillinga "1001 egg" er visst vorten noko så nær ei årleg utstilling. I alle høve har eg høyrt om ho fleire gonger no, sjølv om dette er fyrste gongen eg sjølv har kunna sjå ho.
Og for å seia det slik: Det er underleg at eit så skjørt materiale som egg skal kunne gje [...]
Permalink
desember 31, 2002 at 10:47
· Filed under Kulturtankar, Politiske innlegg
Ein undarleg presentasjon av Hans Egede
Da eg tok opp Dag og Tid for 24. august 1995 og tok til å lesa, fekk eg meg ein støkk. I fyrste omgang prøvde eg å seia til meg sjølv at det måtte vera fleire som heitte Hans Egede - nett som det har vori mange Jonas Lie’er. [...]
Permalink