Johanne Louise

MOBBING ELLER JOURNALISTIKK? Dag og Tid og Hans Egede.

Ein undarleg presentasjon av Hans Egede


Da eg tok opp Dag og Tid for 24. august 1995 og tok til å lesa, fekk eg meg ein støkk. I fyrste omgang prøvde eg å seia til meg sjølv at det måtte vera fleire som heitte Hans Egede – nett som det har vori mange Jonas Lie’er. For her stod det verkeleg nemnt ein Egede som skulle vera ein quisling.

Ein telefon til avisa avslørte at meininga var å karakterisere den Hans Egede som levde frå 1686 til 1758. Meininga hadde berre vori "å setja saka litt på spissen".

Kva for ei sak? For mannen kunne jo umogleg vera tilhengjar av ein politikar som vart født 129 år etter hans død og synte sin politiske profil enda mykje seinare.



For no å presentere heilt og fullt og samanhengande det eg reagerte på, siterer eg heile avsnittet her:

"Man er ikke vandt til at tænke sig, at en høiere staaende Befolkning skulde synke ned å gaa under i Blanding med en raaere Stamme".

Det er ein merknad frå Eilert Sundt i dagboka til Hans Egede, quislingen. Den "høiere staaende Befolkning" som gjekk under, var vår, den ariske, som målte 1,48 på strømpelesten. Den "raaere Stamme" var eskimoane, skrellingane, som greidde seg. Greidde seg lengst. Difor hatar me dei. Domstolen i Haag snaut oss for hemnen. I 62 år har me difor prøvd å gløyme Grønland. Og lukkast med det"

Korleis kan det ha seg at eg straks eg les dette opplever det som om eg atter er plassert i skulegarden? Eg ser på noko som går føre seg like ved meg: Den store og farlege gutegjengen som alle prøver å unngå, har front mot ein liten, men modig gut. Den lille modige mauren seier ikkje stort, men det er tydeleg på heile haldninga at han enno ikkje har underkasta seg. Ein av dei i gjengen er for så vidt ikkje så mykje kraftigare enn den lille modige mauren, men han markerer seg i alle høve som lojalt gjengmedlem. No tek han jamvel eit steg framover og skrik med røyst på bristepunktet: "Quisling!" mot den andre –

Korleis kan det ha seg at nokre få liner i ei avis gjev meg ein slik assosiasjon? Hans Egede er jo jamvel død, og han som karakteriserer han som quisling, levande. Likevel ser eg altså for meg ein skulegard –

Ingenting er så ulogisk og usamanhangande som kalleord i ein skulegard. Kanskje eg burde analysere kvifor eg fekk denne assosiasjonen?

Innhaldet i ordet "ein quisling"

Eg byrjar med sjølve kalleordet, "quisling". Som vi veit hadde vi ein verbal eksportartikkel å by verdssamfunnet under andre verdskrigen. Vi eksporterte ordet "ein quisling".

Presist kva ulike andre land legg i ordet, kan eg diverre ikkje seia. Vi har fleire rimelege tydingsområde:

1. Ein som går saman med fienden. (Denne definisjonen vektlegg det nasjonale.)

2. Ein frå eit mindretallsparti som tek makta i ly av utanlandske våpen. (Denne tek med det sosiale – vi får med at det Quisling gjorde, var anti-demokratisk.)

For å seia det som det er, trur eg ikkje heilt at eg med dette har nådd utlandet si oppleving av ordet quisling. For eg trur også at dei andre landa i Europa samstundes tenkjer litt på kor lite og veikt Noreg var i forhold til Tyskland, at det var ganske heltemodig å ikkje ville gje seg, og at dei dermed oppfatta sviket til Quisling heller rått.

Bortsett frå dette er det noko som er så sjølvsagt for oss at vi knapt nemner det: For å kunne gjera det Quisling gjorde og få den nimbusen om seg som han hadde, må ein ha ein viss posisjon. Og det hadde Quisling. Han hadde jobba saman med Nansen i Russland. Kanskje han medvite brukte dette til å få ein posisjon i heimlandet som han elles ikkje ville hatt. Det veit eg ikkje. Men – han hadde ein posisjon – og utan den hadde ingenting skjedd. Tyskarane ville ikkje ha drøymt om å "samarbeide" med (eller bruke som forkle) ein ingenting som ikkje hadde noko parti å støtte seg på. Og om ein eller annan partilaus ingenting tøyt opp i Kringkastingshuset og ville tala til det norske folk, hadde dei vel berre ledd og lempa han ut att – –

Om utlandet har festa seg mest ved det nasjonale eller det sosiale, veit eg for øvrig ikkje. Kanskje det er ulikt i ulike land?

Hans Egede som quisling?

Når det gjeld Egede, er quisling-karakteristikken skeiv frå fyrst til sist. Han levde ikkje i eit lite land som hadde arbeidd seg fram til demokratisk styreform. Og dette landet (som han altså ikkje levde i) fekk ikkje fiendehær på vitjing. Og Hans Egede sette seg ikkje til teneste for fienden.

Eg er klar over at min kommentar minner litt om Hårslå som aldri ville hjem gå. "Så beit kjetta musa, og musa skar reipet, reipet hengte smeden, og smeden smidde øksa – – – " Men såleis må det bli når utgangspunktet er så sprøtt som her.



Sume vil leggje merke til at eg no konsentrerte meg om den tolkinga av ordet quisling som hadde med det antidemokratiske. Ut frå den må ein berre seia: Ettersom det vi kallar "demokrati" ikkje eksisterte på den tida, var Hans Egede heilt avskori frå å svike demokratiet. Hans Egede voks opp i eineveldets vår, og da var sjølvsagt nimbusen om denne styreforma ung og frisk, og sjølv om Egede var ein opprørsk prest og gjorde opprør mot urettferdige forhold i prestegjeldet og bispedømet som han var knytta til, var han ein truande og lojal innbyggjar i eit eineveldig samfunn. Kongen var i Guds stad for å fremme rettferd mellom menneska –

Eg er klar over at enkelte meir hysteriske i vårt moderne samfunn vil klaga på Egede avdi han da ikkje skapte eit demokrati. Men det å skapa ein idé om eit nytt samfunn hos seg sjølv og andre, det er noko dei færraste menneske kan. Det er heller ikkje gjengs at folk prøver seg. Av dei som har prøvd, har sume lagt ein basis som har vist seg å stå for tidas tann – andre har hatt idéar som måtte bli modererte ganske kraftig før dei kunne bli sett ut i livet. Men når ein ser på historia, veit ein at dei som har skapt idéar om nye samfunnsformer, har vori få. Det er ikkje kvar og ein som er i stand til å gjera ein innsats på det feltet. Enkelte store statsfilosofar har brakt verda framover. Enkelte geni har klart å gje nye samfunns-syn "venger" så folk skjøna kva som låg i synene . . .

Dersom vi så går attende og held unna dette med demokratiet, er quisling- karakteristikken likevel ravgalen. Og her treng vi ikkje studere lenge på teoriar og definisjonar. Vi har faktastoff å halde oss til.

På Egedes tid var Noreg/Danmark i krig med Sverige. Sjølv om Egede bala fælt med å få dei danske styresmaktene interesserte i hans idé om å dra til Grønland, og sjølv om han fekk seg ein del ublide opplevingar i jobben sin i Vågan, ser vi aldri det fnugg av at han har prøvd å bli vener med svenske styresmakter og få fordelar av det. Det er som om Sverige ikkje er til i hans tankar. Krigen med Sverige lagar berre vanskar for han når han vil ruste ut ekspedisjon til Grønland. Det er alt. Fiske i rørt vatn, prøve å få den sympatien han ikkje har fått heime borte på andre sida av kjølen? Vi ser ikkje spor av slik tankegang.



Vi kan no snu på flisa og sjå Egede i forhold til Grønland. Ein quisling i forhold til grønlendarane?

Dei hadde heller ikkje noko organisert demokrati. Det var eit ganske "laust" samfunn med angekoken som ein sentral person i dei småsamfunna som var. Hans Egede hadde heller ikkje her sjanse til å svike eit demokrati.

Heller ikkje overført på kulturelle forhold kan karakteristikken vera godkjennbar. Egede voks ikkje opp på Grønland. Vi kan ikkje vente oss at han kjende dei positive sidene ved Grønlands kultur slik som ein bør kjenne dei positive sidene ved eins eige fedreland. Sjølvsagt kan han ofte ha tråkka beint på sympatiske og gode sider ved Grønlands kultur utan å vita av det. Og noko av det han møtte kan han ha mistolka – sett det i lys av den nimbusen det ville hatt om det same hadde skjedd heime i Noreg.

Men for øvrig kom han som framand til Grønland. Og liksom våre innvandrarar ofte tolkar norske fenomen ravgale utan at vi kallar dei quislingar for det, så må Hans Egede få lov til å mistolke grønlendarane utan at vi kallar han ein quisling. Å svike og å mistolke er ikkje det same.

 

Her har eg atter konsentret meg om den definisjonen som har med det antidemokratiske. Dersom vi så konsentrerer oss om det nasjonale, så kan det i fyrste omgang sjå ut som om karakteristikken quisling har noko for seg. For det var jo Egede si skuld at Grønland var knytta til dei nordiske landa att, at det vart ein del av Danmark-Noreg.

Men dermed kjem vi til spøsmålet: Kva elles? For Grønland var på den tida heller ikkje nasjon. Som alt nemnt, var det grønlandske samfunnet nokså "laust" – slik det vel gjerne har vori i soga før ein fekk ei utfordring til å skapa noko fastare. Ei slik utfordring får ein gjerne gjennom møte med andre.

Dei fleste vil vel vera samde i at store vidder og streifande folkegrupper ikkje gjev basis for det å byggje ein nasjon. Kvar einskild streifegruppe kjenner seg nok som ein einskap, slik vi også i våre dagar har samkjensla innanfor grend, bygd, sokn, dalføre og fylke. Men kva er det som gjer at ein del av desse gruppene kan finne på å slutte seg saman og laga ein større einskap?

Frå vår eiga soge veit vi at det kan dukke opp ei kongemakt som delvis kan tvinge andre inn under seg og delvis bli valt til å ha sentral-administrasjonen. Dessutan veit vi at streifande folkegrupper som enno ikkje har nådd å markere seg som nasjon, lett blir "spist" av dei som har komi så langt som til "nasjon" i utviklinga si.

Det er nokså mange gåtefulle trekk ved dette å vera "rike" og "folk". Det verkar som om folk i dei nordiske landa alt på 1200 talet hadde ganske klare kjensler av at det fanst "nordmenn", "daner" og "svenskar". Kanskje dette var arv frå enda tidlegare tider? Dei ytre grensene for landa har rett nok endra seg seinare, men idéen om oppdeling i nordmenn, svenskar og danskar var der. Når det galdt vårt land, kom vi med dansketida til å få inn mange utlendingar i embetsverket, og det vart trong til ny definering av "nordmenn" i neste omgang. Kanskje dette jamvel var til det beste for oss?

Men gåtene er likevel mange. Samkjensle og konflikt ser ut til å vera siamesiske tvillingar når det gjeld bygging av ein nasjon, til de grader at det kan verke som om konflikt er djupaste form for samkjensle – – –

Når vi ikkje ein gong kan definere og forklare på skikkeleg vis kvar denne mystiske samkjensla kjem frå som vi har ossimellom medan vi kranglar målform og sjølvdefinisjon, kan det vera vanskeleg å krevja at andre hokus pokus skal framtre som nasjon. Ein ting er i alle høve visst: Før Egede hadde kunna svike Grønland som nasjon, måtte han ha skapt Grønland som nasjon. Korleis skulle han elles fått idé til det – han som var heilt innkøyrt i at Grønland var gamalt norsk land? Og dersom nytenkinga hans hadde gått så langt at han hadde vilja laga ein eigen nasjon av grønlendingane, korleis skulle han få slikt til under dei materielle forholda som herska der? Og korleis skulle grønlendingane skjøna kva han meinte så lenge dei ikkje hadde vori i utlandet og sett korleis andre ordna seg?

Også her bør vi for øvrig hugse Egedes posisjon som innflyttar til Grønland. Grønlendarane tok imot han på ymse vis – negativt i fyrstninga, så litt varsam tilnærming, så oppsplitting i ulike innstillingar. Det hadde teki seg heilt annleis ut om ein mann med basis i eskimoane sin tradisjon og med posisjon i samfunnet der hadde satsa på å få Grønland innlemma i Danmark/Noreg mot for at han sjølv skulle få ei leiarstilling – ev. rikdomar – i den samanhengen.

Kanskje vi her også skal hugse på den reelle historisk-politiske situasjon. Dersom Egede ikkje hadde knytt Grønland til Danmark, kvar hadde Grønland da landa? Den aktuelle konkurrenten var Holland. Hollendarane visste godt at dei såg Egede som fiende – dei øydela i alle høve nybyggjarhusa til Egede sine folk.

Kva med Grønland som hollandsk provins? Hadde det vori så mykje betre at vi har grunn til å kritisere Egede for at han knytta Grønland til Danmark?

Eg trur ikkje det. Og grunnen til at eg ikkje trur det, er det eg i si tid las til førebuande prøve i språkvitskap. I mi bok stod det nemleg klart og utvetydig at det sørafrikanske språket, afrikaans, var utvikla av nederlandsk.

Danmark har nok gjort mykje gale i samband med Grønland. Alle som blir styresmakter for eit folk dei ikkje kjenner frå botnen, risikerer å gjera mykje gale. Likevel trur eg – av før nemnde grunn – at grønlendarane skal prise seg lykkelege over at dei ikkje landa på hollendarhender.

Skal ein døme mennesket etter planen eller resultatet?

Kanskje ein vaken lesar no vil seia at ein ikkje kan vurdere Egede som person på grunnlag av ting som var resultat av det han gjorde og ikkje planmessig i hans tankar. Det er eg for så vidt samd i, men vil peike på at ein inne i denne same avisa finn døme på at Egede på sett og vis blir karakterisert ved ting som er blitt resultatet av hans virke, utan at han hadde lagt nokon plan om at det skulle bli resultatet. Som protest mot ei som har skrivi kanskje litt vel panegyrisk om Egede, fortel journalisten at Egede lærde eskimoane å banke ungane og legg til:

"— Dessutan la han vegen open for det danske handelsmonopolet, ei rekkje epidemiske sjukdomar, straffangane, soldatane. Og flatfylla – "



Ingen vil vel tru at det var Hans Egedes lumske plan å overføre koppeepidemi til Grønland. Han var ulykkeleg over det som skjedde, det veit vi, og det blir sagt at korkje han eller kona sparte seg i arbeidet for å hjelpe dei hjelpelause. Men ein kan ikkje karakterisere han som menneske, og slettes ikkje kalle han ein quisling avdi han var så uheldig å vera medskuldig i koppeepedemien. Kor mange gode menneske har ikkje både no og da overført sjukdomar utan at vi tek oss rett til å pynte dei med ein karakteristikk som "quisling"?

Handel og vandel

Men bortsett frå at ein bør døme menneske etter det dei gjer og meiner å gjera, ikkje etter det som berre blir eit resultat av det dei gjer, så ligg det nok noko meir gøymt her enn det som kjem fram på overflata. Handel og handel, nemleg. Vi veit at europearane hadde ein lei vane når dei kom i kontakt med innfødte som ikkje sto på same materielle steg som dei sjølve. Dei kunne få mange fine, praktfulle og dyrebare ting for – ei glasperle t.d. Ting som var billege i Europa, vart tekne imot som skattar hos mange innfødte.

Sjølvsagt hadde den glasperla ein akseptabel verdi så lenge dei innfødte brukte henne som bytemiddel seg imellom. Men skulle dei koma til europearane med ho, da vart det andre bollar. Dei fekk ikkje att noko som tilsvara det dei hadde gjevi bort for å få ho.

Dersom ein studerer Europas soge med særleg omsyn på handelsmoral, kan ein til tider få eit særs nedslåande bilete. Det å gje glasperler for ting som i Europa kunne bli betalt med skyhøge prisar, verkar kanskje skuldlaust i samanhengen – men har likevel vori med på å arme ut folk som ikkje hadde same materielle basis som europearane.

Den som vil vurdere Egede i forhold til grønlendarane, bør med andre ord sjå litt på den sida av saka. Har vi prov for at han medvite skaffa seg verdifulle ting frå grønlendarane i bytte for ting som var heller verdilaust? Kunne ein finne eit slikt prov, så hadde ein endeleg noko "på" han – – –

For øvrig slo han seg jo til på Grønland og må etter ei stund på Grønland ha opplevd det same som andre som slår seg til under slike forhold for ei stund: At heimlandets verdiplasseringar blir bleikare for ein, og ein tek opp ein del av dei økonomiske vurderingane til det folket ein er komen til. Det kan m.a.o. godt vera at Egede etter ei tid på Grønland oppfatta dei europeiske reipa som noko unders fint. Sjølv om dei kanskje var billege i heimlandet.

Når eg held meg til dei kjeldene eg hittil har klart å få tak i, ser det ut til å vera vanskeleg å få tips om korleis han dreiv handelen. Jau, vi får høyre at hollendarane var gjævare handelspartnarar for grønlendarane enn nordmennene. Det kan jo også tyde at Egede m. comp. heldt seg for gode til å by fram ting som det "glodde av" for å tala i eventyrspråk.

For øvrig får vi ein gong vita at grønlendarane hadde fanga så mykje småtorsk at folka til Egede "for en eneste Synaal vel kunde faa 20 á 30 Stykker." Men det står altså at dei "kunne" få, det står ikkje at dei fekk.

Eilert Sundt skriv rett nok noko som vi kanskje skal leggje vekt på i samanhengen: "Det bør her udtrykkelig bemærkes, at Egede selv aldrig anbefalede sit Forslag for Grønland med Tale om det Guld og Sølv, som mulig kunde findes i Landet. Han fremhævede Missions-Pligten, og forresten haabede han, at der med ærlig Handel med Landets Indfødte samt med Fiskeri og Hvalfangst skulde vindes Erstatning for de uundgaaelige Udgifter." Eilert Sundt har hatt adgang til meir om og av Egede enn det som er trykt, og eg tenkjer vi skal leggje merke til orda "ærlig Handel".

Eg undrast på om ikkje Egede sjølv såg det som ein garanti for at grønlendarane skulle få gode varer når han la handelen under det offentlege. Den gongen var "det offentlege" nærmast synonymt med kongen. At monopolhandelen til danskekongen slett ikkje støtt var særleg gledeleg for dei landa som var knytta til dette systemet, er eit fenomen vi knapt kan laste Egede for. Han hadde ikkje funni opp systemet sjølv, og han hadde ikkje økonomisk utdanning som kunne fortelja han om skadevirkning og dårlege røynsler ved eit slikt system – som vi har i våre dagar.

At Grønlands handel kom inn under danskekongen, fortel med andre ord ingenting om Egede som person og rettferdiggjer heller ikkje bruken av ordet Quisling.

Ein illeluktande lapskaus kokt på ordet "arisk"

Vi går vidare i avsnittet frå fyrste side: Her er ordbruk fra 1850åra blanda saman med ordbruk frå 1930/40-åra, og resultatet blir ein illeluktande lapskaus. – Hadde det berre vori objektiv grunn til å la det lukte så ille – Men ikkje betre enn eg kan sjå bruker journalisten ei formulering av Eilert Sundt som ein slags basis for å kalle Egede for ein quisling.

Huff. Lat no endeleg den som ha ansvar for ei formulering, ha det ansvaret. Forresten – kan Sundt ha brukt ordet "arisk" i den tydinga journalisten bruker det her?

Medan eg studerte dette — slo det meg at det var ein merkeleg skrivemåte i sitatet frå Eilert Sundt. "skulde synke ned å gaa under".

Eilert Sundt har neppe skrivi det slik. På hans tid sa rettskrivinga at infinitivsmerket var "at". "Og" var "og", men "å" var "at"! Slik som det her står, skulle det heller ikkje vera "å", men "og". Det var også andre ting som gjorde at det ante meg at dette var ufullstendig sitat. Kanskje journalisten ikkje berre hadde brukt eit sitat frå Eilert Sundt, men kanskje også eit noko forfalska sitat? Dermed tok eg vegen til biblioteket, og der laut dei skaffe boka frå anna bibliotek – og så var det å lesa.

Denne malplasserte å’en + pluss mistanken om at sitatet var noko forkorta, ga meg mange timars Egede-studium i ei lita bok med gotisk skrift. Da eg hadde funni sitatet på side 161, oppdaga eg at det fullstendige sitatet var plassert inne i avisa. På eit vis gjorde det saka både verre og betre. På ei side hadde ikkje journalisten tenkt å snyte oss heilt systematisk – sjølv om det misvisande sitatet med sine danderingar var å finne på fyrste side og det objektive sitatet inne i avisa. Men på ei anna side kunne ein ikkje heller orsaka journalisten med at han ikkje visste betre. Han kjende det fullstendige sitatet og kunne godt ha tolka det i samsvar med det som verkeleg var skrivi.

For Eilert Sundt har forklart sin bruk av ordet "høiere staaende" med orda: "En christnet og forholdsviis kultiveret befolkning".

Det Eilert Sundt tenkjer på, er altså det nivået folk har komi til ut frå sin miljømessige plassering og opplæring. I sitatet på forsida tek journalisten utan vidare ordet på ein annan måte. Ved hjelp av nokre tillegg som vel skal vera forklarande, villeier han oss ganske kraftig. Han tolkar den "høiere staaende Befolkning" som "vår" befolkning – . Sjølv om det i fyrste blenken ikkje er klart kva han legg i dette, meiner eg å kunne føre prov for at jounalisten her må rekne ordet "befolkning" som synonymt med ordet "rase". Han byrjar nemleg tala om "den ariske", og så kjem det avslørande: som målte 1,48 på strømpelesten.

Når han koplar eit reint kroppsleg ytre kjenneteikn til ordet "arisk", bruker han ordet arisk som eit rasenamn. Ergo bruker han ordet "befolkning" synonymt med rase. Dette med 1,48 på strømpelesten må vera noko han har laga i hop ut frå referatet av degenerasjonsteorien. Dette at ein Nørlund hadde funni ei grav med småvaksne og forkrøpla menneske. Ettersom det inne i avisa står at gravfunn andre stader syner lekamshøgd og bygnad mest som hjå nordmenn i dag, verkar dette med dei 1,48 noko krakilsk. Så pussig at ein skal smelle på med det her – skal det vera ein kontrast til Eilert Sundts formulering, skal det vera spydig, ironisk? Sant å seia verkar det som om jounalisten ville oppleva seg sjølv fælsleg nedvurdert ved å vera 1,48 på strømpelesten og at det difor er det mest foraktande han kan smelle i fjeset på ein som har tala om ei "høiere staaende Befolkning". Men kva har lekamshøgd med kulturnivå å gjera?

Når ein altså ser nærmare på dette avsnittet, byr det på ei blanding av urimeleg karakteristikk, upresis ordbruk og noko uklart aggressivt. Ikkje rart eg utan vidare assosierte ein mobbesituasjon.

Det som for øvrig er absolutt verst i samanhengen, er den måten ordet "arisk" blir brukt på. Eg har ikkje lesi Eilert Sundt frå perm til perm, men har til no aldri oppdaga at han har brukt det ordet. Likevel verkar det som om journalisten trur han utfyller og forklarer det Eilert Sundt eigenleg meiner – men kan Eilert Sundt ha brukt ordet på denne måten i det heile teki?

Ordet arisk har nok vori i bruk på 1800talet. Det kom sikkert i bruk i kjølvatnet av den stor sanskritoppdaginga. Teoretisk skulle Eilert Sundt kunne ha brukt det.

MEN: Absolutt ikkje om dei som er nærskylde oss rasemessig sett.

Så vidt eg hittil har kunna observere er det berre nazistane som har brukt ordet arisk i tydinga "germanarar". Og denne måten å bruke ordet på, kan ikkje ha komi til Noreg særleg lenge før tyskarane kom. For i eit norsk leksikon frå 1935, er bruken av ordet delt i to: Anten dei folka i Forindia og Iran som talar indoeuropeisk språk eller alle som talar indoeuropeisk språk. I siste tilfellet er jo germanarane med, men saman med alle dei andre, og ikkje på grunn av lekamshøgd eller andre ytre kjenneteikn, men på grunn av språk.

Det er lett å sjå at journalisten har brukt ei tolking som ikkje primært tek omsyn til kva slag språk folk talar, ettersom lekamshøgda var så viktig å få med. Når ein så ser at "vår" befolkning – som i denne samanhengen berre kan vera den norrøne folkegruppa på Grønland vert kalla ariske, da er dette nazistisk bruk av ordet ariar.

På toppen av alt gjer samanhengen at ein får eit kvalmande inntrykk av at journalisten vil vi skal tru det er Eilert Sundt som bruker ordet på nazistisk vis.

Korleis skal det gå med vårt samfunn og vårt demokrati dersom dette skal bli daglegdags journalistikk? La gå at journalisten kan ha fått Egede i vrangstrupen – kanskje har han sjølv eit uavklara forhold til kristendomen, kva veit eg, kanskje har han sjølv ei misjonstrong som han ikkje finn seg til rette med – men å kalle Egede ein quisling og gjera Eilert Sundt til nazist er etter mitt syn så horribelt at det burde bli ein solid oppvask av det.

Journalist i glashus?

Dersom ein les inni avisa, kan ein rett nok få inntrykk av at journalisten sjølv har enkelte rasistiske synspunkt. Det kan vera grunnen til at han baskar slik med å få påvist den slags hos andre. Av eit av avsnitta kan ein nemleg dra den konklusjonen at han meiner at raseblanding er sedløyse. Det heile kan altså la seg forklare som ei slags projisering.

Det er i samband med sitatet av Eilert Sundt om at "man" ikkje var van med å tenkje seg at ei kristen folkegruppe kunne blande seg med ei som ikkje stod på same kulturelle nivå. Så legg journalisten til: "Men gamle Eilert kunne tenkja seg det, for han hadde forska på sedløysa."

M.a.o.: Det at ei "høiere staaende" folkegruppe blandar seg med "en raaere Stamme" er "sedløyse". Høgare ståande folk + lågare ståande folk = sedløyse.

Fortrengt rasisme som brått blir gulpa opp til overflata?

Men eg skal ikkje gå lenger i psykologisk forklaring . Sjølv om avsnittet på forsida av Dag og Tid 24. august 1995, munna ut i noko psykologisk krimskrams om at vi hata eskimoane på Grønland. Dersom han kjenner eit særleg brennande hat hos seg sjølv, så må han jo sjølvsagt få skrive om det – men eg tykkjer han kan la vera å skrive på vegner av meg. På meg verkar det der berre litt vel fantasifullt – sjølv om forklaringsmodellen kanskje er snikra ut frå ein eller annan godkjent psykologisk teori. Men ikkje ein gong med lupe kan eg finne noko hat mot grønlendarane hos meg sjølv.

"Kast ikkje stein når du sjøv sit i glashus," er eit godt ord. Hadde han ikkje vori så krakilsk med omsyn til Egede og Sundt, hadde eg vel teki det der med sedløysa som ein vanleg hastverkslapsus av typen "værelse ledig for en student som vender mot sør". Han har vel ikkje vurdert samanhengen mellom sitatet og sin eigen kommentar så godt.

Men skal ein fyrst ta seg rett til å psykologisere sine medmenneske utan å kjenne dei, så vil eg få peike på kor uendeleg lagleg han sjølv står for hogg.

Om vår tids språkforakt og språklege hovmot og ord som har endra tyding

Eit av avsnitta inne i avisa heiter forresten "Vanviddet". Det er godt for journalisten at det ikkje støtt er artikkelskribenten som set overskrifter. For det er flaut med flauser . . .

Avsnittet har ingenting med "vanvidd" å gjera. Vi bruker som kjent dette ordet om galskap. Men i dette avsnittet står det ingenting om galskap. Det einaste er eit ord som liknar litt, nemleg ordet "vanvittig" i eit sitat etter Hans Egede. Kanskje det er det som har inspirert til overskrifta?

Men ordet "vanvittig" har ikkje støtt hatt den valøren det har i dag . . . Egede skriv om folk som ikkje har lært alt det folka i hans heimland har lært, som er uvitande – det har ingenting med galskap å gjera. Det er for så vidt eit typisk trekk ved vår moderne tid: Vi har spesielt liten respekt for språk, anten det no er ord eller grammatikk, det har liksom blitt eit aksiom at kan ein klare seg i det daglege livet, så kan ein alt og treng ikkje lære nokonting. Respekten for det passive ordforråd er ynkeleg liten – og resultatet blir flause av denne typen.

For å ha det heilt klart: " – nogle eenfoldige, fattige og vanvittige Hedninger" tyder i skulenynorsk: "Nokre einfaldige, fatige og uvitande heidningar".


   Bruker vi i vår tid Hans Egede som syndebukk?

     Men kanskje journalistens handsaming av Hans Egede ikkje er skapt ut frå hans eigne problem. Kanskje det er samfunnet vårt i heild som vil gjera Hans Egede til ein syndebukk av denne typen – for å sleppe å tenkje på sine eigne synder.

     Har verdssamfunnet ikkje hatt ei plagsam oppleving av sin eigen rasistiske tankegang i det siste? Var det ikkje slik at Frankrike fann det heilt okey å ha atombombeprøve på eit område der det bur folk av ein annan rase? Er ikkje dette ein rå og brutal demonstrasjon av rasistisk tankegang?

     Legg merke til det: I denne samanhengen høyrer vi ikkje om ein mann som drog ut til folk i eit vanskeleg land for å lære dei evangeliet og for øvrig stå last og brast med dei – Neida – her dreier det seg om eit land som også under den andre verdskrigen hadde ein litt tvetydig stilling. Her burde ein kanskje forske noko: Kan det som skjer no, ha røter i noko av det som skjedde under andre verdskrigen?

     Men hysj, hysj. Franrike er stort og mektig. Ikkje verdt å kaste lort på det!

     Ein stakkars idealist frå nokre hundre år tilbake derimot. Han var ikkje fullkomen – like lite som eg, like lite som journalisten i Dag og Tid. Han var dessutan nordmann – m.a.o. frå eit land som slett ikkje kan samanlikne seg med solkongens gamle rike – i alle høve ikkje når det gjeld stormaktsdraumar.

     På han kan vi lesse heile vår urgne kjensle av at det er noko gale som skjer. Han kan vi rope ut til å bera den store syndebøra – han pælmer vi ut i ytste mørkret, han bruker vi dei verste kalleorda vi veit mot – som vi mobbar bort einskildmenneske i skulegarden.

     Eg kan ikkje slå meg til ro med denne måten å gå til verks på. Eg spør: Er dette sunt? Vil vi ikkje gjera meir for verda dersom vi let Hans Egede stå for det han stod for og gjekk på barrikaden for at dei nede i Stillehavet skulle få ha sine landområde i fred? Kva ville vi sagt dersom ein stormakt hadde funni ut at ein del av norsk landområde var høveleg for atomprøvesprenging?

Legg att ein kommentar