Johanne Louise

Eggutstilling

EGGUTSTILLING


Eggutstillinga "1001 egg" er visst vorten noko så nær ei årleg utstilling. I alle høve har eg høyrt om ho fleire gonger no, sjølv om dette er fyrste gongen eg sjølv har kunna sjå ho.

 Og for å seia det slik: Det er underleg at eit så skjørt materiale som egg skal kunne gje eit så mektig inntrykk. Når eg i vår moderne tid går på kunstutstilling der mange ulike kunstnarar er presenterte, så tek eg meg ein rask tur gjennom romet og avgjer kva for bilete eg vil konsentrere meg om, og så studerer eg dei. Eg kjem ut att omlag like "pigg" som da eg kom inn.

 Men eggutstillinga – Ho var ei utfordring både intellektuelt, kjenslemessig, religiøst og kunstnerisk, så her vart eg verkeleg trøytt! Men utstillinga var også næring for sjela, og eg var fylt av oppleving og inspirasjon da eg kom ut derfrå.

 Eg har alltid elska å studere detaljar i naturen. Variasjonar når det gjeld korleis kronblada sit på ein blome – o.s.b. Her såg eg da ein del umåla egg av ulik storleik – og gjekk rett bort til dei. Jaha, måseegg var spisse i enden for at dei ikkje skulle rulle ned av hylla dei låg på – og hønseegg var ulike i storleik og farge avhengig av rase, og der var rapphønsegg og der var vaktelegg –

 Straks kom eg så over til fargane – og denne gongen var det plantefargar. Før påske var eg innom "Dokkemakern" på Hamar, da vart eg for fyrste gong presentert for plantefarging av egg – her på utstillinga var det heilt systematisk sett opp: Ei rekkje med egg som synte ulik innfargingsgrad med ulike plantefargar. Sjølvsagt med namn på planten og døme på råmateriale ved sida. Og så vi heime som aldri har komi lenger enn til å koke egga med laukblad til påske! Her gjekk det opp for meg at skulle eg fyrst koke med laukblad, så burde eg brukt raudlauk også! Men ein skal lære så lenge ein lever –

 Når vi kokar egg med lauk, er det berre for å ha spennande farge på når vi set dei på bordet etterpå. Men vi har jo også blesi ut av egget for å ha eit eggeskal å dekorere. Og eg veit at når folk dekorerer eggeskal slik, kan det bli så kunstferdig at ein berre må ta vare på eggeskalet som på ein skatt – Eg hugsar at eg har sett på fjernsyn at det er mogleg å dekorere egga på mange kunstferdige måtar. Eg hugsar vagt noko med å leggje voks på i mønster og duppe egga i fargebad etterpå. Var det frå Ukraina? Eg er så spent på om eg skal finne ut meir om dette her – – – Så er det sjølvsagt litt kø framfor der ein blir presentert for ukrainsk eggkunst, og eg virrar litt, men endeleg når eg no fram.

  No er det teknikken som interesserer meg. Denne og andre. Eg prøver å fange med meg meg det vesentlege ved alle metodane i eggdekorering. Men det går snart opp for meg at her er vi ved eit emne der det ikkje finst grenser. Og når eg kjem til "kjedelflikkar"egga må eg mest gje tapt.

 Eg hugsar vagt frå min barndom at det kom ein kar som gjekk ikring og slipte soks og kniv og gjerne skulle reparere noko for oss om vi trong det. Det var veldig spennande for ein unge å oppleva slikt, og eg saknar for så vidt den opplevinga i dag. Men eg hadde ikkje venta meg at eg på ei eggutstilling skulle bli minna om dette og måtte tenkje på ei yrkesgruppe som no er borte: Her står det om det gamle lauget "kjedelflikkarar". Tru om ikkje sume av dei som gjekk ikring var slike "kjeleflikkarar"?

 Det syner seg at både kjeleflikkarar og smeder har sett det som ei utfordring å gjera noko med egg eller eggeskal. Her står det nemnt ein "JK" som har verdsrekorden i å feste små hestesko fast på eggeskal – det galdt da strutseegg. Når ein kjem til dette stadiet, tykkjer ein ikkje lenger det er så rart at folk har dekorert egg med syrebad og tannlegebor. Ein treng ikkje ha vori på eggutstilling meir enn eit kvarter før ein veit at det ikkje finst grenser for menneskeleg oppfinningsevne!

 Brått ser eg ein eggdekorasjon der eg ikkje på noko vis kan skjøna framgangsmåten. Det ligg liksom ein tjukk deig i krokar og svingar på egget.

 Endeleg finn eg staden der dette vert forklart: Det er margen på ei plante, «lyssiv», som er så mjuk og bøyeleg at ein kan gjera den slags.

 Det norske namnet «lyssiv» fortel om bruken i Noreg. I Ove Arbo Høegs bok om «Planter og tradisjon» er det forklart slik at margen har blitt brukt til materiale til veke i tranlamper. «Den «margen» som ble brukt, er et luftfylt vev som utgjør storparten av strået – – – » Alle som har komi med opplysningar om dette, fortel om kor mjuk og bøyeleg margen på lyssivet var, og det blir sagt at ungar har brukt same margen som flettemateriale – men ingen av dei norske informantane fortel om noko som kan likne på det vi ser på eggutstillinga.

 Og så er eg inne i eit anna emneområde på denne utstillinga: Folketradisjonen og korleis den vandrar. Her er det mykje som er velkjent for ein med røter i norsk folketradisjon, og samstundes mykje som verkar gåtefullt.

 At folketradisjon er det mest internasjonale som finst, det veit eg frå før. Di meir ein kjenner sin eigen tradisjon, di meir skjønar ein av andres. Det er klart. Dessutan syner ukrainsk overlevering nett same drag som norsk – og all annan folketradisjon: Ungane sitt enorme potensiale når det gjeld å lære. Desse ungane som eigenleg har vori så forakta i moderne vesterlandsk pedagogikk, dei er folketradisjonens mest respekterte elev! Markert på utstilinga ved eit fotografi.

 Men lat oss no sjå på egga frå Romania: Fine perlemønster i same stil som "smekka" på hardangerdrakta. Dei som vart flutt til Romania, var rett nok mange, men har sjølvsagt likevel vori eit mindretal –

 På ei anna side har altså ein teknikk blitt flutt frå eit område til eit anna med ein mann. Og her er det noko kjent som ein kanskje kan formulere til ei av folketradisjonens lover: Det har lite å seia med det tallmessige. Få menneske kan overføre ein kjempemessig folketradisjonsarv. Store grupper kan syne seg å vera underleg gløymske.

 Det kjem også fram at ein del av teknikkane har vori i dvale ei tid. Vi er jo så forgitt på maskinelt produserte ting at svolten etter det handverksmessige er stor!

Den politiske motstanden mot den gamle folkekunsten.

Informasjonstekstene på utstillinga fortel korleis styret i Sovjet motarbeidde den religiøse folkekunsten. Og vi som går der og ser, veit at eit reindyrka kapitalistisk system også er mot folkekunsten – om dei gjer det på anna vis. Vi veit frå vårt eige land korleis forakt og hån overfor folkekunst veks når kapitalismen får betre tak. For denne kunsten eksisterer jo utan børsnoteringar, han kan klare seg og gjeva folk glede utan stor kapitalbruk. Da må han jo vera låttleg –

 For ei trøyst at denne folkekunsten overlever trass i alle slags tyranni. Eller? Kanskje han nettopp ikkje overlever all slags tyranni? Det grøsser litt i meg når eg tenkjer på det: Kan det at det verkar som om det ikkje finst perlebroderi-egg frå Tyskland ha samanheng med ei viss "utrensking" av folk under andre verdskrigen?

 Eg har ikkje kunnskapar nok til å bearbeide denne tanken. Men han vekkjer andre tankar. Eg skjønar no det mektige ved eggutstillinga: Ho får fram i oss det avisenes skrikebokstavar ikkje kan, ho vekkjer glede ved mangfaldet på vår jord. Eg opplever ein menneskeleg varme og bodskap når eg går der frå monter til monter og ser korleis menneske har lagt ned arbeid i å skapa venleik for seg sjølv og kvarandre. Og hjernen er så rask at eg ikkje klarer å stoppe den: Vårt medansvar for at alle desse vedunderlege tradisjonane skal overleva, ligg m.a. i å motarbeide tilskitninga av naturen – i vårt eige som i andre land. Dette blir aktualisert ved tanken: Våre assosiasjonar til ordet "Ukraina" gjeld ikkje lenger berre vakre påskeegg, men også Tsjernobylulykka og folk med skade av radioaktivitet.

 Det er kanskje ikkje så rart at den religiøse dimensjonen ved utstillinga kjennest så sentral og sjølvsagt. Her har vi påskelammet, påminning om han som døydde for våre synder, og gjennom det atter påminning om vårt medansvar. Skal ein følgje hans fotspor, ofrar ein ikkje andre menneske for økonomisk vinning! Eg studerer dei ulike stilartane i dei egga som er mest knytta til kristen tru, eg kjenner att lammet og krossen – (også det motivet kan ein laga med tannlegebor) – og eg kjenner det som om desse skjøre eggeskala gjev meg ein styrke eg treng når eg skal ut i kvardagen att.

 Så rettar eg meg opp og tittar ikring meg: Her høyrer eg folk tala engelsk, her høyrer eg norske dialektar frå alle stader i Noreg, og ein ting er visst og sikkert: Alle får noko. Alle får utbytte av dette. Sjølv om enkelte vaksne blir så opptekne av utstillinga at dei mest gløymer å syne fram til ungane sine. (Men så går dei sikkert etterpå ned til eggmålingsverkstaden i kjellaren.) Men her stønnar folk over ørtynne strekar, blir opp i under over dei mest intrikate mønstra, studerer med intense blikk – Mange av desse har nok ikkje same glede som eg ved dei religiøse symbola, og ikkje alle som studerer dette har basis i eigen folketradisjon, men alle opplever vi noko djupt menneskeleg og rikt og mangfaldig ved alt dette.

 I ei lita oppsummering går det opp for meg at eg byrja med å interessere meg for måseegg som var spisse i eine enden for ikkje å trille ned frå hylla, eg gjekk frå utstillinga med ei stor takksemd i meg over all verdas spennande folkekunst.

 Like før vi går, set ein av dei som har arrangert utstillinga seg til flygelet i hjørnet og spelar for oss. Han kan bruke det intrumentet. Og mi oppleving endar med at eg set meg plask ned og nyt musikken. Levande musikk! Det får stå som eit bilete på kor nært og ekte menneskeleg heile denne utstillinga verkar.

 Vel heime kjem tanken: Kunne vi få denne utstillinga til Hamar også? Ho var i Trondheim til byjubiléet der – – –

Legg att ein kommentar