Johanne Louise

Brev til Andreas Viestad!

(Som svar på Dagblad-oppslaget om pottitnasjon )

Det er dei underlegaste idéar folk har når det gjeld det som heiter norsk mat. T.d. las eg i ei bok om krydder at karve var brukt i Russland, men at Sverige og Noreg no i det siste hadde lært å bruke karve frå folka lenger sør. Dette stod svart på kvitt – enda dei fleste vel må vera samde i at pultost er eit gamalt fenomen her i landet, like eins knaost og surkål. Det verkar på meg som om karve som krydder er eit retteleg rot-norsk fenomen. Eg meiner eg har lesi ein stad at vi eksporterte karve i mellomalderen.
Men kvifor tru har ikkje folk i etterkrigsNoreg trudd at norsk mat var unik og spennande – i like stor grad som italiensk, fransk, indisk, koreansk, japansk? For å seia det som det er: Det er presis dei same framgangsmåtane som går att over heile verda. Folk har overalt hatt same utfordring: Lag noko næringsrikt og godt av maten – og klar å ta vare på matvarene slik at dei ikkje blir giftige.
Det siste har t.d. resultert i rakfisk hos oss og gjæra fiskesaus i Asia, gauda i området kring Gouda og gammalost hos oss.
Ikkje alle har same type krydder, det er sant. I utgangspunktet har vi vori bundne av klimaet – det er jo stort sett det som avgjer kva vi kan dyrke her. Men dette har vi jo brukt – så kvifor bli så «hekta» på alt det eksotiske at vi ikkje ser vårt eige?
Min teori om «norsk-mat-komplekset»: Vi har hatt ein del matkriser som har gjort at vår matfantasi har blitt bunden til å klare å få noko ut av – ja, nettopp, pottit. Det vil seia: Krisa for tohundre år sidan vart møtt med bruk av bark og islandslav. Men seinare har poteta vori alfa og omega når ein skulle klare seg gjennom krisene.
Under krigen lærde folk å laga fyrstekake med potet o.s.b. For ikkje å tala om korleis ein skulle trikse med tran for å kunne steikje i det.
Dei som voks opp under krigen, fekk dette som opplæring. Ein del matlagingskunnskap frå generasjonane før kunne dermed forsvinne, for like etter krigen tenkte unge jenter på alt anna enn å pumpe bestemødrer for alt det dei hadde lært om mat og matlaging den gongen dei var unge – – –
No kjem interessa for gamle norske tradisjonar att. Og når eg les matlagingsbøker om handlaget italienske eller austerrikske kvinner har når dei kjevlar, er det ikkje annleis enn å lesa om kvinnene som gjekk frå gard til gard og baka flatbrød – – – Gardens folk sto på pinne for dei, for det var dei som representerte fagkunnskapen. Dei hadde så å seia eit usynleg fagbrev med seg – i og med at bygda visste kva dei var gode for.

Helsing frå ei som er glad i både smør og oljer – og som ikkje ser prinsipiell skilnad på pizza og flatbrød med lapskaus.

Legg att ein kommentar