Johanne Louise

Archive for januar, 2003

Wergeland og Marseillaisen

Det var morosamt å lesa i avisa om Christian Blom som skreiv melodi til «Sønner av Norge». Om ikkje anna må ein seia at han klarte å få til ein melodi som svara til orda «mandig og høytidsfullt tonen la stige – « Sjølv om Ludvig Throndsen som skreiv om dette, hadde noko av den […]

Kommentarar

Natursyn

Der Trondheimsvegen smøyer seg… Ute regner det gule bjørkeblad. Det knistrar i små lydar når blada slepp og daler nedetter. Samstundes rislar det stilt i haustregn. Veit de kva eg trur? Eg trur at når eg kjenner meg glad innvendig ved å oppleva slikt, da er eg i samklang med forfedrer i tusenvis av år […]

Kommentarar

Ein viss regnfull kveld på atelieret

Feilen er at det er januar. Og eg kan absolutt ikkje fordra regn i januar. Det minner meg om drivhuseffekt og hålke, og båe delane er meg ein pest og ein plage – Men lat meg no sjå – skulle det ikkje vera mogleg å dikte om på dette? Eg har nyss lesi litt i […]

Kommentarar

NÃ…R FANTASIEN IKKJE STREKK TIL

Har du nokon gong høyrt følgjande disputt mellom ein vanleg nordmann og ei vanleg norsk kvinne? Kvinna: «Nå må det bli slutt på atomindustrien – slutt på bomber og atomkraftverk – « Mannen: «Jamen, det er da klart det at vi må da forsvare oss. Je ville itte gå mæ på at noen skulle kommå […]

Kommentarar

Austerrike og nazismen

I det siste har bÃ¥de radio og aviser brukt formuleringar som «Ã˜sterrikes manglende oppgjør med fortiden». Det gjeld tida før verdskrigen, det gjeld dei som eigenleg likte at Hitler gløypte Austerrike, det gjeld antisemittisme og nazisme.

Det har også blitt sagt at Austerrike etter krigen gjorde det kunststeget å få det til at dei sjølve var offer for Hitlers ekspansjonspolitikk i staden for å sjå i auga at dei var medskuldige.

Eg trur alle slike problemstillingar blir forenkla og skjematisert når ein ser det på avstand.

Kommentarar

Ingeborg Refling Hagens antinazistiske pedagogikk

Ingeborg Refling Hagen sin anti-nazistiske pedagogikk Da Ingeborg Refling Hagen skulle kjempe mot nazismen laga ho mellom anna fest på henrik wergelands fødselsdag Dersom eg skulle karakterisere Ingeborg Refling Hagen som person, etter 38 års nært kjennskap til vedkomande, ville eg seia at ho var sterk og levande, full av energi og medmenneskeleg varme, ærbødig […]

Kommentarar

Eggutstilling

EGGUTSTILLING Eggutstillinga "1001 egg" er visst vorten noko så nær ei årleg utstilling. I alle høve har eg høyrt om ho fleire gonger no, sjølv om dette er fyrste gongen eg sjølv har kunna sjå ho.  Og for å seia det slik: Det er underleg at eit så skjørt materiale som egg skal kunne gje […]

Kommentarar